FOTO: Gjermund Øystese

Krigen flyktningane tapar

Eg har snakka med syrarar som elskar landet sitt slik eg elskar mitt. Dei kunne ikkje tenke seg ein vakrare stad på jord enn Syria.

Kvifor har eg skrive boka Farvel, Syria. Om eit folk på flukt? Det er det spørsmålet eg har fått flest gonger sidan eg sette i gong prosjektet i desember 2014.

Mange har vore oppriktig nysgjerrige og lurt på kva boka handlar om og kva eg vil med den. Andre igjen, har lagt trykk på kvifor eg – ein ung broiler av ein politikarjypling frå Radøy – har gått i gang med eit slikt stort og tungt prosjekt. Innforstått: Kva kunnskap, erfaring eller livsvisdom har ein 24-årig ungdomspolitikar som meg til å gjere noko slikt? Få har sagt det rett ut, men det har stadig vaka under overflata.

Då eg byrja med dette prosjektet sat eg med mange av dei same spørsmåla som alle andre. Og – vil eg hevde – kanskje er det det beste utgangspunktet for å skrive denne boka.

Kva har flyktningane i bagasjen?

Då er for litt under halvanna år sidan tok kontakt med Samlaget sa eg at eg var villig til å skrive denne boka, og det hadde sin bakgrunn i ein djup frustrasjon over at for få engasjerte seg for flyktningane. I media stod det mindre enn det den verste flyktningkrisa sidan 2. verdskrigen skulle tilsei og politikarane forstod ikkje alvoret.

Sjølv hadde eg vakna etter å ha høyrt Jan Egeland snakke om alvoret, men også gode Pål Nesse i Flyktninghjelpen. Det var spesielt Pål som fekk meg til å forstå dimensjonane i flyktningkrisa, og at dette berre kom til å bli verre. Nokon måtte gjere noko. Fleire måtte engasjere seg for å forstå lidingane, tapa av menneskeliv, den grusomme situasjonen i nærområda og all den andre elendigheita.

flyktning II Foto Gjermund Øystese
Då eg i november i fjor fekk reise til Libanon og Jordan for å snakke med flyktningar og folk på bakken der, utvida det horisonten min endå meir, skriv Emil André Erstad. Foto: Gjermund Øystese.

 

Etter å ha jobba med boka det siste halvanna året, etter å ha reist til nærområda, etter å ha snakka i time etter time med dei mest sårbare flyktningane, vil eg likevel sei at eg har fått ein viss peiling på kva eg snakkar om.

Derfor vil eg sei at det eg gjekk i gong med var meir eit folkeopplysningsprosjekt enn eit politisk prosjekt. I boka prøvar eg å gje svar på viktige spørsmål: Korleis bør vi hjelpe dei? Kva har flyktningane i bagasjen? Korleis er eigentleg situasjonen i nærområda? Kva er eigentleg forskjellen på ein kvoteflyktning og ein asylsøkar? Kva tenker du på, når du som flyktning tar med deg borna dine i ein båt over Middelhavet? Korleis er det å overleve tortur i eit syrisk fengsel for deretter å leve som flyktning i nabolandet strippa for menneskerettar?

Dei kunne ikkje tenke seg ein vakrare stad på jord enn Syria.

Det at eg sjølv sat med fleire spørsmål enn svar har nok gjort at boka er lett å lese for dei fleste – det er ei bok for mannen i gata, like mykje som det er ei bok for politikarar som ønsker å forandre norsk flyktningpolitikk. Målet er at flest mogleg av oss skal bli engasjert, opplyst og gripe. Ikkje av føleri, men av verkelegheita.

Mest tid har eg brukt på å leite fram, snakke med og intervjue syriske flyktningar som har kome til Norge. Det er også desse flyktningane – hovudsakleg dei mest sårbare kvoteflyktningane – eg fortel historiene til i boka. Det har vore utruleg interessant, tidkrevjande og lærerikt. Det har vore sterke møter med mykje tårer, men også fine stunder der eg har fått le og mimre tilbake til eit Syria som ikkje lenger fins.

