barnehage
FOTO: BBC Creative/Unsplash

Highway to kommersialisering

Utvalet som jobbar med avkommersialisering er der for å gi demokratiet handlingsrom.

Utanfor vindauget på kjøkenet mitt, er det ein barnehage. Kvar morgon kjem foreldre og barn til barnehagen. Nokre småspring inn, andre har god tid og trillar barnevagner sakte mot porten, mens dei peikar og snakkar om ting som skjer rundt dei. Av og til høyrer eg eit barn eller to gråte, i skuffelse over at pappa eller mamma måte gå på jobb i dag igjen.

Dei siste tiåra har me fått eit langt større innslag av kommersielle aktørar i velferda enn før.

Barnehagen er som ei maurtue av liv. Den skal passe på det mest verdifulle me har og sørge for at barna har det fint i dei sju-åtte timane me foreldre må vere på jobb. Kven som styrer denne barnehagen er eit djupt politisk spørsmål.

Driftsformene til barnehagar, reinhald og sjukeheimar blir difor også eit av dei store spørsmåla i kommunevalet til hausten.

Dei siste tiåra har me fått eit langt større innslag av kommersielle aktørar i velferda enn før. Ein privat barnehage treng ikkje lenger basere seg på initiativet frå ei mamma i nabolaget som starta ein barnehage i mangel på barnehageplass til eigne barn, som det ofte var på 1990-talet og tidleg 2000-tal. No er dei i større og større grad kommersielle føretak. Nokre av eigarane har til og med blitt så rike at dei har valt å flytte til Sveits for å kunne betale mindre skatt.

Eit av dei største problema med denne utviklinga, er at det ikkje alltid er berre-berre å gå tilbake til kommunal drift igjen, når det blir nye fleirtal i kommunestyra.

Utfordringane med kommersielle aktørar i velferda ser me også i skulesektoren.

Så fort ein opnar for kommersielle aktørar med offentleg finansiering, blir det inngått avtaler om rammevilkår. Noko er anbod, noko er driftsløyve og andre former for kontraktar. Naturleg nok har dei kommersielle aktørane ynskje om føreseielegheit. Det passar ikkje alltid godt med at veljarane har noko dei skulle ha sagt kvart fjerde år.

På Stortinget og i kommunestyre over heile landet har det sokke inn eit alvor knytt til komplikasjonane som kjem når ein vil ta tilbake tenestene. Det kan vere enkelt og greitt, men det kan også vere eit juridisk lappeteppe. Motparten kan vere svært rike selskap med store interesser av å fortsetje å drive. Då er det ekstremsport.

Det merka dei i Stjørdal kommune, då dei oppdaga at talet på nyfødde barn gjekk ned og dei ville legge ned den private barnehagen for å justere ned kapasiteten. Det hadde dei visst ikkje lov til. Det var berre juridisk mogleg å legge ned den kommunale. Til tross for fakkeltog og provoserte foreldre, hadde ikkje kommunepolitikarane handlingsrom til å føre politikken det var fleirtal for.

Skal verkeleg ikkje det offentlege ha lov til å kontrollere velferd finansiert av offentlege tilskot?

Utfordringane med kommersielle aktørar i velferda ser me også i skulesektoren. Der har Klassekampen avdekka ei rekke problematiske ting i skulekjeda Akademiet, sånn som då dei kjøpte inn Mac-ar av seg sjølv til uvanleg høg pris. Gravesakene til avisa utlyste tilsyn frå Utdanningsdirektoratet. Utfordringa er at Akademiet allereie har inngått forlik med staten om å betale tilbake ein del av tilskotet dei har fått, som følgje av feil bruk, mot at staten ikkje skulle drive meir tilsyn (med mindre det oppstod noko nytt).

Når direktoratet no meiner det er avdekka vesentlege nye ting, og er i gong med nytt tilsyn av Akademiet, er skulens advokat, tidlegare Frp-politikar Ove Vanebo, ute i avisa og raslar med sablane. Han åtvarer om at det offentlege fort vekk ikkje har løyve til å gjere denne typen tilsyn, og at Akademiet kan kome med erstatningskrav dersom tilsynet blir for omfattande.

Skal verkeleg ikkje det offentlege ha lov til å kontrollere velferd finansiert av offentlege tilskot? Det er landskapet me beveger oss inn i når kommersialiseringa blir større. Advokatar kan hindre demokratisk kontroll og demokratisk innsyn. Og kontraktane som er blitt inngått kan ha lang varigheit. Det kan bli einvegskøyring mot at dei kommersielle overtar det meste, med mindre me har politikarar som sett ned foten.

Bråket om lakseskatten har lært oss at det kan vere krevjande å ta politisk kontroversielle avgjerder i møte med rike selskap, uansett kor kloke avgjerdene er. Men faktum er at eit fleirtal av veljarane i tidlegare meiningsmålingar på dette har vore mot at du skal kunne tene deg rik på drift av grunnleggande velferdstenester med offentleg tilskot. Då er det politikaranes ansvar å setje seg i stand til å rydde opp i tråd med veljaranes ynskje.

Utvalets oppdrag er å redde dei demokratiske prosessane.

Dette er ei av houvdårsakene til at SV ba regjeringa setje ned utvalet om profitt i velferd. Politikarane treng rett og slett ei kokebok for korleis dei skal kunne gå fram når dei bestemmer seg for å fase ut kommersiell drift av velferda. Utvalets oppdrag er å redde dei demokratiske prosessane, og vise ein veg tilbake til offentleg drift frå alle dei ulike avtaleformene. Dette må skje på eit vis som tar faglege omsyn i kvar sektor.

Difor er det så problematisk med uroa som no har oppstått i utvalet. Utanfrå ser det ut som om den no avgåtte utvalsleiaren ville gå i same retning som Civita og dra utvalets arbeid over i ei vurdering av om kommersialisering eigentleg eit problem. No må departementet bidra til å få prosessen på rett kjøl igjen. Dette handlar om å legge til rette for at politikarar skal ha kunnskapsgrunnlag, makt og myndigheit til å gjennomføre politikken dei er valt inn på.

Dei skal kunne sjå veljarane sine inn i auga når dei møter dei hastande på veg til barnehagar eller skular, og vite at dei har gjort det dei kan for at velferda dei får er den beste dei kunne fått.

(Teksten er også publisert i Dagsavisen, 20. februar 2023.)