Høgre la i dag fram sitt alternative budsjett. Det var eit flashback til debattane me hadde om usosiale kutt dei 8 åra Erna Solberg var statsminister.
Eg trudde kanskje, naiv som eg var, at dei ville lære av alle historiene om kva dette førte til, i ei tid med stigande prisar og meir fattigdom. Men nei, dei står openbart fortsatt for denne usosiale politikken.
For her blir gamle kutt gjeninnført på løpande band:
- Dei gjeninnfører det usosiale karensåret på arbeidsavklaringspengar, som i praksis sett folk utan arbeid utan inntektssikring i eit heilt år.
- Igjen mistar arbeidsledige retten til feriepengar.
- Samtidig får NAV kutt i pengar til drift, så dei må løpe fortare på jobb og får mindre tid til kvar person dei skal følgje opp.
- Det offentlege, som gir oss velferda vår, må effektivisere stort.
Dei siste vekene har det blitt kjent at køane på matsentralane rundt om kring aukar stort. Med dette budsjettet ville køane på matsentralane blitt enno lenger.
For til tross for at dette budsjettet også har positive grep, som å auke den universelle barnetrygda og innføre nokre fleire tiltaksplassar for å få fleire inn i arbeidslivet, vil det ikkje monne totalt sett når dei samtidig kuttar så usosialt.
Høgres budsjettforslag, som heldigvis ikkje vil få fleirtal i dag, ville ha gjort den situasjonen langt verre.
Dei som blir råka av dette, er ikkje gjennomsnittsfamilien med to yrkesaktive foreldre. Det er derimot dei av oss som har meir utrygg tilknyting til arbeidslivet. Dei av oss som har mista jobben og dei av oss som er for sjuke til å jobbe. For denne betydelege gruppa i norsk økonomi er det ikkje berre å knipse med fingra og finne seg ein jobb eller bli frisk. Dei må leve og gjere det beste ut av det i den situasjonen dei er i. Høgres budsjettforslag, som heldigvis ikkje vil få fleirtal i dag, ville ha gjort den situasjonen langt verre. Vegen til arbeidslivet blir ikkje nødvendigvis kortare av at ein er fattig. Derimot kan fattigdom vere helseskadeleg, og det kan gjere vegen til arbeid lengre.
SSB har lagt fram tal som viser at det er 900 000 av oss som ikkje vil klare ei uføresett utgift på 19 000 kroner. Ei sånn utgift kan typisk vere ei tannlegerekning. No er det sett i gong eit arbeid med tannhelsereform, for å få tannhelseutgiftene ned på folketrygdnivå. Dette blir også stoppa i Høgres forslag til statsbudsjett.
Nei, dei står openbart fortsatt for denne usosiale politikken.
Men også arbeidslivet ville ha merka ei endring. Innsatsen i Arbeidstilsynet med å innføre eit nytt innleieregelverk, som skulle rydde opp i bruk av urimeleg innleie i arbeidslivet, blir kutta. Pengane som skulle gå til forsøk med heiltidskultur forsvinn også. Det er synd, i all den tid norsk arbeidsliv har ein arbeidskraftreserve som ynskjer, men ikkje får lov til, å jobbe meir, fordi det ikkje blir lagt til rette for.
Høgre ligg no på over 30 prosent på meiningsmålingane. Heldigvis er det lenge til neste stortingsval.
Kommentarer