FOTO: NTB/AP Photo/Mosa'ab Elshamy

Fotball og gjeldskrise

Det er ein alvorleg økonomisk situasjon i landet Noreg snart skal møte i gruppespelet i VM.

Trump, Trump, Trump, Ukraina, Gaza, Trump og litt meir Trump. Sånn kan det av og til verke som om norsk utanriksdekning er. Det er mykje om USA, lite om andre delar av verda, og ikkje minst lite om Afrika. Det er synd, for det gjer at vi går glipp av mykje av det som skjer i andre delar av verda, som er interessant og viktig.

Tysdag 23. juni møter Noreg Senegal i gruppespelet i VM. Dette er eit land mange av oss kan lite om. Skulen lærer oss ikkje nødvendigvis så mykje om kva som skjer sør for Middelhavet. Eg hugsar at det gjekk opp eit lys den gongen eg lærte at Gambia ligg som ei slags tynn stripe inni Senegal på den fransk-talande vestkysten av Afrika, og at landa på 1980-talet var ein konføderasjon – Senegambia. Fram til då var både Senegal og Gambia litt ukjente storleikar som i mitt hovud fantes ein eller annan stad i Afrika, men eg ante ikkje kor dei låg.

Til slutt blei det for mykje for presidenten, som sparka Souko som statsminister.

Eg trur ikkje eg er åleine om å ha blitt vaksen med litt vag Afrika-kunnskap. Men i Senegal er det veldig mykje som skjer akkurat no, som det er verdt å følgje med på, også utover kva slags lag dei skal setje opp i VM-kampane framover.

Senegal skil seg litt ut vest-afrikansk samanheng, ved å vere relativt demokratisk i eit område der mange av landa er prega av kupp og uro. Det er det einaste landet i regionen som ikkje har hatt eit kupp sidan sjølvstendet i 1960. Her er også eit sterkt sivilsamfunn.

Men no har Senegal òg gått inn i ein ganske politisk turbulent periode.

23. mai i år måtte den populære statsministeren Ousmane Souko gå, etter å ha blitt kasta av president Bassirou Diomaye Faye. Dei to, som eigentleg var politiske allierte, er ueinige om korleis dei skal handtere ei pågåande gjeldskrise. Etter at den førre regjeringa viste seg å tilbakehaldt informasjon om gjeld, må landet gjennom tøffe forhandlingar med IMF (Det internasjonale pengefondet).

Souko vil ikkje gjennom den restruktureringa IMF tar til orde for. Han har bakgrunn som tidlegare skattebyråkrat og vil heller auke skattane for landets innbyggarar. Difor gjekk han som statsminister ut mot president Faye, som også er frå partiet Pastef, og sagt at IMF har feil medisin for landet. Dette er litt som om ein finansminister skulle gått ut mot statsministeren i ei eittpartiregjering i Noreg.

Det er verdt å sjå på kva rolle Noreg speler i utanrikspolitikken i møte med Senegal.

Til slutt blei det for mykje for presidenten, som sparka Souko som statsminister. Inn kom ein politikar med større velvilje mot IMFs posisjon. Nasjonalforsamlinga reagerte, trassa presidenten og gjorde at Souko då i staden blei innsett som Speaker of the House, det som tilsvarer stortingspresidentrolla i Noreg.

Senegals situasjon er på nokon vis illustrerande for den mange låginntektsland står i. Enorm gjeld utfordrar kapasiteten til å gi grunnleggande tenester til innbyggarane. Det gjer at dei bruker langt meir pengar på gjeld enn på helse, utdaning og klima. Politikarane skal styre eit land med mange unge, og mange av desse er på utkikk etter jobb. Men Senegal har no gjeld tilsvarande 132 prosent av BNP – dette er eit uvanleg høgt gjeldsnivå.

Det er verdt å sjå på kva rolle Noreg speler i utanrikspolitikken i møte med Senegal.

Noreg har dei siste åra gitt bistandsmidlar til landet, over fleire prosjekt. Det er snakk om små beløp, men vi har gitt millionar til minerydding i landbruksområde, samarbeida om å få ein meir effektiv skatteadministrasjon, jobba for å begrense ulovlege pengestraumar og delt kunnskap om norske erfaringar frå oljeskatt, naturmangfald i havet og det grøne skiftet. Den senegalesiske organisasjonen Tostan har også fått 13 millionar kroner i året til å jobbe mot kjønnslemlesting. Det har ført til eit systematisk arbeid for å stoppe denne praksisen i 40 landsbyar i nabolandet Guinea Bissau. Her er det snakk om små summar, men dei har potensial til å gjere stor forskjell.

I vekene framover skal vi bite neglar og vere spente på om landa går vidare frå gruppespelet.

På det meir strukturelle nivået, der dei store pengane ligg, pågår det no viktige debattar om internasjonal gjeldspolitikk. I fjor møttes verdas politikarar i Sevilla og kom eit godt stykke lenger i å bli einige om nokon ambisjonar for ein betre gjeldspolitikk. Men dei ambisjonane hjelper ikkje Senegal ut av krisa dei står i her og no. Noreg kan påverke ved å vere ein pådrivar for meir rettferdig og sosial gjeldspolitikk.

I vekene framover skal vi bite neglar og vere spente på om landa går vidare frå gruppespelet. Sadio Mane skal møte Erling Braut Haaland. I Senegal vil dei også følgje spent med på dialogen med IMF. Her håpar dei å lande ei ny avtale innan utgangen av juni. Då vil vi få vite om meir om landets økonomiske framtid – der risikerer dei ein langt kjipare strafferunde enn å måtte ryke ut av VM.

Nyhetsbrev Agenda Magasin