FOTO: Skjermdump Coachella livestreaming

Ja til meir politikk på scena!

Kvifor Beyoncé sin framsyning på Coachella er historisk.

Det er vel kanskje lenge sidan Beyoncé skreiv seg permanent inn i historiebøkene. På årets Coachella (ein av verdas største musikkfestivalar) i førre veke, gjorde ho det enno ein gong. Ikkje fordi ho tok med ektemannen sin Jay-Z på ein låt. Ikkje fordi verda fekk oppleve ei gjenforening av Beyoncé si gamle supergruppe Destiny’s Child. Men fordi ho var den første svarte kvinna til å headline festivalen. Og den moglegheita lèt ho ikkje gå forbi i stillheit.

Beyoncé er ein artist som rugar heilt i toppen av verdseliten. Ho har ei stemme og ein scenepresens få kan måle seg med. Showet hennar på Coachella var ikkje annleis. Den spektakulære trommeintro, med blåserekke og hordar av dansarar kan ein gjerne snakke lenge og applauderande om. Men det som var verkeleg spektakulært var Beyoncé sin hardtslåande, politiske vinkling på showet. Sjeldan har eg sett svart feminisme så tydeleg utanfor det politiske rom.

Ladies, are we smart?

Det er dog litt feil å seie svart feminisme, for Beyoncé stod fram som ein predikant for både Black Lives Matters og kvinnesaka. Ho snakka for alle svarte menneske, og ho snakka for alle kvinner. Få ting kunne vel knyte desse aspekta betre saman, enn då publikum fekk høyre utdrag frå ein tale av Malcolm X: «the most disrespected person in America is the black woman». Deretter song Beyoncé «Lift Every Voice And Sing» – som er betre kjend som «the black national anthem». Det er ein låt med over hundre års historie bak seg, og som svært mange farga menneske i USA har eit kjært forhold til. Og det slutta ikkje der. Ho framførte også sin eigen låt «Formation» som eit kraftfullt rop frå, og hyllest til, alle svarte kvinner. I ei tid med ein innvandringsfientleg president (nesten) utan like, og stadig gjentakande tilfelle der uskuldige, svarte menneske i USA vert drepne av politiet, vonar eg dette slo rot blant det særdeles kvite publikummet på festivalen.

Når favorittartisten din snakkar om svarte sine rettar, eller om feminisme og likestilling, då er det gjerne litt lettare å opne augo

Og det var som nemnd ikkje berre svarte si undertrykte historie som fekk seg ein løft denne kvelden. Beyoncé ropte ut over publikumshavet: «Ladies, are we smart? Are we strong? Have we had enough?» Ho vart møtt med eit rungande JA! Og før gjenforeninga av Destiny’s Child på scena, kunne ein høyre ein feministisk tirade frå høgtalarane, avslutta med: «Feminist – the person who believes in the social, political and economic equality of the sexes». Enno eit viktig aspekt å adressere i eit land med ein president som i valkampen snakka om kvinner som å «grab them by the pussy», og ei heil verd som framleis ser bølgjene etter den fyrste #metoo-saka.

Politiske undertonar for kvarmansen

Som verdskjend musikar har ein stor makt til å påverke. Ein har ei scene og stå på og eit publikum som allereie har gitt deg si merksemd. Som popidol har du ein verdsomspennande arena å dele dine meiningar på. Når favorittartisten din snakkar om svarte sine rettar, eller om feminisme og likestilling, då er det gjerne litt lettare å opne augo. Eg tipper fleire tør å kalle seg sjølv feminist, når dei ser populærkulturen sine fremste bastionsfigurar sjølvutnemne seg som nettopp dette. Politiske undertonar i musikk er ikkje ukjend – men internasjonale artistar har ein mykje større, reell moglegheit å få debatten ut frå politikarrommet og ut på gata til kvarmansen, enn det som vert gjort. Vise at det er lov, viktig og mogleg å ta kampen. Og Beyoncé gjer nett dette, utan å vere feilslåande militant (som nokre meiner eksempelvis Morrissey ofte er i sin kamp for dyr sine rettar – ein mann som forøvrig framstår som Beyoncé sin ekstreme motpart: Den kvite mannen som pushar 50 og ytrar rasistiske meiningar)

Men fanden, førr ei dame!

Det var ein klart nøgd og stolt Beyoncé som stod på scena denne aprilkvelden. Historisk, som fyrste svarte kvinne som headliner. Og ho var audmjuk – det fall ho som ein sjølvfølge å sende ut ein takk og dedikasjon til alle dei utrulege kvinnene som har opna dører for ho.

Eg vil tru at Beyoncé sjølv også opnar dører for mange, spesielt unge, kvinner. Sjølv om eg tykkjer Beyoncé er ein særs dyktig artist, er det ingen løyndom at ho ikkje spelar innanfor mitt prefererte repertoar. Men fanden, førr ei dame! Ja til meir politikk på scena!

via GIPHY