Bjørnar Skjæran
FOTO: Emil Bremnes / Nærings- og fiskeridepartementet

Innfør lakseskatten

Det er ikkje grunn til å stole på Sjømat Norges katastrofevarsel. Havbruksnæringa vil vere lønnsam også med lakseskatt.  

Eg pleier stort sett ha tillit til at folk eg er ueinige med trekk fram argument dei sjølv synst er viktige. Men akkurat i debatten om lakseskatten, trur eg ikkje på sjømatnæringas argument.

Dei seier at dette er dårleg utreda, at det kjem overraskande på næringa og at det er så vanskeleg med skatt på normpris. Eg trur dette eigentleg handlar om noko anna som ligg bak.

Kvifor har eg så lite tillit til argumenta til Sjømat Norge?

Det handlar om at dei ikkje vil betale meir skatt.

Det handlar ikkje om innretning. Det handlar om at dei ikkje vil betale meir skatt.

Når dei no ber om meir tid, handlar det om at dei vil ha mest mogleg tid til å føreslå endringar som kan gi rom for skattetilpasning. No er det utruleg viktig at det politiske fleirtalet klarer å stå for det forslaget dei har fremja og innføring frå 1. januar 2023. Så får eventuelle justeringar heller kome seinare. Men skatten bør ikkje bli utsett basert på det næringa seier no.

Kvifor har eg så lite tillit til argumenta til Sjømat Norge? Fordi det ikkje er fyrste gong dei sett alle klutar til i eit lobbypress i møte med auka beskatning, med vikarierande argumentasjon. Frå 2016 til 2019 var eg rådgivar for SV i næringskomiteen, og også då var det ein pågåande debatt om dette, og sjømatlobbyen kjempa hardt mot å betale meir til fellesskapet.

Før utredninga om grunnrentebeskatning av oppdrett, var det allereie stor profitt i oppdrettsnæringa og diskusjon om auka beskatning sånn at fellesskapet kunne ta større del i verdiane som blei skapt. SV og Torgeir Knag Fylkesnes føreslo då ei produksjonsavgift på laks.

I juni 2017 vedtok eit fleirtal på Stortinget dette forslaget, med innføring seinast 1. juli 2018. Eg hugsar at me feira og jubla over at det ville bli fleire hundre millionar i ekstra velferd i norske kommunar som følge av vedtaket. Altså langt mindre pengar enn den grunnrenteskatten det no er snakk om, men likevel eit viktig fyrste steg for meir omfordeling.

Det er ikkje tilfeldig at nokre av Noregs rikaste kjem frå oppdrettsnæringa.

Så kom statsbudsjettet for 2018. Per Sandberg var fiskeriminister og hadde ansvar for å følge opp vedtaket. Eg hugsar det som at me tenkte at me hadde fast fisk, at han måtte levere på ei så tydeleg bestilling frå Stortinget. Men det gjorde han ikkje.

Han argumenterte med at dette vedtaket var i strid med prinsippa i regjeringserklæringa om eit vekstfremmande skattesystem (veldig spesiell politisk praksis å sjå bort frå fleirtal i Stortinget på grunn av regjeringserklæringa til eit mindretal i Stortinget), og hevda at dette ville bryte frihandelsavtalene Noreg var ein del av (noko som det blei sådd tvil om frå andre fagmiljø).

Me reagerte på at Sandberg ikkje fulgte opp Stortingets vilje, og våren 2018 fremja SV eit nytt forslag om produksjonsavgift, med forventning om at det same fleirtalet ville stille seg bak og at Sandberg måtte føye seg i neste budsjett. Men sjømatlobbyen dreiv eit råkøyr, og fleire av partia som opprinneleg hadde vore for, snudde i siste sving. Fleirtalet røyk.

Argumenta mot då var ikkje så ulike som no. Sjømatnæringa meinte at avgifta ville bryte med forutsigbarheit, det var for uforutsigbart, det ville råke arbeidsplassar.

NOUen dokumenterer at det er superprofitt i oppdrettsnæringa.

I staden blei det sett ned eit offentleg utval som såg på grunnrenteskatt på havbruk. Dei gjorde ein særs grundig jobb og leverte eit gjennomarbeida forslag.

Mens utvalet jobba, var Sjømat Norge utruleg aktive med å lobbe mot lokalpolitikarar og bygge fleirtal mot grunnrente på landsmøta. Så fleire parti endte med å vedta at dei var mot skatten allereie før NOUen blei lagt fram.

NOUen dokumenterer at det er superprofitt i oppdrettsnæringa, som det er i olje og vasskraft også, og føreslår ein gjennomarbeida modell for grunnrentebeskatning av den grunn.

Det er ikkje tilfeldig at nokre av Noregs rikaste kjem frå oppdrettsnæringa, og at dei har blitt mange fleire dei siste åra. Det er ikkje tilfeldig at verdas rikaste under 30 år ein periode kom frå Noreg og var oppdrettsarving.

Det er fordi oppdrettsnæringa har fått tilgang på verdifulle areal i landet vårt, som gir moglegheitar for stor verdiskaping. Fellesskapet bør få ta større del i dei verdiane, som me har tenkt rundt verdiane frå olje. NOUen føreslår ein god måte å få til det på.

Desse selskapa er store kommersielle aktørar med særs god margin og har råd til å betale denne skatten.

No er det altså ikkje mogleg å seie at dette er dårleg utreda. Det er ikkje mogleg å seie at dette kjem overraskande på. Det har vore diskutert i 4 år, og jamnleg vore forslag om auka beskatning av laksenæringa i Stortinget også før den tid.

No vil selskapa utsetje innføring av skatten og justere reglane sånn at selskapa kan beskatte basert på reell salspris, i staden for normprisen som utvalet føreslår. Dette er veldig teknisk, men eg vil åtvare mot den modellen næringa vil ha, fordi den opnar for stor grad av skattetilpasning (dei kan jo selje til eigne datterselskap utanfor Noreg til låg pris, før dei sel vidare). Om det er behov for nokre enkeltjusteringar her, kan det skje også etter skatten blir innført 1. januar 2023, og på eit vis som ikkje opnar for at store verdiar ikkje blir beskatta likevel.

For la det vere ingen tvil – desse selskapa er store kommersielle aktørar med særs god margin og har råd til å betale denne skatten. Dei pleier uansett å permittere mange på denne tida av året (som er problematisk i seg sjølv), så dette er ikkje noko nytt no.

No er det viktig å ikkje bli utrygg av dei harde orda til Sjømat Norge, men ha tillit til det arbeidet som er gjort over lang tid med å lage ein skatt som kan gi meir rettferdig fordeling av dei store verdiane i oppdrettsnæringa.