Nokon har spurd om tida for SV er forbi. Svaret på det burde vere nei – SVs kjernesaker er meir aktuelle enn på lenge. Men dei burde ta seg betre tid til ein skikkeleg strategiprosess.
I eit lite tiår no har Sosialistisk Venstreparti vore partiet som var tufta på å kombinere det raude og det grøne. Hit kunne veljarane gå for å få både miljøpolitikk og fordelingspolitikk – bodskapen var at desse to store utfordringane hang saman og berre kunne løysast saman.
På sitt beste har SV også vore heimstaden for nokon av dei mest interessante og viktigaste debattane i landet. Det bør vere mogleg å kome seg tilbake dit.
Då må ein ta seg nok tid til å diskutere og å snu dei steinane som må snuast.
Sjølv meldte meg inn i SU og SV som tenåring, i ei tid der mange av oss mobiliserte mot ein invasjon av Irak. SV var ein stad der det var mogleg å kome for å lære meir om samfunnet, diskutere løysingar og ikkje minst føle at det nytta. Vi gjekk på møte og deltok på demonstrasjonar fordi vi følte at det var med på å gjere samfunnet betre.
Eg følte alltid at eg kom heim frå møte og hadde lært noko nytt, eller tenkt på ting på nye måtar.

Dei siste åra har profilen blitt meir uklår. SV er no i fare for å hamne under sperregrensa. Partiet er i ein mektig situasjon på vippen i norsk politikk, men har eit utydeleg prosjekt med ein del indre konfliktar som tar mykje energi.
Det dei prøver å finne ut er om SV skal jobbe for dei med minst eller for folk flest.
Arbeiderpartiet har gjort det bra det siste året, mens eit knallraudt og eit knallgrønt parti på kvar sin måte har utfordra glansen i SVs raudgrøne profil. SV treng difor å ta ein runde på kva som er den rette vegen vidare, og korleis prosjektet kan bli tydeleg igjen.
Difor er det i utgangspunktet bra at det akkurat no, inn mot helgas landsstyremøte, pågår ein strategiprosess for å ta tak i akkurat det. Men skal ein strategiprosess fungere, må ein gjere det skikkeleg. Då må ein ta seg nok tid til å diskutere og å snu dei steinane som må snuast.
Mi bekymring er om det no har gått for fort. For det er kompliserte spørsmål å ta tak i, og debattnotatet som er sendt ut til partiets medlemer om strategiske vegval vidare går i for liten grad inn i desse.
I bolken «hvem er vi til for» blir det for eksempel spurd kven SV skal vere til for – om det er «det store flertallet», «de som faller utenfor» eller om det er «det store flertallet (…) samtidig som (…) de som har de største behovene».
Foreldre famlar i ei tid der barn blir fanga av skjermen.
Det dei prøver å finne ut er om SV skal jobbe for dei med minst eller for folk flest. Det er ikkje eit spørsmål som kjem til å snu den vanskelege situasjonen partiet er i no – derimot sett det ulike viktige veljargrupper opp mot kvarandre. Sidan førre val har SV mista mange veljarar – kanskje er det betre å starte med å sjå på korleis ein kan vinne dei tilbake.
Ifølgje Aftenposten har sentralstyret no føreslått 14 saker partiet bør bygge på framover. I denne lista ligg det smått og stort, som både «et rettferdig skattesystem» og å «gjøre det lettere og billigere å velje gjenbruk og resirkulering». At dei har hatt dårleg tid, skjønner ein når ein les punktet om «Barn og unges oppvekstvilkår og muligheter for å få jobb og å skape gode liv». Det er vel ikkje barnearbeid ein eigentleg har tenkt å jobbe for her?
Mi oppfordring er å bruke meir tid. Ein har tid til å vere grundigare, og til å gå meir i djupet på ulike spørsmål. For det er mange ting som skjer akkurat no som krev debatt og nytenking – frå alle parti, ikkje berre frå SV.
Vår viktigaste allierte har blitt eit stadig meir autoritært regime som trugar andre allierte og går til krig mot ei rekke andre land. Samtidig er vi midt i ein teknologisk revolusjon, der KI og sosiale media, eigd av store amerikanske selskap, forandrar samfunnet dag for dag. Foreldre famlar i ei tid der barn blir fanga av skjermen.
Eg har ikkje alle svara på kva som er best for SV no.
SV må altså, som alle andre parti, ta innover seg dei nye utfordringane i vår tid. Samtidig er det ikkje mindre behov for løysingar i dei sakene SV tradisjonelt har løfta. Arbeidet for eit leveleg miljø og små forskjellar er på ingen måte ferdig. Forskjellane mellom folk aukar og vi har for høge klimagassutslepp og for mykje nedbygging av natur til at det gir tryggleik for framtida.
SV har ein historisk tradisjon for fredsarbeid og uavhengigheit frå stormaktene. Mange hugsar også SV som eit solid skuleparti.
Det er ingen mangel på politiske saker å ta tak i, på område der SV tradisjonelt har hatt stort truverd. Men hovudutfordringa er å ha gode og oppdaterte svar på alt som skjer i denne kaotiske tida – samtidig som partiet har eit enkelt og eit forståeleg bodskap. Det krev meir arbeid enn å berre liste opp alt ein er for. Ein må gjere nokon tydelege og nye grep.
SV har dei siste åra vore vant til å passe på heilskapen. Mange kan takke SV for å ha hugsa på dei i dei siste åras budsjettrundar, anten det er tilsette i barnehage, museum i distrikta eller lokale miljøengasjerte.
Men det er ein utfordrande posisjon å ta – jobbar ein for veldig mange saker på ein gong, er det ein fare å ikkje få til å jobbe særleg bra for noko som helst. Dette blir ekstra sett på spissen når ein har nye parti rundt seg som reindyrkar tydelegare profilar på enkeltområde.
SVs styrke er den demokratiske greina ein sit på.
Eg har ikkje alle svara på kva som er best for SV no. Men eg trur det ligg nokon moglegheiter i å invitere fleire inn til å diskutere meir – over litt meir tid – for å finne den nye tydelege planen for kva grep SV bør ta no.
SVs styrke er den demokratiske greina ein sit på. I mange tiår har ein jobba saman med ei lang rekke organisasjonar og folkelege rørsler – fagrørsla, bonderørsla, småfiskarar, kvinnerørsla, studentrørsla, miljørørsla og fredsrørsle. Det er eit godt utgangspunkt for å løfte debatt – og for å bli eit interessant senter for politisk debatt i ei kaotisk tid. Mange har nok lyst til å kome med sine innspel – berre dei blir invitert inn.
Tar ein seg betre tid til å peike retning, kan ein legge grunnlag for å få interessante debattar og utvikle god politikk for ei tid som eigentleg roper på fleire av SVs løysingar. På sikt kan det også heve takhøgda i partiet og vere god gjødsel for å få SV til å bli ein stad der fleire føler seg heime.

Kommentarer