FOTO: NRK

For idrettskvinner er det sjeldan nok «å ville det mest»

Som feminist vert eg litt flau over kor lite idrett det har vert i den generelle kvinnekampen.

Det meste av livet mitt har eg vore (relativt) beinhard fotballsupporter. Med unntak av ein kort periode der eg var ung og obsternasig og meinte fotball var for kommersielt, stal merksemd og potensiell økonomisk støtte frå andre idrettsgreiner. Tilfeldigvis var det same år som Brann vann serien. I retrospekt skulle eg ha ynskja eg som stolt bergensar var med på feiringa. Spesielt sidan eg året etter flytta til Oslo og plutseleg var patriot og Brann-fan att. Ingen kan i alle fall skulde meg for å vere medgangssupporter. Eg var med laget ned ein divisjon. Og opp att i Eliteserien.

I skrivande stund ragar vi på toppen av tabellen. Får eg ikkje sett ein kamp sjølv, har eg alltid mobilen tilgjengeleg for å få med meg alle oppdateringar. Leilegheita er pynta med eit svært Brann-flagg, og i klesskapet ligg supporterskjerfet og -capsen, klar til neste gong eg får dratt på stadion og bytta ut TV-skjermen med ekte vare. Men ein plass inni meg er det likevel noko som skurrar. Ei lita, trist kjensle.

For trass min store fotballentusiasme, er likestilling ein mykje større hjartesak for meg. Og fotball er ein idrett i særdeles stor kjønnsubalanse. Det har tv-serien Heimebane aktualisert for Noreg sine mange husstandar.

Heimebane

Eg tippar dei fleste med tilgang til TV og internett har fått med seg tv-serien Heimebane. Ane Dahl Torp spelar Noregs fyrste kvinnelege trenar i Eliteserien. Sjåaren vert momentant kasta inn i den mannsdominerte verda som fotballen faktisk er. Trenaren til Varg IL, eit nyopprykka lag i Eliteserien som held til i Ulsteinvik, faller om på fotballbana før seriestart. Trenarjobben skal eigentleg gå til Michael Ellingsen (spelt av den ekte fotballspelaren John Carew). Men i eit tv-intervju viser Helena Mikkelsen (Dahl Torp) trenareigenskapar som førar til at ho kaprar jobben like før Ellingsen får signert kontrakten.

Mikkelsen har trena kvinnene på Trondheims Ørn fram mot toppen i europeisk fotball, med ein snart føreståande semifinale i Champions Leauge. Brotet med Trondheimslaget er uvenleg, og Mikkelsen går til ein enno verre stemning i Varg. Eigarane av laget, spelarane og supporterane seier problemet er at ho ikkje er kvalifisert, og at ho ikkje er ein del av kulturen rundt laget – ikkje ein del av dei. Men sjåaren veit at problemet eigentleg er kjønn.

Det er også eit viktig poeng at mindre økonomisk bevilging til «kvinnefotball», gjer dårlegare TV-sendingar, som igjen er med på å halde sjåartalet nede.

Dette er bakteppe for eit solid tv-drama, som i komposisjon og utføring fengslar sjåaren frå fyrste til siste stund. Vi får eit unikt innblikk i alt som skjer bak kulissane til norsk toppfotball. Og vi heier alle på Noreg sin fyrste kvinnelege trenar. Men Mikkelsen vert møtt med mistru, seksuell trakassering og vert prøvd skvisa ut på alle vis. Heldigvis, for at historia ikkje skal verta alt for mørk, når ho ut til supporterklubben i ein desperat og nesten tårevått augneblink.

Kanskje kan ho verta ein del av den lokale fotballkulturen likevel?

Situasjonen i Noreg i dag

I Toppserien, den øvste ligaen for kvinner som spelar fotball, er det mange mannlege trenarar. Mitt gamle lag Arna Bjørnar ligg på 2.plass på tabellen medan eg skriv. Eg slutta å spele då eg var 13, så deira bragdar har eg ikkje bidratt til. Men denne fotballengasjerte personen har vel gjesta heimekampane deira mange gonger, tenkjer du vel? Svaret er nei. Og det er eit dårleg grunna «nei». Tilgjengelegheit og informasjon rundt Toppserien er rett og slett dårlegare enn for Eliteserien, og eg er for lat (eller travel) til å følgje med når dekninga er så låg. Det er også eit viktig poeng at mindre økonomisk bevilging til «kvinnefotball», gjer dårlegare TV-sendingar, som igjen er med på å halde sjåartalet nede. 

Kvinnelandslaget har ikkje eingong ei eiga, fast heimebane

Men attende til trenarsituasjonen. Dei beste fotballkvinnene i Noreg kan altså trenast av menn. Men dei beste mennene har enno til gode å verta trena av ei kvinne. Utanom det fiktive laget Varg med Helena Mikkelsen. At kompetansen ikkje er på plass, faller på si eiga urimelegheit, når ein ser på fotballklimaet i landet, og kva fotballfagleg kompetanse både kvinnelege spelarar og trenarar har.

Det er verdt å få med seg at det er andre likestillingsproblem i denne idretten også. Medan norske fotballkvinner stort sett er i verdseliten, og har vore både olympiske meistre, verdsmeistrar og europameistrar, så er økonomi og løn på klubbnivå ulik mellom kjønna. Kvinnelandslaget har ikkje eingong ei eiga, fast heimebane. Det har mennene. Og deira merittliste er ganske liten: éin OL-bronse. Frå 1936.

