Astrid Sverresdotter Dypvik
FOTO: Agenda

Kor var det det spora av?  

Debatten om næringspolitikk er for viktig til å bli overlatt til dei som vil snakke om oppdikta skatterekningar.  

Det blir kanskje litt som spørsmålet om høna og egget. Var det næringslivsaktørane sjølv som ville ha det slik, eller var det pr-byråa som dei hyra inn til å lage kampanjane som fann ut at det ikkje er så nøye at det som vart sagt faktisk stemte?

Og at det heller ikkje er så viktig kva ein faktisk betaler, eller korleis denne formuesskatten eigentleg vart rekna ut. 

Diverre er dette ikkje ei lita avsporing, bak ligg eit langsiktig arbeid der fleire aktørar har vore involvert. 

Dei siste månadenes massive kampanje mot den sittande regjeringas næringspolitikk generelt, og mot formueskatten spesielt, viste seg å vere bygd ikkje berre på ein selektiv omgang med tal, men også på reint oppspinn.  

Det er synd. For spørsmålet om rammevilkåra for norsk næringsliv er viktig for oss alle. NHO la i august fram sin versjon av EUs Draghi-rapport der dei diskuterer korleis Noreg kan sikre innovasjon, omstilling, vekst og konkurransekraft i ei svært uroleg tid. Det er ingen tvil om at nett korleis ein vel å svare på dette spørsmålet, vil bli avgjerande for landet vårt framover.

Difor er det synd at store delar av norsk næringsliv vel å setje inn støyten, og pengane sine, på å presentere fiktive reknestykke om formuesskatten i staden for å starte ein viktig samtale om næringslivet i ei ny tid. 

Diverre er dette ikkje ei lita avsporing, bak ligg eit langsiktig arbeid der fleire aktørar har vore involvert. 

Kampanjen mot formueskatten har mange likskapstrekk med kampanjen mot grunnrenteskatt for havbruk.

Alt tidleg i år dukka annonsane  til Aksjon for norsk eierskap opp. Her fortalde norske næringslivsaktørar tilsynelatande om korleis visse sider av regjeringas politikk slo negativt ut for deira verksemd. Det tok ikkje lang tid før Aftenposten kunne melde at eigarane av Hennig-Olsen, som i kampanjen til Aksjon for norsk eierskap fortalde at eit stykke norsk industrihistorie kunne kome til å smelte bort som følgje av formueskattetrykket, hadde tatt ut mellom 25 og 50 millionar i utbytte i åra 2018-2022.  

Selskapet Oleana, som driv med produksjon av strikkevarer i Ytre-Arna, var også å finne i same kampanje og Høgre-leiar Erna Solberg løfta opp Oleana som eit eksempel på korleis formuesskatten skada norske verksemder. Då Dagens Næringsliv sjekka likningstala, kom det fram at Oleana-eigar Gerda S. Fuglerud på ingen måte hadde problem med å betale formuesskatten.   

Sist veke fortalde Sunnmørsposten om ein caféeigar i Ålesund, som skulle ha fått ei skatterekning på 40 000 etter innkjøp av ein dyr kaffimaskin. Men, ved nærare sjekk, viste det seg at det rette talet var 360 kroner.

Så kunne Klassekampen fortelje om betongründaren frå Overhalla som hevda at han hadde tatt opp eit banklån på fem millionar for å betale formueskatt. Ein svært oppsiktsvekkande forretningsstrategi, i og med at skatterekninga berre var på 440 500 kroner.

Aftenposten kunne fortelje at Oluf Lorentzen-konsernet hadde sendt ein e-post til sine tilsette for å åtvare mot den øydeleggande verknaden til formueskatten.

Men dei unnlot å opplyse om at størsteparten av den skatterekninga dei klaga over var knytt til eit eigarskap i Norgesgruppen, som også sikra eit  utbytte på 111 millionar i 2024.   

Her er det mange som bør gå i seg sjølv. 

Kampanjen mot formueskatten har mange likskapstrekk med kampanjen mot grunnrenteskatt for havbruk. Med stor patos forkynte laksenæringa hausten 2022 at regjeringas planer ville slokke lysa langs norskekysten. Samtidig sette bransjen i verk ei proaktiv skatteplanlegging der dei omorganiserte selskapa for å betale minst mogleg skatt.

Dermed vart milliardane Finansdepartementet hadde anslått at skatten kunne gi i inntekter til staten, til 868 millionar kroner i 2024. Samstundes eksporterte sjømatnæringa for 172 milliardar. 2024 var eit rekordår, ifølgje Sjømatrådet.  

Det er mange som heiar på norsk næringsliv, og mange som har arbeidsplassen sin i norskeigde verksemder. NHO-rapporten viser at det det finst ein heil del reelle og presserande utfordringar.

Difor er det synd at debatten den siste tida har vore så sterkt dominert av aktørar som fortel kjensleladde historier basert på fiktive reknestykke. Her er det mange som bør gå i seg sjølv. 

Eller eventuelt vurdere bytte av pr-byrå.