FOTO: UNHCR / S. Rich

Definer krise

Å snakke om flyktningkrise i Europa, blir som å snakke om hungernaud når den lokale Rema 1000-butikken er tom for brød. Det er meiningslaust, perspektivlaust og heilt ute av proporsjonar.

Det kan gå inflasjon i ord. Enkelte kraftuttrykk kan brukast så mange gonger på så feil plass, at dei til slutt mister si opphavlege meining. Slik har det vore med ordet krise dei siste månadane. Dersom du googlar ordkombinasjonen flyktningkrise i Europa får du 109 000 treff. Søker du derimot på flyktningkrise i Midtøsten får du 16 500 treff. Metoden kan sikkert diskuterast, men det er i alle fall ein tydeleg indikasjon på at vi er oss sjølv nærast. Men å i det heile tatt snakke om flyktningkrise i Europa, blir som å snakke om hungersnaud når den lokale Rema 1000-butikken er tom for brød. Det er meiningslaust, perspektivlaust og heilt ute av proporsjonar. 95 prosent av dei syriske flyktningane bur i nærområda til Syria.

Eg var sjølv i Libanon og Jordan i fjor haust. Eg såg med eigne auger korleis ei verkeleg flyktningkrise ser ut på bakken.

Emil André Erstad
Emil André Erstad. Foto: Gjermund Øystese

La meg ta dykk med til den libanesiske hovudstaden Beirut. Der stinkar det i mange av gatene, bokstaveleg tala. Det luktar sterkt av alt søppelet som hopar seg opp, og som ingen vil ta ansvar for. Du kan sjå det utanfor husa, langs vegane, på parkeringsplassane og langs elvebreidda. Folk samlar seg i demonstrasjonar for å demonstrere mot dei handlingslamma politikarane som ikkje eingong klarar å handtere søppelet sitt.

Eit fattig folk har fått endå fleire fattige.

Det er ikkje berre lukta frå søppelet som pregar Beirut. Det er ikkje berre dei libanesiske politikarane som er handlingslamma. Viss eg kjenner etter kan ein kjenne eimen av internasjonal handlingslamming. Eg kan også merke ei aukande uro, ei spenning. Folk seier at dei ikkje er nøgde med politikarane sine. Folk rundt meg på gata ser engstelege ut, og militære kontrollpostar er til stades i dei fleste område av byen. Det er ikkje så rart, veka før eg kom til Beirut, vart over 43 menneske drepne og hundrevis skadde i to koordinerte sjølvmordsangrep utførte av IS. Libanesarane eg snakkar med, fryktar det kan kome meir. Dei fryktar konsekvensane av at over ein firedel av dei som har flykta frå Syria, oppheld seg i det vesle landet deira. Det er på storleik med Aust-Agder fylke og husar over 1,4 millionar registrerte syriske flyktningar.

Libanon har ikkje krefter, ressursar eller vilje til å hjelpe alle flyktningane på ein god måte. Den internasjonale handlingslamminga får store konsekvensar for det vesle landet og alle dei syriske flyktningane. Midtaustens Paris er Beirut blitt kalla. Men overalt ser eg syriske flyktningar. Mange sit på gata med ein kopp og eit teppe for å tigge pengar, men endå fleire bur i små leilegheiter eller ledige rom i forstadene til byen. Dei bur i fuktige kjellarar eller på tak. I forlatne bygningar eller uferdige hus. I ein by med millionar menneske er no nesten kvar sjette innbyggar ein syrisk flyktning. Dei fleste syrarane i Libanon bur likevel utanfor hovudstaden. Der er situasjonen endå verre.

Landet har ikkje fysisk plass til fleire flyktningar.

