FOTO: NeONBRAND/Unsplash

Med rett til å nekte

Skal læraren følgje samvitet sitt eller leiarane sine?

Ein lærar står i skvis mellom to plikter. På den eine sida skal han undervise i tråd med det som er sant, godt og rett. Dersom han skal vere ein profesjonell, og ikkje berre ein tenar, kan han ikkje unnskylde seg med å seie at han berre gjer som han får beskjed om.

På den andre sida skal læraren undervise i tråd med lovverk, læreplanar og lærebøker. Han er trass alt arbeidstakar, tilsett i skular som står under demokratisk kontroll, og står slik i eit tenesteforhold. Som oftast går dette bra, men kva gjer ein om det blir konflikt mellom desse to pliktene? Skal læraren då følgje samvitet sitt eller leiarane sine?

I lærarstriden under krigen viste lærarane til samvitet sitt. I den berømte moterklæringa deira heitte det: «(Lærere) skal også lære (elevene) å tro og ville det som er sant og rett. Derfor kan de ikke uten å svikte sitt kall lære noe som strider mot deres samvittighet.» Men kva ligg i dette “derfor”?

Folkevalde kan ikkje bestemme korleis kirurgen skal operere eller ingeniøren byggje brua.

Samvitet er neppe ei ufeilbarleg kjelde til sanning. Kva sikrar at lærarane sitt samvit er i tråd med det som er sant og rett? Det er sjølvsagt lett å sjå kven som hadde retten på si side i lærarstriden. Det dreidde seg trass alt om ei totalitær okkupasjonsmakt. Det er vanskelegare å seie om det kan vere rett å nekte og protestere dersom myndigheitene er demokratisk valde.

Den mest kjende debatten om profesjonelt samvit i Noreg dei siste åra, handla om fastlegar sin reservasjonsrett i abortsaker. Morten Magelssen var ein sentral forkjempar for reservasjonsrett i fastlegedebatten. Han meinte at reservasjonsrett også bør gjelde andre yrkesgrupper, til dømes lærarar som er usamde i pensum, så lenge det står ei djup overtyding på spel og det ikkje går ut over andre viktige interesser. «Også i andre yrker kan man oppleve at dette kan jeg bare ikke være med på, her må jeg sette foten ned», uttalte Magelssen.

Men har me liknande saker innan skule og utdanning? Kanskje ikkje like tydelege, men det såkalla Sandefjord-opprøret reiser nærskylde spørsmål. Marius Andersen og Joakim Volden heldt på å miste jobben sin som lærarar fordi dei nekta å bruke eit vurderingsskjema som kommunen ville innføre. Dei argumenterte med at omfattande kartlegging og rapportering øydela for elevane si læring og utvikling: «Dette dreier seg om ungenes beste og om tilliten til oss som lærere — at vi faktisk kan det vi driver med», sa dei.

Men demokrati tyder ikkje at folkevalde skal bestemme alt, eller at dei skal kunne bestemme kva som helst.

Det er viktige forskjellar mellom dei to sakene, men i begge tilfelle handlar det om at ein nektar å gjere ting som normalt fell inn under stillinga ut frå djupe moralske overtydingar om at det er galt. Skal lærarar ha rett til å nekte å gjere ting som strir mot deira samvit eller må dei gjere som dei får beskjed om, enten dei er samde eller ikkje?

Det viktigaste motargumentet er det demokratiske argumentet: alle må bøye seg for lover som er demokratisk vedteke, sjølv om dei ikkje er samde med dei. Med kva rett kan lærarar stå opp mot demokratiske vedtak? Særleg offentleg tilsette (som dei fleste lærarar er ) og andre som utfører skattefinansierte oppgåver må vel følgje dei lovene og reglane som gjeld for stillingane deira? Ein likningsfunksjonær kan ikkje la vere å krevje inn ein bestemt type skatt fordi han sjølv er mot skatten.

