FOTO: NTB Scanpix/AP Photo/Rainer Klostermeier

Det som gjekk gale då muren fall

Det høgrepopulistiske partiet AfD gjer det skarpt i Aust-Tyskland. No spør mange om det er resultatet av alt det som gjekk gale med gjenforeininga.

Noko er rote i Aust-Tyskland. 30 år etter at Berlinmuren fall, stiller mange spørsmålet om nett kva som er rote, og ikkje minst kven eller kva som har skulda for det.

I haust er spørsmålet særleg blitt aktualisert etter at det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland (AfD), vart nest største parti ved delstatsvalet i dei tre aust-tyske delstatar. I Sachsen, den mest folkerike aust-tyske delstaten, fekk partiet heile 27 prosent av stemmene, i Brandenburg og Thüringen stemte 23 prosent av veljarane på AfD.

Det fekk der Spiegel-kommentatoren Thomas Fricke til å skrive at AfD sin frammarsj i aust er rekninga for alt det som gjekk gale med den tyske gjenforeininga.

AfD er partiet ingen vil snakke med, men som alle likevel snakkar om. Partiet har ingen direkte påverknad på parlamentarisk arbeid. Til gjengjeld dominerer partiet i den offentlege debatten. Dei valresultata alle snakkar om no, var ikkje berre ein siger for partiet AfD. Det var ein siger for den aller mest ytterleggåande delen av partiet, fraksjonen Der Flügel. Alle toppkandidatane i dei tre delstatane er medlemer av denne radikale fløyen.

Det var ein vakker kveld. Menneske kryssa grenser, dansa i gatene, ved muren. Det var ein revolusjon, og det var ein festkveld.

Tysk politikk har ein noko annleis tradisjon for fraksjonering enn norske parti. Der Flügel er ikkje eit hemmeleg nettverk, men ein open del av partiet. Der Flügel er nasjonalkonservativt orientert. Tankegods frå 1930-talets völkisch-ideologi og ein essensialistisk tankegang knytt til nasjonen, står sterkt i denne fraksjonen.

Andreas Kalbitz, som var  toppkandidat for AfD i Brandenburg, var tidlegare medlem av det høgreekstremistiske partiet die Republikaner og har vore del av høgreekstremistiske nettverk i meir enn 20 år. Björn Höcke, som var toppkandidat i Thüringen, er mest kjent for sin aggressive retorikk. Historikarar har mange gongar påpeika at Höckes ordval er samanfallande med talar heldt av Adolf Hitler og Joseph Goebbels.

Det tyske Verfassungschutz, organet som har mange av dei same oppgåvene som det norske PST, publiserte i mars i år eit 450 sider langt notat som konkluderte med at Der Flügel har så stort samanfall med høgreekstremistisk ideologi, definert som eksplisitte tankar om å setje den demokratiske tyske staten til side, at dei vil overvake grupperinga på politisk grunnlag.

Med dette mørke bakteppet er det viktig å hugse at Berlinmurens fall 9. november 1989 var ei eineståande hending.

Sjølvsagt var endringane i Sovjetunionen, partisekretær Michael Gorbatsjovs glasnost og perestrojka, føresetnaden for at det kunne skje. Den kvelden då muren fall, var Polen alt i gang med å avvikle diktaturet etter meir enn eit tiår med kamp for demokratisering.

Men det som hende om kvelden 9. november, var pressa fram av DDR-flyktningane og av borgarrettsrørsla i DDR. I månadene før hadde 200 000 menneske rømt frå DDR til Vest-Tyskland. Samstundes tok folk til gatene, med krav om politisk endring.

Og det høyrer med til historia at aust-tyskarane har ikkje fått tildelt særleg mange helteroller i tida etter.

Det var flyktningane, og borgarrettsaktivistane som skapte det presset, som fekk DDRs politbyrå til å vedta det dei omtalte som “nye reiseregler”.  Då reglane vart offentleggjort av politbyråmedlemen Günter Schabowski på ein pressekonferanse om kvelden 9. november, rapporterte internasjonal presse at Berlinmuren var opna.

Det var ein vakker kveld. Menneske kryssa grenser, dansa i gatene, ved muren. Det var ein revolusjon, og det var ein festkveld. Berlinmuren hadde vore ein fysisk manifestasjon, i betong og piggtråd, av det jernteppet Winston Churchill snakka om i 1946.

Etter at muren fall, tok det berre nokre få månader før alle dei sosialistiske diktatura i aust og Sentraleuropa var historie.

Annonse
sosialdemokrati i en skjebnetid halvor tretvollsosialdemokrati i en skjebnetid halvor tretvoll

Etterpå kom endringane i ei rasande fart. Og det høyrer med til historia at aust-tyskarane har ikkje fått tildelt særleg mange helteroller i tida etter.