Anna idrett

Kort fortald så er ikkje fotballen i ei særstilling når det gjeld kjønnsubalanse. Lista av forskjellsbehandling på både reglar, økonomi og sendetid er lang:

Og eg som feminist, eg vert litt flau over kor lite idrett det har vert i den generelle kvinnekampen.

I Vinter OL får ikkje kvinner hoppe i stor bakke. I ishockey får ikkje kvinner lov til å takle, medan gutar får lov til akkurat dette når dei vert 12 år. I langrenn får menn konkurrere på 50 km medan kvinner må halde seg til 30 km. Kvinnene på handballandslaget tener i snitt 500 000 kr. mindre enn sine mannlege kollegaer. Lønnsforskjellane er størst i fotball og alpint, sjølv om fotballandslaga no tener likt – fordi herrane gjekk ned i løn for å få likeløn. Media gir meir spalteplass til mannlege toppidrettsutøvarar, og kvinner vert ofte framstilt seksualisert – som ikkje akkurat gjer det spesielt hyggeleg for ein idrettsperson å faktisk prøve å få meir mediedekning. 

Den som ville det mest

Fyrste episode av Heimebane heiter «Den som vil det mest». Det er inga løyndom at Helena Mikkelsen tydelegvis var den som ville det mest – og vann fyrste slag. Men slik er det ikkje alltid i røynda. For kvinner er det sjeldan nok «å ville det mest». Fordi det ligg uskrivne reglar i lufta, der «guteklubben grei» feiar seg sjølv frametter og kvinner har ofte svært lite dei skulle ha sagt. Her kjem Heimebane inn som «bull’s eye» i ein altfor lite debattert tematikk. Vi veit jo på sett og vis at det er ulikskapar ute og går i idretten, men dette faller ofte ut av den generelle feministiske kampen og likestillingsdiskursen. Populærkulturen har ei særeiga rolle for å adressere samfunnsproblem, og måten Heimebane gjer nett dèt på er verdt meir applaus enn det stort sett plettfrie filmatiske.

Det enorme presset for å prestere på heilt øvste nivå kan gå skikkeleg galt

Etter å ha sett Heimebane er det ikkje lett å gjere anna enn å snakke fotballkvinner fram. Media vert kanskje tvungne til å dekke denne delen av likestillingskampen meir. Og eg som feminist, eg vert litt flau over kor lite idrett det har vert i den generelle kvinnekampen. Eit TV-program er ikkje nok til å endre samfunnet. Men det er nok til at folk får augo opp. Og vi må hugse at kjønnsubalansen strekk seg langt utanfor fotballbana og inn i dei fleste idrettsgreiner. Problemet er om debatten døyr ut når fyrste sesong av Heimebane er ferdig.

Psykisk helse

Det er også på sin plass å understreke at Heimebane adresserer fleire viktige tema. Den unge fotballspelaren Adrian Austnes (spelt av Axel Bøyum) har ein mørk løyndom med seg, som er årsaka til at karrieren i det tyske laget Ajax berre varte eit kvarters tid. Denne historia rullar seg gradvis ut gjennom episodane, og akkumulerer til det som i mine auge er den narrativt beste episoden så langt: Episode 8: Straffeskyttarane.

Eit symptom på ei idrettsverd som er mannsdominert og kjønnsdiskriminerande

Austnes lid av tvangstankar og mest sannsynleg ei god dose angst. Dette har ført til eit strengt trenings- og matregime. Og at han under press byrjar å klø så enormt i fotballdrakta at han klør seg sjølv til blods. Dette er grunnen til at far hans tok han av bana i debuten hos Ajax. Og grunnen til at fotballen var lagt på hylla fram til Helena Mikkelsen overtala han til å verta ein del av Varg. Tidleg i serien overvinn han angsten for drakt nummer 17, men tvangstankane følgjer oss serien igjennom.

Psykisk helse i idretten har vore eit heitt tema den siste tida. Norsk media har vist både sykkel- og kampsportproffar som har gått ut med sine historier relatert til eteforstyrringar. Det enorme presset for å prestere på heilt øvste nivå kan gå skikkeleg galt. For den enkelte si helse, og for den generelle openheita og forståinga for psykisk helse er Heimebane gull verd!

Vi er avhengig av at debatten ikkje døyr ut

Vi treng ein Espen (spelt av Morten Svartveit) som tør å satse på kvinnelege trenarar! I Heimebane er han kanskje Helena Mikkelsen sin viktigaste støttespelar. Innleiingsvis skreiv eg kvifor eg hadde eit år som fotballmotstandar: «fotball var for kommersielt. Stal merksemd og potensiell økonomisk støtte frå andre idrettsgreiner». Eg trur framleis det er ei sanning i dette, i alle fall er det eit overfokus på herrefotball som går på bekostning av kvinnene.

Med Heimebane kan vi ha sett starten på endringa, men då er vi avhengig av at debatten ikkje døyr ut med rosande ord for den fiktive verda vi ser på skjermen. I kjølvatnet av serien si premiere har kjønnsubalansen i fotballstabane nådd media. Men vi har snakka langt mindre om lønnsforskjellar. Og det faktum at mangel på kvinnelege fotballtrenarar i Eliteserien berre er eit symptom. Eit symptom på ei idrettsverd som er mannsdominert og kjønnsdiskriminerande.

Om vi ikkje adresserer dette, er eg redd blesten rundt Heimebane falmar hen til å berre vere ein godt ranka TV-serie på IMDb.

 

Siste episode av Heimebane, sesong 1, sendes søndag 29.april på NRK.