Men demokrati tyder ikkje at folkevalde skal bestemme alt, eller at dei skal kunne bestemme kva som helst. Folkevalde kan ikkje bestemme korleis kirurgen skal operere eller ingeniøren byggje brua. Dei kan bestemme kor mykje pengar som skal løyvast til kirurgi eller bruer, samt sette rammer for verksemda, men detaljane må overlatast til fagfolk, dei som kan operere pasientar eller byggje bruer.

nyhetsbrevet

I Sandefjord-saka stod derfor lærarane sin profesjonelle kompetanse mot det demokratiske aspektet. Som me har sett meinte dei to lærarane at saka handla om “tilliten til oss som lærere — at vi faktisk kan det vi driver med”. Mange av dei folkevalde i bystyrets skole- og barnehageutval som vedtok vurderingsskjemaet, hadde på si side ingen spesiell kompetanse om barn og skule.

Men kompetanseargumentet kan også snus mot lærarane. Ein enkelt lærar kan ikkje vere ekspert på alt. Dei fleste lærarar er ikkje fortrulege med oppdatert forsking om kva som er til det beste for elevar og kva som skapar eit godt utdanningssystem på sikt — det kan ein heller ikkje vente.

Trass alt ønskjer ein seg ikkje at læraryrket berre tiltrekkjer seg menneske utan eit djupt engasjement.

Eit anna argument for å gi profesjonsutøvarar rett til nekting på samvitsgrunnar, har å gjere med verdien av moralsk integritet.

Ein person med integritet står for noko og står opp for det, slik at det er samsvar mellom liv og lære, teori og praksis. Ho har mot og viljestyrke til å halde fast ved det ho trur på, også når det stormar og ho får motbør. Og ikkje berre handlar ho i tråd med det ho står for, ho er også budd til å tale for det. Ho står opp for sine standpunkt, og skjuler ikkje kva ho meiner, heller ikkje når det ville vore lettare for ho å gjere det. Fleire metaforar peiker på desse sidene ved integritet: dersom ein har integritet, “sel ein ikkje sjela si” eller “snur kappa etter vinden”.

Grunnen til at det er viktig å gi profesjonsutøvarar rom til å nekte av samvitsgrunnar og å ha høgde under taket i spørsmål om reservasjonsrett, har nettopp å gjere med verdien av integritet.

Det er eit gode for samfunnet å ha profesjonsutøvarar med integritet. Fordi me har tillit til at profesjonelle kan tinga sine, får dei eit rom til å avgjere sjølve kva dei skal gjere, innanfor visse grenser. Men dette rommet krev også at dei har etiske standardar, slik at tilliten ikkje blir misbrukt. Derfor er det godt for samfunnet, som treng dei profesjonelle sine tenester, at dei har gjennomtenkte standpunkt, og at ein dyrkar fram ein kultur for etisk refleksjon i profesjonane.

Av den grunn bør ein ikkje redusere ein profesjonsutøvar til berre ein som skal gjere som han får beskjed om. Trass alt ønskjer ein seg ikkje at læraryrket berre tiltrekkjer seg menneske utan eit djupt engasjement.

Dersom desse kriteria er oppfylte, kan ein seie at protesten er legitim.

Det tyder ikkje at retten til å nekte er utan grenser og at ein kan vise til samvitet for å nekte alt mulig. Protesten kan til dømes ikkje leggje for stor byrde på tredjepart. Ein lærar kan ikkje nekte å undervise ein elev med hijab fordi han eller ho er kritisk til denne praksisen. Protesten kan heller ikkje vere urimeleg i den forstand at det er i strid med godt etablert vitskapeleg kunnskap. Ein biologilærar kan ikkje nekte å fortelje elevane om evolusjonsteorien fordi han meiner at jorda, dyra og menneska vart skapte av Gud på 7 dagar.

Det følgjer av det siste kriteriet at dersom protesten eller nektinga er av profesjonell art, som i Sandefjord-saka, så må protesten vere basert på rimelege faglege grunnar, dvs. at det er enten etablert kunnskap i faget eller at det er innanfor rommet av rimeleg usemje innanfor faget. Det er trass alt fordi læraren har ein kunnskap som me andre ikkje har at me har tillit til at hans protest ikkje berre er uttrykk for private preferansar, men er noko som er verdt å lytte til.

Dersom desse kriteria er oppfylte, kan ein seie at protesten er legitim. Det tyder ikkje nødvendigvis at protesten er gjort med rette, men det tyder at det ikkje bør straffast og at ein bør prøve å ta vare på eit rom for det.

nyhetsbrevet