Kjell Inge Røkke er en av Norges rikeste.. De betaler verken Arveskatt eller eiendomsskatt, og knapt formueskatt
FOTO: Terje Pedersen / NTB

Milliardærane sine krokodilletårer

Høgresida kvesser si forteljing om kor vanskeleg det er å drive næringsverksemd i eit raudgrønt Noreg. I det konstruerte opprøret tek dei provoserande nok alle vestlendingar til inntekt for sin eigen kampanje.

28.mars presenterte regjeringa Støre sin innretninga på den såkalla lakseskatten, etter ei lengre høyringsrunde. Det at Ap og Sp har blitt einig om å innføre grunnrenteskatt på havbruk må applauderast og støttast. Lakseskatten burde vore innført for lenge sida.

Høgre likar å framstille seg som eit ansvarleg parti, som gjer tøffe prioriteringar der det er naudsynt. Det gjeld sjølvsagt ikkje deira eigne rike støttespelarar.

Derfor var  lakseskatten lagt i ei skuff av høgreregjeringa, og der lå ho heilt til i haust når Ap og Sp endeleg tok den opp av skuffen igjen. For fyrste gong på mange mange år kan det endeleg verte eit fleirtal på Stortinget for ein naudsynt, og på overtid, overføring av privat overskot til offentleg velferd og fordeling.

Det er ein moglegheit eit raudgrønt fleirtal må ta vare på.

Og regjeringa har no lagt fram si innstilling, og gjort nokre endringar, men kritikken frå høgresida er føreseieleg og samstemt. For det er sterke motkrefter, og lakselobbyen har jobba hardt gjennom heile vinteren for å hindre denne skatten.

Næringslivet her vest, går så det griner. Men griningen frå milliardærene og høgresida er ingenting anna en krokodilletårer.

Først var strategien å jobbe mot skatten, så innsåg ein at det var ei tapt sak. Da endra ein strategi, no handlar det ikkje om å seie nei til skatten. No er strategien å så tvil om skatten, gjennomføringa av den, høyre meir på innspela, få eit ny utgreiing og endre heile innretninga, alt for å utsette skatten så lenge som mogleg.

Heldigvis, og til tross for elendige meiningsmålingar, står regjeringa på sitt.

Som sosialist og samfunnsøkonom er eg svært positive til i grunnrenteskatt på havbruk. I dag vert store verdiar flytta frå fellesskapets ressursgrunnlag til private formuar og til investeringar som verken er berekraftige eller kjem fellesskapet til gode.

Ein grunnrenteskatt på havbruk er godt utgreidd i Ulltveit-Moe-utvalet sin rapport frå 2019. Det er også veldig gode grunner for at det nettopp er ein grunnrenteskatt som vert innført, fordi grunnrenteskatten ikkje påverkar lønsemda i prosjekt før og etter skatt.

Sjølv havbruksnæringa og høgresida veit innerst inne at det er fornuftig å gjennomføre lakseskatten.

Ikkje nok med at regjeringa har tøff motstand om lakseskatten. 22.mars var det offisielt skipingsmøte i det såkalla «Vestlandsopprøret», leia an av laksemilliardær Roger Hofseth frå Møre og Romsdal. Eit opprør mot «den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne», skal ein tru Alfred Bjørlo i Venstre.

Men det såkalla «opprøret» er ikkje noko anna enn nok ein fordekt kamp frå høgresida mot auka skatt. Denne gang var det formueskatten som fekk gjennomgå. Gamle kjente argument om at den særnorske formueskatten øydelegg for næringsliv og arbeidsplassar.

Det som er så provoserande, er at i dette konstruerte opprøret så tek dei alle oss andre vestlendingar til inntekt for sin kamp i same slengen.

«I meir enn 200 år har Vestlandet sendt skattepengar med trailerar til Oslo, og fått tilbake med brevduer» er sitatet til NRK frå Frp sin Helge Andre Njåstad .Det er mykje å seie om regjeringa sin innsats for Bergen og Vestland, og SV måtte rydde opp i mykje av det sist haust, men kampen mot formueskatt er ikkje ein del av det.

