FOTO: Javad Parsa / NTB

Nye tal og betre fordeling kan føre oss saman

Både verda og Noreg tar no steg framover som kan gi oss betre tal på kor store dei økonomiske forskjellane faktisk er.

I New York, om ein liten månad, vil statsleiarar og politikarar frå heile verda samlast til FN si generalforsamling. Her skal dei bidra til trafikkork og kaos i byen som aldri søv, men fyrst og fremst snakke om krig og fred og alt som skjer i verdspolitikken. Eit av arrangementa er markert med stor skrift i min kalender. 23. september skal statsleiarar frå ei lang rekke land møte opp, for å markere eit panel som kan gi oss meir felles og samla kunnskap om ulikskap.

Det er godt nytt, og Noreg har spelt ei viktig rolle for at dette kan skje.

Den økonomiske ulikskapen i verda er ein vaksande trussel mot demokrati, maktfordeling og folks velferd. Vi treng berre å sjå til verdas rikaste mann. Den siste veka har vi lest om Ukraina som ber Elon Musk om tilgang på Starlink-dronar til å slå ut russiske rakettoppskytarar inne i Russland. Den tilgangen er det Musk åleine som kontrollerer.

Samtidig kan vi dagleg lese om konsekvensane av at den same mannen har gjennomført amerikanske bistandskutt som vil føre til at millionar av menneske vil døy unødig. Verda treng betre vern mot at enkeltpersonar kan ha så mykje makt over global politikk og millionar av menneskes velferd, i kraft av at dei er veldig rike.

Noreg har, som nevnt, spelt ei viktig rolle i dette arbeidet så langt.

Vi veit eigentleg allereie meir enn nok om globale forskjellar til å gjere noko med dei. Vi veit at 839 millionar menneske lever i ekstrem fattigdom. Det er ikkje mangel på pengar som gjer at det er sånn, det er fordelinga av dei. Difor gir det framleis god meining at Noreg, som eit rikt land i denne situasjonen, skal fortsetje å gi ein prosent av alle dei pengane vi tener til å bekjempe denne ekstreme fattigdomen, kombinert med andre tiltak for å redusere økonomisk ulikskap.

Det er likevel eit hovudproblem i arbeidet mot forskjellar at vi har for lite detaljert kunnskap om korleis verdiane er fordelt. Både i Noreg og globalt er den offisielle statistikken upresis, mellom anna fordi verdiane til dei aller rikaste ofte dett ut av statistikken. Seinast i den norske skattekommisjonens arbeid fekk vi lese om at veksten i inntektsulikskap i Noreg går ned. Tar ein inn alle dei reelle verdiane inn i reknestykket, får vi eit heilt anna bilete.

SSB-forskar Ola Vestad viste i ein rapport i 2024, basert på desse reelle verdiane, korleis den rikaste promillen, prosenten og tiprosenten har meir konsentrert økonomisk makt enn nokon gong. Men fordi denne utviklinga ikkje blir fanga opp i den offisielle statistikken, baserer debatt om forskjellar seg alt for ofte på upresise tal, basert på den ufullstendige informasjonen som står i skattelistene. Då er det lett å tru at problemet med økonomisk ulikskap er mindre enn det faktisk er.

Globalt er utfordringane like. I eit ekspertutval nedsett for G20, leia Nobelprisvinnar i økonomi, Joseph Stiglitz i fjor eit arbeid for å sjå på korleis dei økonomiske forskjellane i verda kan gå ned. Eit av deira mest sentrale forslag var å etablere eit globalt panel for måling av ulikskap. Etter inspirasjon frå FNs klimapanel, er tanken at dette panelet kan bidra med å samle meir presis kunnskap frå forskarar om korleis det faktisk står til. Det vil gi mindre forvirring i debatten, og det vil kunne gi eit betre faktagrunnlag for handling.

Eg er veldig glad for at vi har ei regjering og eit politisk fleirtal som no jobbar for det.

Noreg har, som nevnt, spelt ei viktig rolle i dette arbeidet så langt. Saman med Spania, Sør-Afrika og Brasil har ein jobba med å lage eit forslag til korleis eit sånt panel vil kunne sjå ut. No er spørsmålet kva land som stiller seg bak panelet, og kor brei oppslutning det vil få.

Nasjonalt skjer det også positive ting. I vår fekk SV gjennomslag i revidert statsbudsjett for at Noreg skal setje ned eit offentleg utval som skal sjå på korleis Noreg skal få mindre økonomiske forskjellar. Dei skal også bidra med oppdaterte tal på stoda. Det treng vi når dei årlege tala i statsbudsjettet ikkje gir oss det fulle og heile biletet, verken på inntekt eller formue. I dag er vi prisgitt utrekningar frå gravejournalistane i finansmagasinet Kapital for å få eit slags inntrykk av korleis utviklinga er på toppen av den økonomiske stigen.

Aukande forskjellar skaper større avstand mellom ulike typar folk. Vi går mot ei utvikling der dei som har arva bur éin stad, og dei som ikkje har arva bur ein annan stad. Vanlege jobbar er ikkje nok til å kunne finansiere ein bustad i sentrale strøk, der dei med mest økonomisk og politisk makt bur. Kva vil skje med fellesskapet vår då, når ulike folk ikkje møtes like ofte på dei same butikkane og dei same foreldremøta? Eg fryktar meir polarisering og mistru mellom folk.

Difor er det godt nytt at det no skjer fleire ting som gir oss betre tal. Betre tal åleine vil ikkje vere nok til å få oss ut av forskjellsveksten, men det vil vere eit naudsynt steg på vegen, både globalt og nasjonalt.

Eg er veldig glad for at vi har ei regjering og eit politisk fleirtal som no jobbar for det.