Kor mange flyktningar som oppheld seg i Libanon, er det ingen som veit. Sannsynlegvis er det mange fleire enn det styresmaktene har tal på. Mange flyktningar tør ikkje å registrere seg av frykt for å bli sende tilbake til Syria eller bli arresterte. Dessutan har Libanon sidan mai 2015 lagt ned forbod mot at UNHCR får registrere syriske flyktningar, fordi landet ikkje har plass til fleire. Dei som vart registrert mellom januar og mai 2015 vart avregistrert og strippa for sine rettar som flyktningar. Tilstrøyminga blir omtala som den største befolkningsveksten nokon stad, nokon gong i nyare historie. Libanon er eit land på randa av kollaps. I Libanon kan dei snakke om flyktningkrise utan å ta for store ord i munnen.

Amagasin_mandag_hvit 3

Eg ser born som er nøydde til å bu på gata med foreldra sine, born som går rundt for å tigge pengar frå forbipasserande for å brødfø familien sin, og born som er nøydde til å jobbe heller enn å gå på skule. Dei er ikkje mykje store før dei må ut i arbeidslivet. Foreldra får ikkje jobbe, så borna må finne kreative måtar å sikre levebrødet på. Finn politiet ut at dei likevel jobbar, kan det føre til fengsling eller utvising. Dei syriske flyktningane må leve på kanten fordi dei færraste av dei får arbeids- eller opphaldsløyve.

Eg spør mange libanesarar om krisa, og uansett kven eg snakkar med er det ingen tvil om svaret: Flyktningkrisa har forvandla Libanon til det verre. Ein skjør stat er blitt endå skjørare, eit ustabilt land er ytterlegare destabilisert. Eit fattig folk har fått endå fleire fattige. I eit samfunn utan tillit har folk blitt endå meir mistenksame mot kvarandre. I den grad ordet kapasitet kan brukast i eit land som Libanon, er det i alle fall ingen tvil om at kapasiteten for lengst er sprengd.

Landet har ikkje fysisk plass til fleire flyktningar. Det er innført forbod mot å ta med seg telt dit, fordi styresmaktene fryktar teltleirar. Dei færraste flyktningane bur i leirar. Endå verre er det likevel at flyktningane ikkje lenger orkar å leve slik. Å leve under fattigdomsgrensa og med konstante menneskerettsbrot i eit veldig lite land slit ikkje berre på psyken, økonomien, levebrødet og helsa. Aller verst går det ut over fram- tidshåpet – og kven veit kva som skjer når det tar slutt?

For det er der den verkelege flyktningkrisa er, ikkje her.

Det stinkar i Beirut. Det luktar ikkje så mykje betre i Amman eller Ankara. Likevel er det desse styresmaktene, desse landa og desse folka vi i Europa lar ta den store byrden medan vi snakkar om flyktningkrise i våre eigne land.

Kvifor skriv eg dette? Fordi ord betyr noko. Ord set rammer for debatten. Dei er eigna til å skape frykt, ei frykt få leiande politikarar i Europa ser ut til å ville sløkke. Når vi brukar ordet flyktningkrise om dei relativt beskjedne (samanlikna med talet på flyktningar i Midtausten) tala på flyktningar i Europa, mister ordet sin kraft. Eg seier ikkje at Europa ikkje står overfor store utfordringar knytt til alle flyktningane som kjem hit, for det gjer Europa beviseleg.

Likevel ser mange ut til å gløyme at utfordringane er relativt små samanlikna med det landa nær Europas yttergrenser strevar med. Kva ord skal vi då bruke om situasjonen i Beirut? Supergigaflyktningkrise? For det er der den verkelege flyktningkrisa er, ikkje her. Og kanskje er det det verste med å bruke ordet flyktningkrise om det som skjer i Europa, at vi på den måten sidestiller det som skjer i nærområda til Syria med det som skjer i Europa.

Kva som skjer viss Tyrkia, Libanon og Jordan ikkje klarar meir og kollapsar under presset av alle flyktningane, tør dei færraste av oss å tenke på. Men vi bør kanskje spare ordet flyktningkrise i Europa til det blir naudsynt?

Emil André Erstad er forfattar av boka “Farvel Syria. Om eit folk på flukt”, som kjem i april.

AMagasin_mandag 2