FOTO: Igor Omilaev/Unsplash

Ein rå kamp om helsedata, pengar, liv og død

Donald Trumps globale helsepolitikk minner litt om ein dårleg skrekkfilm.

Akkurat no skjer det mykje i global helsepolitikk som er verdt å følgje med på. Amerikanske bistandskutt fører til at liv går tapt som ikkje hadde trengt å gå tapt.

Zimbabwe har til no valt å stå opp mot det amerikanske presset.

Ein studie viser at desse kutta åleine vil kunne føre til 14 millionar dødsfall før 2030.

Det stoppar ikkje der. All pengestønad til prevensjon og helsehjelp etter abort, er kutta frå landet. Hausten i fjor kom dei med ein ny strategi for global helse, som gjer liv og død i mange av verdens land til eit forhandlingskort. Helseavtalar med fleire afrikanske land har blitt inngått under føresetnad at USA skulle få tilgang på kritiske mineralar.

I avtalane med Etiopia og Madagaskar måtte dei love å sende USA data om virus, bakteriar og innbyggaranes helse i 25 år. Det gjer amerikanske legemiddelselskap eit eksklusivt utgangspunkt til å selje medisin til høge prisar tilbake til folk i Etiopia og Madagaskar.

Zimbabwe har til no valt å stå opp mot det amerikanske presset. President Emmerson Mnangagwa meinte utkastet til avtale var ein trussel mot Zimbabwe som sjølvstendig land, og innblanding i landets etterretning.

Dei afrikanske statsleiarane blir sett i ein umogleg situasjon.

Det er modig, men det er også risikabelt og farleg. Dette er eit av landa som har flest HIV-positive i verda. 1,2 millionar av innbyggarane er i dag avhengige av amerikanske HIV-medisinar.