FOTO: Cornelius Poppe / NTB

Kva streiken handlar om

No handlar det om at naboen din skal ha råd til å betale straumrekninga, at ho i kassa på butikken skal ha råd til å sende barnet sitt på korpsøving og at me fortsatt skal vere eit samfunn med små forskjellar.

Det er lenge sidan det har vore streik i eit mellomoppgjer. Det er er uvanlege tider. Prisveksten er høg, og det rammar særleg dei med dei lågaste inntektene. Samtidig har rekordhøge leiarlønningar sett standarden i forkant av oppgjeret. Når toppen får meir, bør det vere rom for at resten av laget også få meir.

Blir det for stor strekk i laget, mellom lønnsvinnarane og resten, går det ut over oss alle. Aukande ulikheit rammar tilliten  og samhaldet i samfunnet, og det går ut over produktivitet og næringsliv.

Det er lågtlønte og kvinnedominerte yrke som ville tapt om LO hadde sagt ja til det som kom.

Journalistar som skriv om streiken har ein tendens til å jakte på folk som blir ramma av streiken. Men her vil det store fleirtalet tene på at arbeidstakarane vinn fram med sine krav.

Situasjonen er alvorleg for folk flest. Det er mange som slit med å betale for straum og mat. Det er fleire som søkjer om sosialstønad. Matsentralane har rekordstor pågang. Det er rett og slett mange fleire som slit med å betale for det vi har tenkt på som heilt vanlege ting.

Når LO-leiar Peggy Hessen Følsvik forklarer kvifor dei gjekk til streik, er det fordi det er nettopp desse gruppene som ikkje fekk nok i tilbodet frå arbeidsgivarane. Det er lågtlønte og kvinnedominerte yrke som ville tapt om LO hadde sagt ja til det som kom.

Tala underbygger dette. Frå 1990-talet til i dag har det blitt eit større gap mellom dei lågaste og dei høgaste lønningane her i landet.

Og ser ein på kven som er lågtlønna i Noreg, er det ei mangfaldig gruppe, men ho er prega av at kvinner er i fleirtal, mange er unge og mange har grunnskule som høgaste utdaningsnivå. Innvandrarar utgjer også ein aukande del av denne gruppa.

I eit likestillingsperspektiv, handlar spørsmål om økonomisk tryggleik for kvinnedominerte lågtlønnsgrupper om denne gruppas fridom til å forsørge seg sjølv.

Denne gruppa har også jobbar som gir dei mindre yrkestryggleik. Fleire har midlertidige stillingar og færre er organiserte i fagforeining.

I praksis er det for eksempel ei åleinemor med deltidsjobb på ein butikk, eller serveringsjobb på eit hotell, som no kjenner den stramme økonomien mest, som dette handlar om. Og i eit likestillingsperspektiv, handlar spørsmål om økonomisk tryggleik for kvinnedominerte lågtlønnsgrupper om denne gruppas fridom til å forsørge seg sjølv.

I fjor var prisveksten på 5,8 prosent, mens lønnsveksten var på 4,1 prosent. Det betyr at for dei fleste av oss blei dyrare å kjøpe ting. Aller verst blei det for arbeidstakarane med lågast lønn.

Ved at arbeidstakarsida no står saman i streik for lågtlønnsgruppene, er det fordi det er ei grunnleggande interesse for alle arbeidstakarar å få auka kjøpekraft. Men det er også solidaritet i praksis med nokre av yrka med dei tøffaste vilkåra i dag, som ville sjå ut til å få minst ut ifrå det utkastet som har blitt lekka.

Det vil tene oss alle godt dersom forskjellane mellom folk ikkje får vakse seg større enn dei allereie er.

NHO framstiller det som om alle ville fått ei auka kjøpekraft med tilbodet som har vore i bordet i forhandlingane. Til grunn for det talet låg det ei forventning om lokale lønnstillegg på 1,9 prosent. Det er for mange grupper heilt usannsynleg med eit såpass stort lønnstillegg lokalt.

Ser ein på tala på toppen, var 2022 eit lønnsamt år for mange leiarar. I industrien var lønnsveksten for direktørar på 9,6 prosent. Og som me lærte på skulen, er 9,6 prosent av allereie høg lønn er langt meir pengar i krone og øre enn den same satsen av ei låg lønn. Men dei fleste yrkesgruppene fekk også ein langt, langt lågare sats. Får denne utviklinga fortsetje, vil forskjellane løpe løpsk.

Difor er det godt nytt at arbeidstakarsida no jobbar for å snu denne trenden. Det vil tene oss alle godt dersom forskjellane mellom folk ikkje får vakse seg større enn dei allereie er. No bør arbeidsgivarsida berre lytte.