FOTO: Canva

Dei som svekkjer demokratia

Trump-regimet kan gir oss fleire unntakssonar utan skatt og demokrati. Vi bør lære frå ei lita øy i Mellom-Amerika.

«Tenk om verda var en ballong som vi æille bodde på. Og ingen folk var fattig, ingen rike. (…) Da ville jorda vøri himmelrike». Det syng Maj Britt Andersen i sin nydelege barnesong, ballongvisa. Ho syng at ingen kan seie «halvparten er min. No stikk je høl i ballongdelen din». Alle må ta vare på ballongen for å overleve og ha det bra.

Den songen har kome til meg den siste tida, mens eg har lest på boka Crack up capitalism av Quinn Slobodian. Boka kom ut for nokon år sidan, og Slobodian skriv om delar av ytre høgres prosjekt med å stikke hol på demokratia rundt om i verda, både for å sleppe skatt og for å sleppe forstyrrande lover og reglar.

Fleire av dei superrike har det felles at dei drøymer seg bort og vekk frå resten av samfunnet.

Verdas rikaste blir stadig rikare, og veksten på toppen skjer rekordfort. Elon Musk, verdas rikaste mann, auka si formue med svimlande 45 prosent i 2025. Fleire av dei superrike har det felles at dei drøymer seg bort og vekk frå resten av samfunnet – til isolerte øyer, til eigne økonomiske soner – eller til verdsrommet.

Verda er ikkje ein ballong. Demokrati i dag treng ikkje å bety demokrati i morgon. Derimot er det fullt mogleg for dei som vil det å gå inn i eksisterande demokrati og lage sprekker i det, der ein har andre reglar, for skatt eller anna lovgiving, utan innblanding frå vanlege folk. Slike soner kan ta ulike former. Det kan vere tax free-avdelingar på flyplassar, skatteparadis eller spesielle økonomiske soner. Verda har over 5000 unntakssoner, der det er tilrettelagt for lågare skattar og mindre regulering på denne måten.

Lokalbefolkninga som eigentleg hadde budd der Próspera ligg, hadde blitt pressa vekk, og no var området i staden bebudd av tek-gründerar og andre rike menneske som ville sleppe skatt.

I fjor på denne tida besøkte eg ei slik sone, øya Roatán i Honduras. Her var det lysegrønne palmer, nydelege korellrev og ein heilt eigen lågskattesone i eit område som er unntatt demokratiske spelereglar, med namnet Próspera. Bak står investorar frå Trumps miljø, som Peter Thiel og Sam Altman. Honduras har fleire soner som dette, innført av ytre høgre-president Juan Orlando Hernández i 2013. Sonene blei gitt eit løfte om 50 år utan innblanding i lover eller skattespørsmål. Hernández sjølv har nyleg kome tilbake til avisoverskriftene, etter at han blei lauslatt frå amerikansk fengsel av Trump, sjølv om han eigentleg var dømt til 45 års fengsel for narkotikahandel og våpenlovbrot.

Lokalbefolkninga som eigentleg hadde budd der Próspera ligg, hadde blitt pressa vekk, og no var området i staden bebudd av tek-gründerar og andre rike menneske som ville sleppe skatt. Då vi flaug inn frå Houston, var mange av passasjerane rike indarar som skulle i eit storslått bryllaup. I Próspera kunne turistar eksprimentere med biohacking og setje implantat inn i kroppen utan at noko helsetilsyn blandar seg inn. Barnebarnet til høgresideideologen Milton Friedman har visstnok reist dit for å operere ein Tesla-nykkel inn i arma si.

I nabobyen besøkte vi lokalbefolkninga, som levde eit langt enklare liv. Dei ville berre leve vidare uforstyrra som dei var vant til, men ein del hadde blitt pressa bort frå heimane sine. Fleire av motstandarane mot lågskattesona måtte flykte til USA, for dei hadde blitt trua på livet.

Fleire investorar med bakgrunn frå Silicon Valley har argumentert for at Grønland kan bli ein såkalla fridomsby, utan særleg med statlege reguleringar, verken rundt skatt, miljø eller arbeidstakarrettar.

Kontrastane var altså store. Og i januar i fjor var det fortsatt ope korleis denne usemja skulle ende.

Lenge såg det ut som om lokalbefolkninga kunne vinne ein viktig siger mot ytre høgres særskilte prosjekt. Venstresidepresidenten hadde gått til kamp mot desse spesielle økonomiske sonene og prøvd å stenge dei ned, for å få sonene inn under vanleg demokratisk kontroll igjen. Utfordringa då var at Honduras då blei saksøkt for over 11 milliardar dollar – tilsvarande om lag to tredelar av statsbudsjettet til Honduras.

I haust var det val. Venstresida stod svakt i opinionen, og slaget stod mellom sentrumskandidaten og ytre høgre. Trump trua med å kutte massivt i bistand om sentrumskandidaten, som låg godt an på målingane, vann.  Det blei mykje krøll med stemmeteljing, men etter lang tid blei det klart at høgresida vann. Trump og hans allierte kan vere nøgde med det. Próspera og dei andre spesielle økonomiske sonene i Honduras fortsetje som før.

Vi er langt unna Maj Britt Andersens visjon i ballongvisa.

No blir det planlagt fleire spesielle økonomiske soner rundt om kring i verda. I valkampen før han blei president for andre gong, lanserte Trump ein ambisjon om å få på plass ti nye «freedom cities» i USA. I fredsavtalen for Gaza låg det inne eit punkt om å lage ein spesiell økonomisk sone. Fleire investorar med bakgrunn frå Silicon Valley har argumentert for at Grønland kan bli ein såkalla fridomsby, utan særleg med statlege reguleringar, verken rundt skatt, miljø eller arbeidstakarrettar.

Internasjonal politikk i 2026 er til å miste pusten av. Vi er langt unna Maj Britt Andersens visjon i ballongvisa. Men vi treng ikkje gi opp av den grunn. Men dette er tida for å følgje med. Å unngå opprettinga av fleire spesielle økonomiske soner bør vere eit mål for alle som vil redde demokratiet. Historia frå Honduras kan lære oss at det er ein veg vi ikkje bør gå.

Nyhetsbrev Agenda Magasin