FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Klimatruverd på eit vippepunkt

Regjeringa bør bruke meir av verktykassa som ligg klar for å nå klimamåla. Jo raskare, jo betre.

Nyleg fortalte FN om fire dystre rekordar frå i fjor – havet er varmare, surare og stig fortare enn før, samtidig som det er meir klimagassar i atmosfæra enn nokon gong. For klimaengasjerte politikarar og veljarar er det ei vaksande uro og fortviling over at me har mykje kunnskap om farlege klimaendringar, men at det skjer alt for lite for å stoppe dei.

Erfaringane så langt gir inntrykk av at dette alvoret kanskje ikkje har sunke heilt inn.

Samtidig har regjeringa sentrale medlemer som snakkar ambisiøst om klimagassutslepp som skal kuttast. I den praktiske politikken har det til no likevel blitt for smått.

Regjeringas utfordring er at ho ikkje har fleirtal åleine. Målet om fleirtalsregjering brast på Hurdal, mellom anna fordi ein ikkje klarte å bli einige med SV i klimapolitikken. No forhandlar ein årlege budsjett i staden. Det er ikkje nødvendigvis enklare enn å sitje i regjering saman. Skal denne arbeidsforma fungere over tid, må Arbeiderpartiet og Senterpartiet dra lasset meir på klima enn dei har gjort til no. Oppgåva er for stor til at eit parti i vippeposisjon på Stortinget kan løyse det åleine.

Erfaringane så langt gir inntrykk av at dette alvoret kanskje ikkje har sunke heilt inn. Ved tre sentrale milepælar har regjeringa no levert for lite på klima på eigen kjøl. Fyrst kom Hurdalsplattformen. Den hadde rett nok eit ambisiøst mål om å kutte utslepp innanlands med 55 prosent, men den mangla tilstrekkeleg med tiltak til å få dette til. Norsk politikk har mange og vonde erfaringar med å sjå ambisiøse mål bli til luftspeilingar. Før ein klarer å legge fram ein konkret plan for korleis ein tenkjer å kome til målet, blir ikkje storslåtte og velmeinte mål lenger tatt på alvor.

Jo lenger tid Noreg bruker, jo lenger bak havnar me i industriutviklinga.

Så kom regjeringas tilleggsproposisjon til budsjettet i fjor haust, som i praksis var svakare på klima enn Solberg-regjeringas fyrste forslag. Og no nyleg kom regjeringa med forslag til revidert budsjett, som heller ikkje var ein fest for miljøengasjerte. Naturvernforbundet kalte framlegginga «trist». WWF omtalte det som eit budsjett der naturen var gløymt.

Revidert ga meir kutt til kollektivtilbod enn til motorvegar. Pengar til restaurering av myr og skogvern blei kutta. Tiltak for energieffektivisering og fleire elektriske varebilar, som SV og regjeringa hadde avtalt skulle kome i revidert, blei heller ikkje lagt fram. Satsingar på utviklingsbudsjettet som skulle gå til bærekraftig utvikling avslutta.

I revidert blei også det ambisiøse klimamålet frå Hurdal på 55 prosent innanlands kutt nedjustert til eit meir fleksibelt mål på 50-55 prosent, som òg opna for kvotekjøp i utlandet. Det vil kanskje gjere det lettare for regjeringspartia å gjennomføre Hurdalsplattformen, men det vil gjere det langt vanskelegare å få fleirtal på venstre fløy i Stortinget på sikt dersom ein ikkje eigentleg meiner alvor med at Noreg bør kutte sin rettmessige del av utsleppa i vårt eige land.

Det er ikkje for seint å få skuta på meir miljøvenleg kurs.

Då kjem det fort i skyggen at det også har kome gode klimainitativ innimellom frå regjeringspartia. Det har blitt lagt fram meir ambisiøse planar for havvind, finansiering av karbonfangst på Klemetsrud (rett nok etter at Oslo kommune tok ein del av rekninga) og det skal kome eit eige klimabudsjett. Men kombinert med at regjeringa snakkar ned andre effektive verkemiddel, som avgifter og elektrifisering, blir det samla tiltaksnivået for klimakutt langt unna der ein må ligge for å faktisk få det til.

For miljørørsla er spørsmålet om klimakutt innanlands i Noreg også eit djupt moralsk spørsmål – om ikkje me, som er eit rikt land basert på fossile ressursar, klarer å kutte vår rettmessige del innanlands, kven skal klare det då? Korleis kan me forvente at andre land skal gjere meir enn oss, som eigentleg har dei beste føresetnadene for å få det til – i eit velferdssamfunn med høg tillit samanlikna med andre land og store pengar på bok?

Samtidig er det jo godt kjent at alle land er på veg mot å bli nullutsleppssamfunn i tiåra som ligg foran oss. Jo lenger tid Noreg bruker, jo lenger bak havnar me i industriutviklinga.

Fordelen med å vere rask med å setje i verk klimakutt no, er at det vil gjere den seinare jobben med å finne gjennomførbare utslepp mindre tøff.

For å bygge grunnlag for eit langsiktig samarbeid med partia på venstre side av seg, må regjeringa strekke seg lenger for å forstå kor djupt dette stikk, og vere viljuge til å strekke seg lenger for å få dette til.

Det er ikkje for seint å få skuta på meir miljøvenleg kurs. Med ei openheit i forhandlingane i revidert for å leite fram tiltak som kuttar ekte utslepp, vil dei bli møtt med langt meir velvilje frå SV og miljørørsla. Det har blitt laga metervis med rapportar og utredningar som seier noko om korleis klimakutta kan setjast i gong med ein gong. Eit eksempel er den enorme Klimakur-rapporten, som er ei oversikt på 1196 sider over ulike verkemiddel ein kan ta i bruk for å kutte utslepp her i landet.

Fordelen med å vere rask med å setje i verk klimakutt no, er at det vil gjere den seinare jobben med å finne gjennomførbare utslepp mindre tøff. Og for det politiske grunnlaget for regjeringa, vil utsiktene for å kunne snekre saman eit bærekraftig fleirtal i 2025 vere langt lysare dersom ho klarer å legge meir kraft i politikken som skal sørge for at me når klimamåla.