28. november 1989 lanserte den dåverande tyske kanslaren, Helmut Kohl, sin ti punkts plan for ei rask tysk gjenforeining. Mindre enn eitt år seinare, 3. oktober 1990, var eit samla Tyskland eit faktum.

Måten samlinga skjedde på var ikkje akkurat på like fot. Det var Vest-Tyskland, med sin sterke økonomi, 40 år lange tradisjon som velfungerande demokrati og 61 millionar innbyggjarar, som slo seg  saman med DDR, eit tidlegare diktatur med 16 millionar innbyggjarar og ein fullstendig skakkjørt økonomi.

Tittelen på den nye boka til historikaren Ilko Sascha Kowalczuk er dekkande for det som skjedde. Den heiter Die Übernahme, “Overtakinga”.

Folk i det tidlegare Aust-Tyskland kjenner ein sterk, regional identitet som aust-tyskarar.

Etter gjenforeininga følgde eit total økonomisk samanbrot i Aust-Tyskland. I boka Die neue ordnung auf dem alten Kontinent skriv historikaren Pilipp Ther at det økonomiske samanbrotet i det tidlegare DDR var meir omfattande enn i noko anna tidlegare Warszawapakt-land. Den einaste parallellen er å finne i Bosnia-Hercegovina etter Jugoslavia-krigen.

Verknadene av samanbrotet følgde det tidlegare DDR i meir enn to tiår. I dag er massearbeidsløysa si tid i aust over. Men ingen annan region av Tyskland har så mange usikre, dårleg betalte jobbar.  Ein av tre aust-tyskarar har jobb i lågtlønnsektoren.

Økonomi, ikkje nødvendigvis i form av dårleg personleg økonomi, men i form av frykten for å miste det man har, er ifølgje ein studie frå Hans Böckler Stiftung eit viktig kjenneteiknn på AfD sine veljarar.

DDR var eit totalitært diktatur. Å ha erfaring derifrå som elev, student eller arbeidstakar, sto ikkje særleg høgt i kurs i det nye, samla Tyskland. Med gjenforeininga fekk det tildegare DDR ein heilt ny elite frå Vest-Tyskland. Framleis i dag er folk med bakgrunn frå aust underrepresentert i maktposisjonar. Ein studie frå Universitetet i Leipzig frå 2017, slo fast at aust-tyskarar berre har 1,7 prosent av topp-stillingane i det tyske samfunnet.  Her er jobben til kanslar Angela Merkel inkludert.

Difor blussar også diskusjonen om å opprette ein eiga kvoteringsordning for folk frå aust stadig opp att.

Folk i det tidlegare Aust-Tyskland kjenner ein sterk, regional identitet som aust-tyskarar, trass i at Aust-Tyskland verken er ei politisk eller administrativ eining. Samstundes seier svært mange av innbyggjarane i aust, i denne undersøkinga så mange som 57 prosent, at dei kjenner seg som annanrangs borgarar i Tyskland.

Når ein skal forstå kvifor AfD gjer det så skarpt i den austlege delen av Tyskland, er svaret at det sjølvsagt har noko med gjenforeininga å gjere.

I sin valkamp i haust har AfD forsøkt, og klart, å slå politisk mynt på splittinga mellom aust og vest. Som journalist har eg vore til stades i delstatsvalkampen. AfD sine politikarar brukte ein revolusjonær retorikk. Dei snakka om dagens Tyskland som ei slags vidareføring av DDR, som ein urettvis, illegitim stat. Eit slagord som gjekk att var Wende 2.0. Die Wende er ordet tyskarane brukar om hendingane i 1989.

Når ein skal forstå kvifor AfD gjer det så skarpt i den austlege delen av Tyskland, er svaret at det sjølvsagt har noko med gjenforeininga å gjere. Det vil likevel vere både overilt og feil å konkludere med at heile gjenforeiniga er mislukka. Den har gitt politisk fridom, nye moglegheiter og velstandsvekst i aust. Men mange enkeltsaker kunne sjølvsagt ha blitt handtert annleis.

Framgangen til AfD handlar ikkje berre om aust og vest. Den heng saman med ein auke i framandfiendtlege haldningar. Det er ein del av ein internasjonal trend.

Men apropos maktforholdet mellom aust og vest; trur du toppkandidatane til AfD ved delstatsvala i haust er frå aust? To av dei mest markante, Andreas Kalbitz og Björn Höcke, voks opp i Vest-Tyskland. Dei kom ikkje austover før etter Die Wende i 1989.