FOTO: Christiaan Triebert/Flickr cc

Den dagen IS blir borte

Det er uakseptabelt at norske politikarar ikkje ser ut til å ha ein plan med kva deira bidrag til krigen mot IS vil ha å sei den dagen den felles fienden er nedkjempa.

Før sommaren sa Stortinget ja til å sende norske soldatar inn i Syria. Krigen i Syria og Irak er meir komplisert enn mange tradisjonelle krigar, noko NRK Brennpunkt og Anders Sømme Hammer viser gjennom ein vellaga dokumentar som lukkast i å kome tett på dei krigande partane i dei to landa. Talet på grupper med særs ulik motivasjon, er høgt.

Journalist Sømme Hammer pratar med militsgrupper beståande av kurdarar, sjiamuslimar og sunnimuslimar. Dei fortel om dels motstridande politiske og religiøse mål for landa og områda etter at IS er borte.

Kven som skal styre Mosul etter IS, er dermed i det blå.

I Brennpunkt-dokumentaren viser Sømme Hammer også korleis nordmenn opererer i krigens hjarte – både på eige initiativ og på initiativ frå norske styresmakter. Biletet som malast stemmer godt overeins med verkelegheita på bakken i Syria og Irak der det no er eit lappeteppe av ulike interesser som kjempar mot kvarandre. At Norge går inn og støtter enkelte av desse interessene i ein felles kamp mot IS, verkar både kortsiktig og i strid med viktige prinsipp Norge burde ha for å sende soldatar i krigen.

La oss ta den pågåande og intense kampen om den irakiske byen Mosul som eksempel. Her vil vi få testa kva som skjer dagen IS ikkje lenger utgjer ein trussel og gruppene som kjempa mot terrorgruppa vil rette våpna sine mot kvarandre. Der er sjølvsagt den irakiske hæren blant dei viktigaste bidragsytarane til å kjeppjage IS ut av byen, men hjelpa frå ei rekke militsar og internasjonale aktørar med ulike motiv vil også vere avgjerande.

Eg har all mogleg sympati for desse motiva.

Blant desse har ein eksempelvis dei Iran-støtta sjia-militsane, som har skuldingar mot seg for å ha gjort alvorlege menneskerettsbrot mot sivile sunniar i Irak. Amerikanske styresmakter har uttalt at dei fryktar slike overgrep vil bli gjentatt i framtida. Dei kurdiske gruppene som kjempar om byen vil ikkje tillate at sjiamilitsar får dominere byen etter at IS er borte.

NATO-landet Tyrkia er også involvert i opptrening av sunnimilitsar i kampen mot IS, og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har sagt at det er «out of the question» at tyrkiske troppar skal bli utelatt frå operasjonen i Mosul.

Kven som skal styre Mosul etter IS, er dermed i det blå. Det er lettare å sjå for seg at Abu Bakr Al-Baghdadi blir sett i fengsel enn kven som skal vakte fengselsportane hans.

nyhetsbrevet

Bak tanken om rettferdig krig ligg fleire viktige prinsipp til grunn. Det må vere ein rettferdig årsak til å gå til krig, noko det absolutt er i Syria og Irak med det grufulle regimet til IS. Det er forståeleg og menneskeleg at norske politikarar ønsker å kjempe mot IS. Det handlar kanskje mykje om å vise handlekraft og å angripe dei som gjer terrorangrep på europeisk og amerikansk jord. Eg har all mogleg sympati for desse motiva, men eg trur likevel det ikkje er nok til å rettferdiggjere dei militære bidraga.

Fleirtalet ser ut til å ha vore prega av ein grenselaus naivitet.

I Syria kunne også overgrepa til Bashar al-Assad vore ein rettferdig årsak til å gå til krig. Faktum er at hans regime har stått for fleire sivile dødsfall i den syriske borgarkrigen enn dei fleste andre gruppene til saman, ifølgje Syrian Network for Human Rights. Hans terrorvelde er det få vestlege land som tar til orde for å styrte.

Kanskje er det for komplisert, kanskje er det for usikkert kva som vil skje etterpå og kanskje er det ikkje lurt i det heile tatt. Forskjellen mellom IS og Bashar al-Assad er at vestlege land ser ut til å tenke gjennom konsekvensane ved å bidra militært mot førstnemnte, medan dei ser ut til å neglisjere konsekvensane av å bidra militært mot sistnemnte.

Dei prinsippa det derimot ikkje er like klare svar på i Syria og Irak, er tanken om at ein skal kunne sjå til at bruken av militærmakt vil ha ein målbar effekt på situasjonen – ikkje berre på kort sikt, men også på lang sikt. Det er høgst usikkert at det siste er tilfelle dersom dei Norge no støttar i kampen mot IS vil rette våpna mot kvarandre den dagen IS er nedkjempa.

Kva framtid skal vi gje dei som må vekse opp i Bashar al-Assad sitt terrorvelde?

Stortingsvedtaket om å sende soldatar inn i Syria skjedde etter lukka debatt i forsvars- og utanrikskomiteen. Faktum er uansett at berre Senterpartiet og SV stemte mot. Fleirtalet ser ut til å ha vore prega av ein grenselaus naivitet som vart oppsummert av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide: «Vi har ingen endelig garanti for kva gruppene vi skal være med å trene opp vil gjøre etterpå (…). Gruppene vi trener opp, skal kun kjempe mot IS. De skal ikkje kjempe mot regjeringsstyrkene, og de skal ikkje sette fredsprosessen i fare», sa ho til VG.

Dette sa ho trass i at den syriske regjeringa fordømte Norge for bidraget og at russiske styrkar allereie hadde bomba gruppa Norge skulle trene opp – den såkalla New Syrian Army. Sjølv seier gruppa at Russland og IS er fiendane. Russland kjempar side om side med regjeringshæren i Syria.

11. november gjorde statsminister Erna Solberg greie for det norske bidraget til krigen mot IS, i Stortinget. Ho sa to ting som er veldig interessant i lys av tanken om ein felles fiende i Syria og Irak og kva som vil skje etterpå. Ho sa: «Kampen mot ISIL er en del av en global kamp mot voldelig ekstremisme» og «vi må bidra til å gi syriske barn en framtid».

Men kva framtid er det vi skal gje dei syriske borna viss vi no legg til rette for framtidig kamp mellom ulike grupper som internasjonale aktørar no væpnar til tenna? Kva framtid skal vi gje dei som må vekse opp i Bashar al-Assad sitt terrorvelde?

I så fall er ikkje lenger premissane for rettferdig krig til stades.

Det å ha ein klar felles fiende gjer det lettare å gå til krig, men det er uakseptabelt at norske politikarar ikkje ser ut til å ha ein plan med kva deira bidrag til krigen vil ha å sei den dagen den felles fienden er nedkjempa og alle står att med sine eigne mål.

Kurdarane vil ha sjølvstyre, sjiamilitsane vil ha meir makt i Irak og dei sunnidominerte opprørsgruppene i Syria vil neppe la eit alawittisk regime halde fram med makta. Dermed kan norsk militærstøtte ende opp med å forsterke og forlenge den syriske borgarkrigen og krigshandlingane i Irak. I så fall er ikkje lenger premissane for rettferdig krig til stades.

Å støtte militære grupper i Syria og Irak i kampen mot IS, utan å sjå kva konsekvensar det kan få for syrarane og irakarane etter at IS er borte, kan nesten sjå ut som utanrikspolitisk strutsepolitikk.

 Emil André Erstad er rådgjevar i Tankesmien Agenda og forfattar av «Farvel, Syria».

nyhetsbrevet