penger, skatteparadis, kart
FOTO: Christine Roy/Unsplash

Når verdas supermakt er eit skatteparadis

Kampen mot kvitvasking og skattesnusk blir langt vanskelegare når det ikkje lenger er karibiske øystatar, men USA som har segla opp som verdas fremste skatteparadis.

Internasjonalt press frå større statar har det siste tiåret ført til at ei rekkje av dei små skatteparadis-øyene har innført strengare regler. OECD sine Common Reporting Standards pliktar no over 100 land til automatisk å dele relevant informasjon med skattemyndigheiter i andre land. Sjølv Caymanøyene er med på dette.

Nye antikvitvaskingsreglar pliktar bankar, eigedomsmeklarar og andre aktørar til å undersøkje identiteten til dei som står bak føretaka dei har som kundar. Slike innstrammingar har gjort mange «gamle» skatteparadis mindre attraktive for dei som vil skjule pengar. (Dei er framleis populære hjå store internasjonale føretak som vil minimere skatt.)

Den viktigaste aktøren er ikkje å finne på slike svartelister, fordi få har våga å sette den der.

Kvar er det no dei skjulte pengane tar vegen? Berre ei knippe land er å finne på EU si «svarteliste» over skatteparadis, eller «non-cooperative jurisdicitons». Desse landa, mellom anna Guam og Fiji, tilbyr framleis hemmeleghald, men er relativt små aktørar i den globale skatteparadismarknaden. Den viktigaste aktøren er ikkje å finne på slike lister, fordi få har våga å sette den der.

I seinare år har nemleg USA segla opp som eit av verdas største skatteparadis, og ligg no på andreplass i Financial Secrecy Index. Medan enkelte amerikanske delstatar i over hundre år har fungert som skatteparadis for amerikanske borgarar og føretak, så har ikkje desse «innanlandske» skatteparadisa tradisjonelt trekt til seg særleg mykje utanlandske pengestrøymer som søkjer hemmeleghald og skattefritak. Dette har endra seg dramatisk dei siste tiåra. Som Oliver Bullough skriv i boka Pengeland, har USA sin framvekst som verdas fremste skatteparadis for hemmeleghald skjedd samstundes som press frå USA har ført til regelinnstrammingar i dei «klassiske» skatteparadisa. USA har med andre ord rydda mykje av konkurransen av banen.

Eit av skatteparadisa som figurerer sentralt i Pandora Papers er Sør-Dakota, som sidan 1983 har spesialisert seg på å tilby ein særskild form for trustselskap, «perpetual trusts». Truster er juridiske instrumenter som frikoplar det formelle eigarskapet til ein formue frå dei som har rett til å bruke den. Eigarskapet til pengane eller eigedomane blir overført til ein trust, som blir forvalta av ein «settlor», vanlegvis ein advokat. Den opphavelege eigaren skal ikkje lenger ha formell kontroll over formuen som er overført, det er det no ein «settlor» som har.

Det blir umogleg for skattemyndigheiter, rettsapparat eller kreditorar å få tak i desse pengane om den opphavelege eigaren skulle få krav mot seg. Verdiane, som no er uangripelige, treng ikkje ligge ubrukt i trusten, men trustavtalen nemner gjerne ei rekkje «beneficiaries» som kan bruke pengane, ofte nære familiemedlemmar.

Sør-Dakota tilbyr ein form for trust som er endå mindre regulert enn dei trustene du finn på Jersey eller i Karibia.

På grunn av desse eigenskapane er truster ulovlege i mange land, men har vore ein viktig del av det skatteparadis har å tilby av tenester til klientar frå andre land, i tillegg til anonyme skallselskap. Sør-Dakota tilbyr ein form for trust som er endå mindre regulert enn dei trustene du finn på Jersey eller i Karibia. Tradisjonelt har trustar ei bestemt varigheit og blir oppløyst etter ei viss tid. «Perpetual trust» er nettopp evigvarande, og kan beskytte ein formue mot mellom anna arveavgift i generasjon etter generasjon. I tillegg er det i Sør-Dakota lov at den som er ført opp som «settlor» og den som er ført opp som «beneficiary» kan vere ein og same person. Og medan innhaldet i avtalane som regulerer dei enkelte truster er hemmelege i dei fleste skatteparadis, er det gjerne offentleg registrert kven som har etablert trusten. I Sør-Dakota er sjølv denne informasjonen «juridisk forsegla».

Pandora Papers synte kor populær Sør-Dakota har blitt, og nyttast av alt frå kinesiske milliardærar til russiske oligarkar. For ti år sidan var det om lag 57 milliardar dollar haldt i truster i Sør-Dakota, i 2020 var det talet 360 milliardar dollar. Og dette er framleis berre ein tredjedel av den trustformuen som er skjult i amerikanske skatteparadis.

Då President Biden vann valet, gjorde han eit nummer ut at kampen mot korrupsjon og kvitvasking skulle bli ein viktig del av hans utanrikspolitikk, som skulle bli ein «utanrikspolitikk for middelklassen». Men USA har endå ikkje akseptert OECD sine reglar som krev at ein må dele informasjon med skattemyndigheiter i andre land. Pandora Papers var ein lekkasje frå 14 ulike «corporate service providers», føretak som opprettar t.d. skallselskap og trustar på vegne av klientar. Denne typen føretak er ikkje underlagt same antikvitvaskingsreglar som bankar og eigedomsmeklarar. Pandora Papers syner derimot kor sentrale denne typen føretak er i skatteparadisindustrien.

Førebels er det lite som tyder på Biden-administrasjon skal gjere noko med skatteparadisindustrien i USA.

Førebels er det lite som tyder på Biden-administrasjon skal gjere noko med skatteparadisindustrien i USA, trass i tvitring om at det er på tide at dei rike «pay their fair share». Mange av dei aktuelle lovene er vedtatt på delstatsnivå. Og der ser vi liknande dynamikkar som i fattigare øystatar – desse lugubre finansielle tenestene blir ei svært viktig inntektskjelde for elles fattige lokale økonomiar. Washington Post, som er eit av mediehusa som deltek i Pandora Papers, har synt korleis skatteparadisverksemd no er ein «booming industry» i fleire delstatar.

På føderalt nivå er det få lovforslag frå det kvite hus på dette feltet. Håpet kjem kanskje frå kongressen, der ei knippe representantar frå begge parti no har foreslått The ENABLERS Act, som har potensiale til å bli den største innstramminga i amerikanske anti-kvitvaskingsreglar sidan 11. september. Men utan støtte frå Biden er det lite sannsynleg at forslaget vil få fleirtal.

Fordi USA nettopp er ei stormakt, er det lite andre land kan bruke av tradisjonelle pressmiddel, som svartelister eller sanksjonar. Skal USA endre seg, så må det kome innanifrå.