Det er tid for å velje våre profetar med omhu.
For nokon veker sidan skjedde det igjen. Ein person med mykje pengar slang ut ein negativ påstand om Noreg. Det ga store overskrifter, og så har ein vesentleg del av den politiske debatten handla om denne personen har rett eller tar feil.
Denne gongen var det investoren Øystein Stray Spetalen, som meinte Noreg er øydelagt. No har han flytta til Sveits. Han varslar at han aldri kjem tilbake. Etterpå har både finansministeren og andre politikarar diskutert norsk økonomisk politikk – med utgangspunkt i kritikken frå Spetalen.
Det er klart at for nokon som ynskjer seg republikansk Trump-politikk, er Noreg eit dårleg politisk førebilete.
Mens eg fulgte Spetalen-debatten i sidesynet las eg den nye boka Norsk hybris. Fortellinger frå verdens mest nyrike land av DN-journalist Lars Backe Madsen. I denne boka er det mange korte snuttar om ulike delar av Noregs nye historie, sett frå utviklinga av ei ny og veldig rik klasse. Fleire av snuttane handlar om nettopp Spetalen.
Til dømes er det ein bolk i boka om då Spetalen satt på valvake i november 2015 og heia på presidentkandidat Donald Trump. Dagen etter kommenterte han valresultatet til NRK. «For amerikanere er dette bra», sa han.
I 2017 var Spetalen med på å investere i nettavisa Resett. Målet var mellom anna å få fram meir innvandringskritisk journalistikk. Samtidig var han vara til PFU og kritiserte Aftenpostens dekning av milliardærar sine bruk av skatteparadis.
Dette meinte Spetalen var «faenskap», ifølge Madsen. Same år ga han full støtte til Trump då han valte å trekke USA ut av Paris-avtalen.
Bakteppet er nyttig å vite om når vi skal møte Spetalens kritikk av Noreg. Det er klart at for nokon som ynskjer seg republikansk Trump-politikk, er Noreg eit dårleg politisk førebilete. Men det er greitt å minne om at dette er hans utgangspunkt når vi andre skal ta debatten vidare.
Mange stadar i Noreg er det no uro for den økonomiske framtida. Vil det vere liv i nykkelbedrifter i distriktet om nokon år? Korleis skal vi finansiere velferdsstaten framover?
Psykologiske forsøk viser at vi alle har ein tendens til å bli prega av det fyrste forslaget som blir lagt på bordet.
Dette er viktige debattar. Problemet oppstår når vi startar dei med utgangspunkt i synet til folk som verken er særleg opptekne av å investere langsiktig i arbeidsplassar i Noreg eller bryr seg så veldig om velferdsstaten. Og det skjer litt for ofte i norske avisspalter.
Folk som har mykje meir pengar enn vanleg, blir ofte møtt med ekstra respekt – uavhengig av om dei har blitt rike gjennom arv eller gjennom å sjølv bygge opp nye næringsverksemder. Mange politikarar er redde for å gjere denne gruppa i samfunnet misnøgde.
Ein av grunnane er at det kan føre til sterke motkrefter, i form av lobbyisme og bruk av pr-byrå. Men også fordi dei fryktar utflytting.
Det gir mykje makt til dei som er fyrst ute med å definere kva som er eit problem i samfunnet.
Det kan igjen kan føre til færre investeringar, arbeidsplassar og skatteinntekter i Noreg. Ny forsking som ser på konsekvensane av Sveits-utflyttingane teiknar eit bilete av dei negative konsekvensane ikkje har vore så store, men frykta for meir utflytting sit i hos mange likevel. Til saman gir dette samfunnets rikaste stor påverknad over politikk og debatt.
I psykologifaget snakkar ein av og til om ein forankringseffekt. Dette blir ofte brukt i situasjonar der ein skal setje ein pris. Om ein person skal selje ein bil og sett startprisen på 200 000, gir det ei anna forhandling enn om same person startar på 500 000.
Psykologiske forsøk viser at vi alle har ein tendens til å bli prega av det fyrste forslaget som blir lagt på bordet. Det gir mykje makt til dei som er fyrst ute med å definere kva som er eit problem i samfunnet.
Eg trur vi det siste tiåret har sett ein liknande effekt i skattedebatten. Frå at det var ganske vanleg å snakke om skatt som sivilisasjon, og som eit spleiselag som ga mykje meir enn det kosta, har tonen rundt skatt endra seg i ei anna retning, også langt inn på venstresida.
Dette landet har både rike og vanlege folk med betre verdiar enn det.
Langt fleire startar med utgangspunkt i perspektivet til samfunnets rikaste når vi diskuterer. Det er særleg tydeleg når rapportane frå fjorårets skulevalkamp var at unge gutar var sterkt bekymra for formuesskatten.
Vi kjem kanskje ikkje unna, med det fyrste, at dei med mykje pengar blir ekstra lagt merke til i samfunnsdebatten. Men neste gong skattedebatten brakar laus, burde deltakarane bli utfordra på kva dei eigentleg meiner vil vere ei god samfunnsutvikling for Noreg.
Kanskje kan det gjere det lettare skilje mellom dei som ha meir ressursar til å male eiga kake og dei som faktisk vil bidra til fellesskapet og investere i trygge og gode arbeidsplassar.
Eg trur i alle fall ikkje vi får eit særleg betre velferdssamfunn om vi startar med å ta utgangspunkt i råda til ein som heier på Trump, gir blaffen i klima og gladeleg flyttar til eit skatteparadis med særordningar for dei rikaste.
Dette landet har både rike og vanlege folk med betre verdiar enn det. Det hadde vore bra om vi oftare kunne starte debattane våre ut i frå deira perspektiv.

Kommentarer