Høgre føreslår ein skulepolitikk ingen har etterlyst. Og det er ingen grunn til å tru at han vil gi ønskt effekt.
Det var ei tid då skulepolitikken var ein veljarmagnet for partiet Høgre. Slik er det ikkje lenger. Den gongen formulerte partiet kva som var problemet – elevane lærte ikkje nok – og føreslo ein medisin. Hovudingrediensen var testing av elevane og kontroll over lærarane. Då Erna Solberg sist veke presenterte Høgres oppskrift for ro, orden og auka læring i skulen, var det, for å låne Høgres eige valkampslagord – berre gamal politikk.
Etter krisemåling på krisemåling, den siste i Nettavisen der partiet fekk ein oppslutnad på 14,8, har Høgre kalla inn til stadig nye pressekonferansar for å få fart i valkampmaskineriet. I rask rekkefølgje har partiet presentert sine krav om skattekutt, meir politi i gatene og kamp mot ungdomskriminalitet.
Det er i grunnen litt skuffande at eit parti som er så opptatt av å teste andre er så lite interessert i testresultata til eigen skulepolitikk.
Så kom turen til skulen. Høgre viser til fallande, og skuffande, prestasjonar frå norske elevar i samanliknande, internasjonale kunnskapstestar. Det handlar særleg om lesing, matematikk og naturfag, der andelen av elevar som presterer på det som er klassifisert som lågaste nivå, aukar.
Medisinen partiet skriv ut er den same som før; fleire undervisningstimar, meir terping på lesing, rekning og skriving, fleire testar, meir kartlegging og nasjonale prøvar. Det er i grunnen litt skuffande at eit parti som er så opptatt av å teste andre er så lite interessert i testresultata til eigen skulepolitikk.
Dagens skulelevar har fleire undrvisningstimar i grunnskulen enn nokon gong.
Høgres store grep er å gi dei yngste elevane ein ekstra undervisningstime, kvar dag. Altså fem ekstra undervisnings timar i veka. Høgre melder at elevane skal få jobbe enno meir med lesing og rekning og alt det andre dei strevar med.
For den som ikkje sjølv jobbar i skulen, høyrest det kanskje ut som ein god idé. Men dagens skulelevar har fleire undrvisningstimar i grunnskulen enn nokon gong. Likevel har vi både lese- og reknekrise blant elevane. Skuleforskaren Elise Farstad Djupedal som er knytt til NTNU har rekna ut at den norske grunnskulen har fått 1359 ekstra undervisningstimar sidan 1980-talet. Det tilsvarer to ekstra skoleår.
Det eine året kom til med 97-reformen då den tiårige grunnskulen vart innført. Det andre har blitt lagt til, time for time. Djupedal forklarte til NRK at dei ekstra timane har blitt fordelt akkurat slik Høgre vil. Det har blitt meir norsk og matematikk.
Dei unge lærer å bli lei. Det er ein sørgjeleg tanke.
Djupedal sa også at dei yngste barna har fått ein mindre variert og meir einsformig skuledag. Samtidig har prestasjonane på samanliknande, internasjonale kunnskapstestar som PISA ikkje blitt betre. Og det er jo synd, for alle desse grepa vart tatt under sterk påverknad av det såkalla PISA-sjokket i 2001, då norske elevar heller ikkje presterte på den måten politikarane ønskte.
Samstundes seier mange unge at skulen er kjedeleg. Over halvparten seier at dei ofte eller svært ofte blir lei skulearbeidet, ifølgje Ungdata-undersøkinga. Djupedal sin kommentar til dette var at dei unge lærer å bli lei. Det er ein sørgjeleg tanke.
Høgre seier dei skal vere garantist for kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar, lekser og karakterar. Det blir ei heilomvending frå Stortingsmeldinga om ein meir praktisk skule. Der gjekk regjeringa inn for å erstatte dei gamle nasjonale prøvane med mindre omfattande testar.
Skulepakken til Høgre osar av mistillit til dei som jobbar i skulen.
Utdanningsforbundet er kritiske til Høgres testgaranti. Dei hevdar det gamle regimet skapte skulestress for elevane og var lite nyttig for lærarane. Det var elles Utdanningsforbundes leiar Geir Røssvoll som var først ute med å omtale Høgres skulepakke som meir av det som ikkje fungerer.
I debatt på Dagsnytt 18 forklare Erna Solberg sjølv at grunnen til at partiet vil ha ein meir skule og mindre SFO er at «mange opplever SFO som passivt». Og dei nasjonale prøvane måtte til, sjølv om lærarane «ikkje liker å bli sett i kortene», ifølgje Solberg.
Skulepakken til Høgre osar av mistillit til dei som jobbar i skulen. No i juli er avisspaltene elles fulle av sommarlesetips. Mitt tips til Høgres skolepolitikarar er å sette seg inn i den nye forskinga om verdien leik har for læring. Her finst eit rikt tilfang – stadig fleire artiklar tyder på at leik, også den som ikkje er styrt av vaksne, er avgjerande for barns læring.
Kommentarer