Bildet viser hendene til en person som holder en åpen lommebok. Lommeboka er tom.
FOTO: Towfiqu barbhuiya / Unsplash

Når oppvaskmaskina ryk

Kor mange av oss som er fattige, kjem an på korleis vi spør.

No for tida sitt eg mykje på kjøkenbordet heime med nasen ned i tekstar om fattigdom, av og til med den svake, jamne duren av oppvaskmaskina ved sidan av meg. I det siste har den laga litt rare lydar. Det hadde ikkje vore perfekt, om dei aukande utgiftene vi har for tida måtte toppast med kostnaden av ei ny oppvaskmaskin.

Det er mange måtar å måle knappheit på ting på. Ein ting som forbausar meg, er at vi ikkje diskuterer oftare kor grensa skal gå for kva det vil seie å vere fattig.

Korleis vi definerer fattigdom er viktig, fordi det er politikk.

I den viktige, og vittige, boka Amerikansk karmageddon av Thomas Seltzer, skriv han om korleis det amerikanske målet på fattigdom oppstod. Den amerikanske økonomen Mollie Orhansky blei tidleg på 1960-talet spurd om å lage ein statleg definisjon. Ho hadde sjølv vakse opp med lite og hugsa godt korleis det var å leve med mangel på mat. På denne tida var mat ei av dei utgiftene som var ganske like på tvers av statar. Så ho tok utgangspunkt i kva det ville koste å kjøpe ein viss mengde mat, som pleidde å ta ein tredel av folks hushaldningsbudsjett. Så blei det ganga opp med tre, og så blei det amerikanske fattigdomsmålet etablert.

Andre leser også: At vi får dårligere råd er villet politikk.

I tiåra etter gjekk ikkje prisen på mat opp like mykje som prisen på andre ting, som helsehjelp og å ha ein plass å bu. Etter kvart opptok mat berre ti prosent av eit standard hushaldningsbudsjett i USA, ikkje trettitre prosent, som det gjorde då Orhansky laga denne fattigdomsdefinisjonen. Men definisjonen endra seg ikkje.

I praksis betyr det at terskelen for å bli definert som fattig i USA sakte med sikkert har blitt kraftig heva. No må du vere veldig mykje fattigare for å få lov til å kalle deg «fattig». Hadde ein tatt utgangpunkt i at folk må ha råd til det same som på 1960-talet for å hamne over fattigdomsgrensa, hadde langt fleire amerikanarar vore del av fattigdomsstatistikken i dag.

Det er nok mange som ligg rett over denne typen definisjonar som kan ha det krevjande også.

Korleis vi definerer fattigdom er viktig, fordi det er politikk. Tala seier noko om omfanget av eit problem, og med det kor mykje ein skal prioritere å gjere noko med det. Har du lite pengar, men hamnar utanfor definisjonen av fattigdom, blir det fort vanskelegare å argumentere for at fellesskapet skal hjelpe deg.

I Noreg har vi ingen offisiell definisjon på fattigdom, og SSB er veldig tydelege på sine sider om at det finst ei rekke måtar å måle på. Likevel er den vanlegaste definisjonen å sjå på kva som er 60 prosent av medianinntekta. Har du mindre enn det, er du fattig. Det er nok mange som ligg rett over denne typen definisjonar som kan ha det krevjande også. Men offentlegheitas lys og politikaranes fokus er ikkje på dei.

Uansett gjer vi lurt i å ikkje gifte oss med berre ein definisjon på kva fattigdom er, men bruke fleire mål samtidig som til saman kan fange betre opp korleis det eigentleg står til.

Eit av dei måla vi snakkar mest om her til lands i diskusjonar om barn i fattige familiar, er talet på barn som lever i familiar i såkalla «vedvarande låginntekt». Det betyr at dei har hatt lite pengar i familien i tre år. Dette talet har gått kraftig opp dei siste tjue åra, frå 3,3 prosent i 2001 til 11,3 prosent i 2021. Men at familien din må ha vore fattig i tre år for å kome inn under denne statistikken, seier oss noko om at vi også treng andre indikatorar.

Ei gruppe som fort forsvinn frå radaren er dei som har låg inntekt, men dei bur med nokon som tener meir, og klarer seg fint på den måten

Eit reint inntektsmål gjer at ein mistar blikk for kva som skjer når utgifter endrar seg vesentleg på kort tid. Då får ein ikkje fanga opp effekten av at SFO har blitt gratis for 1. og 2. trinn dei siste åra, men heller ikkje for at prisen på mat, huslån og energi har gått opp, og at fritidsaktivitetar har blitt dyrare. Difor er det bra at SSB også jamleg publiserer undersøkingar som ser på kor mange som klarer å dekke sine grunnleggande materielle og sosiale behov.

Les også: Fattigdum og dummere.

Dei kan fortelje at det i fjor var ein av fem av oss som ikkje ville klart å handtere ei ekstra utgift på 20 000 kroner. Ein av tjue hadde ikkje råd til å gå til tannlegen i 2022.

Ein annan måte å måle på er å sjå kor mange som søkjer om sosialhjelp. Frå 2021 til 2022 gjekk etterspurnaden etter sosialhjelp i norske kommunar opp med 18 prosent. Samtidig veit vi at ei vesentleg gruppe vel å gå til matsentralar for å få hjelp i staden for å kontakte NAV.

Den økonomiske prisen for å ta det valet kan vere høg for mange.

Ei gruppe som fort forsvinn frå radaren er dei som har låg inntekt, men dei bur med nokon som tener meir, og klarer seg fint på den måten. Det er ein situasjon som går bra så lenge relasjonane i heimen går bra. I NRKs nydelege podkast Skitbyen, om journalistens fyrverkeri av ei mamma, Berit, fortel ho ei rekke historier om sitt liv. Ei av dei er om korleis ho hamna i kommunal bustad og med mangel på pengar. Ho fortel om situasjonar med valdelege forhold, der ho har valt å ta med seg barna og gå. Den økonomiske prisen for å ta det valet kan vere høg for mange. Det bør politikarane i velferdsstaten vere klar over, og lage betre system for.

I vår treroms på Oppsal i Oslo hadde ikkje jula blitt øydelagt om oppvaskmaskina røyk. Men det er nye, dyre tider for oss alle. Det krev at fellesskapet følgjer nøyare med. Og politikarane må vere viljuge til å strekke seg lenger for å sikre at så mange som mogleg har råd til å kjøpe julekalender og julegåver til sine barn også i år.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 27. november 2023.