Debatten om kjønnsforskjellar i utdanningsprestasjonar treng nyansering, ikkje forutsigbar skyttargravskrig.
I ein lengre artikkel i Prosa, seinare publisert også i Aftenposten, kritiserer Anki Gerhardsen Agenda Magasin for å vere kjedeleg og forutsigbar.
Eit av eksempla hennar er debatten om gutar som skuletaparar. Her hadde ho gjerne sett at Agenda gjekk tyngre og friskare inn, men konstaterer skuffa at heile problematikken vart “avfeid” med min eine artikkel, “Skulen gjer ikkje gutar urett”.
Kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar er stabile både over tid og mellom land, og dermed mellom svært ulike skulesystem.
Spørsmålet er likevel ikkje om det er Gerhardsen sjølv som står for avfeiinga. Ho etterlyser det nytenkjande og overraskande, men er berre i stand til å sjå det som passar med hennar eiga oppfatning av kva debatten er og bør vere. (Det er uklart om Gerhardsen primært kritiserer Tankesmien Agenda eller Agenda Magasin, men eg skal uansett konsentrere meg om utdanning og likestilling i det følgjande.)
“Feminisering”?
Ifølgje Gerhardsen vart debatten om gutar som skuletaparar starta av Camilla Stoltenberg våren 2017.
All respekt til Stoltenberg, men dette har vore ein debatt både nasjonalt og internasjonalt i minst to tiår. Thomas Nordahl har til dømes vore opptatt av temaet sidan 1990-talet. Mitt innlegg var delvis basert på to viktige forskingsrapportar, levert av NOVA i 2008 og 2014.
Skulen reproduserer eksisterande kjønnsforskjellar snarare enn å skape dei.
I den første av desse spør Anders Bakken om det er skulen si skuld at gutar gjer det dårlegare, og svaret, slik eg tolkar det, er nei. Kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar er stabile både over tid og mellom land, og dermed mellom svært ulike skulesystem.
For Bakken tyder dette på at skulen reproduserer eksisterande kjønnsforskjellar snarare enn å skape dei. Alle som er bekymra over “feminisering” av skulen, bør ta til med å lese desse lett tilgjengelege rapportane.
Årsaker og rettferd
Det er ingenting i Gerhardsens artikkel som tyder på at ho las noko meir enn overskrifta på mitt innlegg. Dersom ho hadde gjort det, ville ho ha sett at eg drøftar eit spørsmål som i liten grad har blitt drøfta. Medan Stoltenberg og dei fleste andre primært har vore opptatt av kvifor jenter gjer det betre enn gutar, så har eg primært vore opptatt av kvifor dette eventuelt er eit problem.
Om det er slike nyanseringar Gerhardsen synest er kjedelege, må forskarar våge å vere kjedelege.
Det første er eit spørsmål om årsaker, medan det andre er eit normativt spørsmål, mellom anna om ulike rettferdsideal.
Desse to spørsmåla heng saman, men må likevel ikkje blandast saman. Og ein kan ikkje ta det for gitt at det automatisk er urettferdig dersom ei gruppe presterer betre enn ei anna gruppe.
For eksempel kan det verke som om høgde er korrelert med skuleprestasjonar. Å spørre kvifor det er slik, er noko anna enn å spørre om det utgjer ei urettferd.
Same prinsipp for jenter og gutar
Gerhardsen reagerer på at likestillingsspørsmål oftast blir satt inn i ei feministisk ramme, der fokus alltid er på kvinnenes situasjon, og forklaringa alltid er at kvinner blir diskriminerte.
Her lurer eg også på om ho har lese noko meir enn overskrifta på mitt innlegg. Dei rettferdsprinsippa som eg diskuterer, er nemleg dei same enten det er jenter eller gutar som dominerer. Ein kan ikkje operere med ein standard for rettferd når det er gutar som gjer det best, og ein annan når det er jenter som gjer det best.
Å nekte for at skulen gjer gutar urett er heller ikkje det same som å avfeie problemet, sidan prestasjonsforskjellar mellom kjønn sjølvsagt kan vere problematiske på andre måtar enn at dei er urettferdige (det kan for eksempel vere ein fordel at ikkje alle psykologar er kvinner).
Om det er slike nyanseringar Gerhardsen synest er kjedelege, må forskarar våge å vere kjedelege.
Ei presis forståing av problemet
Eit anna spørsmål er om dei som er opptekne av gutar som skuletaparar, til dømes Anki Gerhardsen, verkeleg er bekymra over forskjellane i prestasjonar mellom gutar og jenter.
Eg trur at mange av dei eigentleg er uroa over at gutar gjer det for dårleg, til dømes at mange fell frå på vidaregåande, ikkje over at gutar gjer det dårlegare enn jenter.
Rettferd er ikkje identisk med statistisk representativitet, heller ikkje når det gjeld skuleprestasjonar.
For dersom problemet er at gutar gjer det dårlegare enn jenter, kan ein jo løyse det enkelt ved å sørge for at jentene gjer det like dårleg. Men dersom problemet er at mange gutar gjer det for dårleg, så kan ein berre løyse det ved å få dei gutane til å gjere det betre.
Eg meiner det siste er rett, og det trur eg dei fleste vil vere einige i. Dette er ikkje å avfeie problemet, men å få ei meir presis forståing av kva problemet er.
Kva er rettferd?
Desse poenga gjeld ikkje berre spørsmålet om jenter og gutar, men har viktige følgjer for sosial rettferd meir generelt.
Eit sosialdemokratisk rettferdsideal bør etter mitt syn konsentrere seg om generell sosioøkonomisk likskap, som også inneber lik respekt for ulike yrker, enten dei krev akademisk utdanning eller ikkje.
Venstresida må vakte seg for å overta ein nyliberal identitetspolitikk der ein aksepterer store forskjellar så lenge ulike grupper er proporsjonalt representert i dei ulike samfunnssjikta.
Rettferd er ikkje identisk med statistisk representativitet, heller ikkje når det gjeld skuleprestasjonar.
Kommentarer