Amagasin_mandag_hvit 3

Syrarane flyktar frå ein krig som har øydelagt heimlandet deira fullstendig. Det er ikkje berre bustadene, skulane og sjukehusa som er sprengde i grus. Like mykje er draumane deira for framtida pulveriserte av tønnebomber og artillerield. Eg har snakka med syrarar som elskar landet sitt slik eg elskar mitt. Dei kunne ikkje tenke seg ein vakrare stad på jord enn Syria. For mange sat det svært langt inne å forlate heimlandet, eit land mange av dei aldri kan vende tilbake til. Eit land herja av ein krig ingen av dei krigande partane ser ut til å vinne, men som heller ingen ser ut til å tape.

Det er inga underdriving å slå fast at situasjonen i Syria er kompleks.

foto gjermund øystese
Kva tenker du på når du som flyktning tar med deg borna dine i ein båt over Middelhavet? Foto: Gjermund Øystese

Ingen andre enn dei sivile syrarane som er att inne i Syria, klemde inne mellom krutrøyken frå dei som steller i stand all valden. For kvar månad krigen herjar vidare, veit dei som har fått ein trygg heim i eit anna land, at sjansen for å vende tilbake blir stadig mindre. Verken såra dei får eller blodet som renn i gatene, lækjer seg eller stilnar av seg sjølv.

Likevel held konfliktane fram for dei som med våpen i hendene kjempar om Syrias framtid. Etter opprøret mot president Bashar al-Assad, som starta våren 2011, har den væpna opptrappinga fleire gonger skifta fasong. Nye aktørar har kome inn, medan gamle aktørar har mista terreng. Aktørane spenner frå religiøse til politiske, frå lokale til internasjonale. Tidleg vart Den frie syriske hæren (Free Syrian Army, FSA) ei av dei sentrale rørslene mot det syriske regimet. Det er ei samanslutning av militære motstandsgrupper som søker å styrte regimet i Syria. FSA blir rekna som den militære delen av den syriske opposisjonen, med ei forholdsvis sekulær plattform og delvise mål om å innføre demokrati i Syria.

I byrjinga av 2012 mista den syriske regjeringshæren kontroll over store område og fleire byar, og sommaren same år lukkast opprørarar i å ta kontroll over fleire grensepostar mot Tyrkia og Irak. Slik vart det lettare for dei ulike opprørsgruppene å få personell, materiell og våpen inn i Syria. I 2013-2014 fekk ytterleggåande jihadistiske grupper aukande oppslutnad, mellom anna Den islamske staten (IS), som tok kontroll over område nord og aust i Syria. Også andre ytterleggåande grupper, som den jihadistiske Nusrafronten, gjorde seg meir gjeldande ved at det vart kampar mellom dei og opprørsgrupper knytte til FSA.

Alle snakkar om å hjelpe i nærområda.

Alliansane som dei ulike aktørane har utanfor Syria, er relevante for å forstå kvifor krigen i Syria vart så viktig for verda. Regimet til Bashar al-Assad tilhøyrer ei sekt under sjiaislam som blir kalla alawittar. Desse er i mindretal i Syria og har sterke band til det sjiamuslimske prestestyret i Iran og til Hizbollah i Libanon. Også Russland har sterke band til det syriske regimet, noko som førte til at krigen i Syria vart ein arena for konflikt mellom russarane og amerikanarane, då Russland gjekk militært inn i kampen mot IS. NATO er også indirekte ein part i krigen gjennom å vere forplikta til å beskytte medlemslandet Tyrkia, som har ei lang og porøs grense mot Syria.

Det er inga underdriving å slå fast at situasjonen i Syria er kompleks, og ein rask analyse peikar mot to viktige punkt. Det første er at krigen i Syria har potensial til å halde på i årevis, og at det sjølv etter ein eventuell fredsavtale vil vere vanskeleg for mange syrarar å returnere til landet på grunn av alle spenningane mellom folk. For det andre ser vi at det aller meste som kan gjerast for flyktningane, gjerast i nærområda til Syria. Det er komplett urealistisk å tru at ein kan hente ut millionar av flyktningar frå eit konfliktområde for å busette dei i land og framande kulturar langt borte.

Derfor er det ikkje berre innvandringsskeptikarar som snakkar om å hjelpe i nærområda. Alle snakkar om å hjelpe i nærområda. Grunnen er ganske enkelt at det er fornuftig å hjelpe flest mogleg folk der dei er, nærast mogleg staden dei har flykta frå. Harde fakta, som at det er dyrare og mindre effektivt å ta flyktningar til eit land langt borte frå der dei kjem frå, støttar ei slik tilnærming.

