FOTO: Gorm Kallestad/NTB

Det dyrebare demokratiet

Ulikheit er ikkje berre eit spørsmål om sosial rettferd. Det handlar også om demokratiets framtid.

Til hausten er det val igjen. Mange valdagar har eg stått utanfor eit eller anna vallokale på valdagen og delt ut vallister. Det er ikkje lov å drive aktiv valkamp denne dagen, men det er lov å stå utanfor eit vallokale med partilogo på jakka og dele ut listene til partiet sitt.

Der står representantar frå heile partifloraen og snakkar laust om sommarferien, musikkinteresser eller vêret (oftast om det siste). Ein deler kanskje på ei eske pastillar, eller nokon har med kaffi. Det er noko bra med at tøffe og intense valkampar blir avslutta med dette litt usannsynlege fellesskapet.

Demokrati kan også døy langsamt

Det finaste med valdagen er likevel å sjå alle som kjem for å stemme. Ofte er det sånn at dei med mest pengar også blir lytta mest til i politikken. Men denne dagen tel alle stemmer i eit valdistrikt like mykje. Stemma til ein 18-åring frå Furuset tel like mykje som stemma til ein 60-åring frå Frogner.

Stemmesetlane avgjer mykje. Stemmesetlar flyttar makt.

Men det er ikkje gitt at det alltid vil vere sånn. Ukrainakrigen har vist oss kor fort ein samfunnsorden kan snu. Både demokrati og kultur for å kunne ta ein hyggeleg småprat med politiske motstandarar er noko vi kan miste om vi ikkje tar vare på det.

For no er demokratia på veg tilbake. Talet på autoritære regime i verda aukar stadig. For ei stund tilbake kom organisasjonen Civicus med ein rapport som dokumenterte at handlingsrommet for sivilsamfunnet i verda blei stadig mindre i 2022. Det er alvorleg, for sivilsamfunnet er på mange måtar den siste skansen når demokratiet blir utfordra. For autoritære leiarar er det ofte enklare å svekke demokratiske institusjonar enn å få sivilsamfunnet til å tie stille.

Det skumlaste med den galopperande ulikheita i verda er koplinga til skatteparadis.

Her i landet står dei demokratiske institusjonane og den demokratiske kulturen solid, men over heile verda bør no vener av demokratiet sjå på kva som utfordrar det i andre land, og ta grep for å sikre det. Demokratiet møter ei rekke truslar. Alle bør bli studert og møtt med mottiltak.

Tidlegare stortingsrepresentant for Ap, Jette Christensen, ga nyleg ut eit notat på Civita om utfordringar for demokratiet, som er eit viktig birag til den debatten. Ein annan trussel mot demokratiet, som Christensen ikkje skriv så mykje om i sitt notat, er vaksande økonomiske forskjellar og skatteparadis. Pengar genererer makt, også i demokrati.

Dei siste åra har vi sett ei kraftig vekst i ulikheit globalt. Det rikaste mindretalet har tatt det aller meste av den globale veksten dei siste åra. Det gir ekstra fart til ei utvikling som utfordrar våre institusjonar, gjennom meir ustabilitet, uro og polarisering.

FN skreiv om dette i ein rapport som kom i 2020. Der viser dei til korleis løysingar som kunne demme opp for denne ustabiliteten, nemleg meir velferd og omfordeling, i mange land blir blokkert av økonomiske elitar, som føler seg trua av desse politiske endringane og bruker store ressursar på lobbyverksemd for å stoppe dei.

Teknologigigantane speler også ei rolle her. Dei har blitt finanskolossar, med store lobbyapparat, og dei har ein tendens til å flytte pengane sine til lågskatteland. Det blir i praksis som ein mektig stemmesetel bort frå stabile velferdsstatar med omfordelande skattesystem.

Stortinget må følge med i timen

Eg synst likevel det skumlaste med den galopperande ulikheita i verda er koplinga dette har til skatteparadis. Dei er nyttige verkty for autoritære leiarar verda over som vil bruke mange verkty for å bli ved makta. I skatteparadisa kan dei bygge seg opp formuar og finansiere ulike ugreie tiltak i det skjulte. Dette er er eit av svara på korleis Putin har styrt Russland inn i dagens vanskelege situasjon og krig mot Ukraina. Han og oligarkane rundt han har brukt skatteparadis til å finansiere falske nyheiter, svekke demokratiske organ og til å unngå vestlege økonomiske sanksjonar.

Om ein ser på formuen til den rikaste promillen i Russland, har ein dokumentert at om lag halvparten av deira verdiar plassert i skatteparadis, i følgje forsking ved NMBU. Sannsynlegvis er snakk om enno meir, fordi for eksempel investeringar i luksuseigendelar kjem på toppen.

Stortinget må følge med i timen her. Dei kan for eksempel starte med å sjå på boka «Skjult», som blei gitt ut av den vesle, men dyktige organisasjonen Tax Justice Norge om dette tidlegare i år. Eller dei kan følgje med på forskinga som kjem frå det nye forskingssenteret Skatteforsk ved NMBU, som skal sjå på nettopp skatt og pengestraumar på tvers av land, og korleis dette påverkar samfunnet.

Det er langt frå småpraten utanfor eit vallokale på Tveita til Putins oligarkregime, heldigvis. Men vi lev i ei tid som krev at vi følger med og tilpassar politikken til nye tider for å bevare viktige institusjonar. Noko av det som gir grunnlag for auka polarisering og svakare demokratisk kultur er nettopp ulikheit. Ting skjer fort no, i flyttingar av pengestraumar, utvikling av ny teknologi og framvekst av autoritære regime.

Demokratiet i Noreg står heldigvis sterkt, men det kan ikkje bli tatt for gitt. Demokrati kan også døy langsamt. Skal vi ta vare på demokratiet på lang sikt må vi sikre at vi ikkje får økonomiske system som svekkar skattegrunnlaget og lar økonomiske forskjellar vakse seg så store at dei blir ein trussel for demokratiet.

Teksten vart også publisert i Dagsavisen 17. april.