Eg, og fleire her vest, nektar å bli misbrukt som vestlendingar for milliardærane og høgresidas kamp mot auka skattlegging av de aller rikaste. Og saken er jo at det er ikkje næringslivsleiarar her vest som betaler mest formueskatt heller. Det er framleis rikfolk i Oslo og Bærum som betaler mest formueskatt, og som vil tene mest på at den forsvinner.

Noreg er den amerikanske draumen.

Høgresida kvesser retorikken sin, i si forteljing om kor vanskeleg det er å drive næringsverksemd her i Norge med eit raudgrønt fleirtal. Ekstra bensin på bålet fekk dei etter at talen til nyvald SV leiar Kirsti Bergstø. At Kjell Inge Røkke berre kunne «Ryk og reis» – på godt nordnorsk, eller finnmarkdialekt for å være spesifikt , etter å ha «rana kysten». Utsegnet fekk både pressekorps, PR-rådgivarar, høgresida, og ikkje minst næringslivsleiarar her vest, til å gå opp i ei høgare eining.

Endeleg fekk dei beviset på kor lite venstresida visste om det å skape verdiar og lukkast i næringslivet.

Det står mykje næringsliv igjen etter Røkke, kanskje spesielt her på vestlandskysten med olje og offshore, men det er også mykje næringsliv som ikkje står igjen etter Røkke.

I Nord-Norge fekk Røkke kjøpe trålarar, kvoter og fiskeindustri på billigsal under lovnadar om aktivitet og arbeidsplassar. Lovnadane vart aldri heldt, og resultatet vart permittering og nedbygging av kystsamfunna, fisken gjekk til Kina og EU i frossen form. Så solgte Røkke seg ut for 1,6 mrd.

Om ein ikkje var sint frå før, så var ein no rasande.

Røkke er sjølve den amerikanske draumen. Mannen utan utdanning som klatrar oppover og vert landets rikaste. Draumen om at berre ein jobbar hardt nok, så kan alle ha moglegheit for framgang og suksess for familien og barna. Noreg er den amerikanske draumen. Aukinga i milliardærar er beviset på det, og mange av dei også innan oppdrett.

I Amerika er den amerikanske draumen død. For visst har Røkke, og dei nye oppdrettsmilliardærane vore lur og smart, tatt høg økonomisk risiko og jobba hardt, men samtidig har dei dratt nytte av fellesskapet som det sosialdemokratiske Norge har gitt dei, som helsevesen og skule.

Dei har også lukkast fordi samfunnet har høg tillit, ordna forhold, og friske og kompetente arbeidstakarar. Både Røkke og oppdrettsmilliardærane har faktisk blitt rik i Noreg, på norske ressursar og med norsk arbeidskraft. Fordi Noreg er eit av dei beste land i verda å drive næringsverksemd i.

I Norge betaler dei fleste av oss om lag 30% i skatt kvar månad, kvart år. Røkke er god for om lag 20 mrd. kroner i følgje Forbes. Diskusjonen om formueskatt handlar om ein sats frå 0,88 % til 1,1 % skatt. Ein bitte liten skatt på formue, som sikrar at dei aller aller rikaste i Noreg ikkje ender opp som nullskatteytarar.

Næringslivet i Norge, men spesielt her vest, går så det grinar.

Men det ble det for mykje, sjølv for Røkke. Sist haust flytta han til Sveits, til skatteparadiset Lugano. Der kan han forhandle med myndigheitene sjølv, om kor mykje skatt han skal betale. Og det at Røkke flytter ut har fått SV leiar Kirsti Bergstø til å si «ryk og reis».

Sjølv havbruksnæringa og høgresida veit innerst inne at det er fornuftig å gjennomføre lakseskatten. Sjølv når Frp og Høgre styrte landet hadde vi formueskatt. Skatt er sivilisasjon.

Store delar av landets industri og eksportinntekter kjem frå Vestlandet og kysten, det betyr ikkje at det er urimeleg at det skal skattleggast.

Eg er med på opprør mot sentralisering og at alle pengane skal hamne i Oslo. Derfor er det bra at ein større del av lakseskatten skal bli igjen på kysten, slik regjeringa legg opp til. Næringslivet i Norge, men spesielt her vest, går så det grinar.

Men grininga frå milliardærane og høgresida er ingenting anna en krokodilletårer fordekt som vestlandsopprør.