For mange sat det svært langt inne å forlate heimlandet. Foto: Gjermund Øystese.

Då eg i november i fjor fekk reise til Libanon og Jordan for å snakke med flyktningar og folk på bakken der, utvida det horisonten min endå meir. Mest av alt sat eg att med ei kjensle av dobbelheit: For medan styresmaktene i eksempelvis Jordan sørger for at jordanske lærarar jobbar doble skift for å hjelpe dei syriske flyktningborna, vert dei syriske flyktningane likevel kvar einaste dag utsett for grunnleggande menneskerettsbrot i dei same landa.

Etter som talet på flyktningar auka i 2015, vart debatten polarisert.

Men korleis kan vi som bur her oppe i Norge kritisere land som har tatt ansvaret for millionar av flyktningar, for menneskerettsbrot – når ikkje vi tar eit større ansvar sjølv? Eg har kome fram til at eg trur vi må det, likevel. Situasjonen flyktningane lever under i nærområda er i mange tilfelle uhaldbar: I Tyrkia står ein halv million syriske flyktningbarn utan skulegang, i Libanon får ikkje flyktningane arbeidstillating og i Jordan vert tusenvis av syrarar halde i eit ingenmannsland ute i ørkenen i eit forsøk på å hindre syrarar innreise i landet.

Sjølv om syrarane har flukta frå eit inferno som er mange gonger verre inne i Syria, så betyr det ikkje at nabolanda kan halde på slik dei vil.

Det er ein stor og viktig forskjell mellom dei som hevdar at ein kan hjelpe flest flyktningar mest effektivt ved å auke innsatsen i nærområda, og dei som meiner at det å hjelpe flyktningane i nærområda er den einaste måten vi kan bidra. Etter som talet på flyktningar auka i 2015, vart debatten polarisert: Er du hjartegod og open som vil hjelpe flest mogleg her, eller er du kjølig og effektiv som berre reknar på kor mykje det kostar å hjelpe ein flyktning generelt? Debatten vart så overforenkla, tabloid og unyansert at det fekk nokre heller absurde utslag.

Du er eit paradisland, sjølv om det er eit helvete.

flyktning V gjermund øystese
Syrarane flyktar frå ein krig som har øydelagt heimlandet deira fullstendig. Foto: Gjermund Øystese.

Eit eksempel er då Flyktninghjelpen bad norske styresmakter om ein milliard kroner ekstra slik at ein kunne hjelpe «om lag en million flere flyktninger, krigsofre og internt fordrevne». Regjeringspartiet FrP gjorde dette til eitt av sine fremste valkamppoeng ved å seie at «mens de andre partiene vil bruke milliarder på å ta 8000 syrere til Norge, vil vi heller bruke en milliard i og rundt Syria – slik at vi kan hjelpe en million syrere».

Dei sa sjølv at dei fekk tala sine frå Flyktninghjelpen og FNs høgkommissær for flyktningar, og bygde med det høgt tru- verde for argumentasjonen sin. Dette var noko av grunnlaget FrP hadde då partiet i kommunevalkam-pen 2015 gjekk ut, ved partileiar og finansminister Siv Jensen, og oppmoda kommunane om å seie nei til å ta imot fleire flyktningar.

Argumentasjonen høyrdest jo forlokkande ut på mange. Sjå, vi kan hjelpe mange fleire i nærområda enn viss vi tar dei hit. Ein kunne likevel mistenke at FrP og hjelpeorganisasjonane ikkje hadde same interesser. Slik var det også. For ingen av hjelpeorganisasjonane eller UNCHR bad den norske regjeringa om å velje mellom humanitær bistand og mottak av kvoteflyktningar. Dei bad om begge delar – slik dei bad om frå alle regjeringar i verda.

Det er ein kjend syrisk song med ein tekst som er omtrent slik på norsk: «Landet er eit paradis, mitt kjære land, mitt kjære land, du er eit paradisland, sjølv om det er eit helvete, så er landet mitt eit paradis.»

I det store kan eg seie at boka handlar om det å sei farvel med eit heimland som dei fleste syrarar er så hjarteleg glade i – og som dei elskar.

 

Emil André Erstad er forfattar av boka “Farvel, Syria. Om eit folk på flukt”

AMagasin_mandag 2