Kvifor eg valde å studere russisk

Fleire år med læring av russisk har resultert i eit elsk-hat forhold til eit land som fortener betre.

Det er femti år sidan (5. mars, 2016) Anna Akhmatova døydde i Domodedovo utanfor Moskva som ei av dei mest kjende poetane av si tid. Ho hadde bak seg eit stort forfattarskap og mykje pinsler privat og i karrieren, ikkje ulikt mange andre russiske forfattarar og borgarar under terrorveldet til Stalin – og i dag. Men ho greidde å setje ord på pinslene. Hennar dikt Rekviem er obligatorisk pensum for ein kvar russar og russiskstudent – både som litteratur og historie – og er dessverre blitt høgaktuelt igjen.

Var det verdt det?

Minnedagen får meg til å tenkje på kva det russiske språket har meint for meg – som gjennom femten år med sveitte, tårer og latter bruker språket aktivt i arbeidet som menneskerettsaktivist, i kommunikasjon med vener og som lesehest. Eg får ofte spørsmål om kvifor eg valde å studere russisk. Var det på grunn av litteraturen, historia, reisemåla? Var det verdt det?

Svaret er ganske enkelt at eg ville læra meg eit vanskeleg språk. Og takk vera alle dei erfaringane og kjenningane språket har gitt meg i løpet av desse åra, er det verdt det sjølv om eg av og til skulle ønske eg ikkje forstod statleg propaganda og nedsettande utsegner i sosiale media i Russland. Samstundes slit eg framleis med trykkendringar i fleirtal, er usikker på kva kasus som følgjer etter «å vera takksam» og får nervøse rykkingar i augekroken av rørsleverb.

Det byrja i det små – med alfabetet og korte setningar. Dei kyrilliske bokstavane blir heldigvis skrivne frå venstre mot høgre, men det er fleire av dei, og nokre er urovekkande like, noko til dømes «tsj», «sj», og «sjtsj» likar å utfordra ferskingar på. Likeleis finst det nokre lydar som er vanskeleg å få til uansett kor mykje ein øver – som vokalen «Ы». Nokre lærarar sa ein skulle tenkje seg lyden ein lagar når ein blir slått i magen, eit slags djupt stønn med blanding av «y» og «i», men det er ikkje lett.

I 2008 ble det laget en film om Anna Akhmatovas liv og diktning.
I 2008 blei det laga ein film om Anna Akhmatovas liv og dikting.

Under eit utvekslingsopphald til det diplomatiske topp-universitetet MGIMO i Moskva, sat me – ein gjeng master- og Ph.D-studentar og ein professor i samanliknande politikk – rundt eit bord og sleit med denne lyden. Den kinesiske toppstudenten Wendy var som alltid flink med leksene og skulle lesa ein setning frå ein butikkdialog. «Ching», seier ho i fullt alvor. «Syr», seier læraren oppmuntrande. «Ching», seier Wendy igjen. «Syr», seier læraren tolmodig.

«Ching», seier Wendy, og me bryt alle ut i lått, inkludert professoren. For ein kinesisk toppstudent er det sjølvsagt lite som er meir utenkeleg enn at professoren ler av deg. Men trass all intelligensen og kunnskapen som sat rundt bordet, så mange år med studie, så var me rett og slett ute av stand til å seie «ost».

Russisk er eit rikt språk i seg sjølve.

Men dersom uttalen ikkje er riktig, kan du rett og slett berre gløyme å bli forstått. Når du har avansert med russiskstudia og trur du er klar til å nytte språket til praktiske føremål i det minste, får du den overdrivne sjølvtilliten rett i trynet. Sett at du vil tinga mat på ein restaurant, og ber om «Pelmeni, er De snill». (Yes, fekk til både mjuk l i pel’meni, og «zh»-lyden og alle konsonantane i ordet «Pozhalujsta».)

Servitrisa spør så om du vil ha noko å drikke, og du svarer optimistisk «Vóda», med trykk på den første vokalen. Ho ser uforståande på deg. «Kva?»  «Vóda?», seier du igjen, litt meir usikkert. Fullstendig stopp i kommunikasjonen, umogleg å forstå kva du vil ha å drikke. Ei venninne stikk nasen i ei bok og seier så sjølvsikkert «Vodá»! «Kvifor sa du ikkje det, seier servitrisa, himlar med augo og skriv ned «vatn». Om du pustar ut for tidleg etter denne prøvinga kan det så hende du er riktig uheldig og ho spør deg om du vil ha med eller utan is, som du trudde heitte «ljod». «Sol’dom ili bezlda?» spør ho, og så er du like langt.

På universitetet i Bergen hadde me gode russiskpedagogar til praktisk samtale på russisk. Men dei var ofte kvinner i femti-seksti-åra, og når dei unge karane så kom til Det norske Universitetssenteret i St. Petersburg og skulle praktisere russisken sin ute blant jamaldrande, fekk dei høyre at dei snakka som ei gammal dame. Lærenæme som dei var, slo dei dimed om til det språket dei unge karane brukte, noko som igjen førte til bakoversveis og andevanskar for dei kvinnelege språkpedagogane tilbake på instituttet.

Eg har framleis ikkje ord for å skildra det uttrykket han fekk i andletet då.

Russisk er eit rikt språk i seg sjølve, og har i tillegg ein eigen sjargong som blir snakka hovudsakleg blant menn i mannsdominerte miljø, kalla mat. Kvart tredje ord er eit kraftuttrykk, og sømmelege kvinner skal sparast for desse. Me lærte teoretisk om eksistensen av dette språket på universitetet, men mitt første praktiske møte var då eg spelte volleyballturnering i ein gruveby i vest-Russland. Vertskapet vårt var gruvebasen Vova, ein røsleg kar på omlag to meter, og me snakka russisk saman, med mine avgrensingar. Så møter han nokre kollegar frå gruva som bad om røyk og fyr, og jammen meg brukte dei ikkje dette språket ganske så friskt.

Fascinerande for ein russiskstudent, men vanskeleg handterbart for gruvebasen. Forstod eg? Forstod eg ikkje? Han valde å gje dei røyk og fyr og jage dei av garde før han lett henslengt og tilgjort avslappa spurte om eg hadde høyrd om mat. Då eg stadfesta at det gjorde eg, blei han sprut raud og unnskyldte seg og kollegane på det sterkaste. Skulle han gå etter dei og banke dei opp sidan dei hadde brukt slike ord i nærleiken av meg?

Me blei samde om at det ikkje ville vera naudsynt, eg noterte det heller på lista over språkleg læring i Russland, der ein kvar nyttar eit kvart høve til å fortelje deg kva du bøygde eller uttalte feil. Russarane er over måte villige til å hjelpe deg med grammatikk og uttale, alt du seier feil blir retta på, helst når du er veldig sliten og lei av alt. Og ettersom språket er det same frå vest til aust i det voldsamme området som låg under Sovjetunionen, gjer det læringa enno meir interessant. Om ein tek til seg alle innspel kan ein snakke med folk frå Zapoljarnyj, Petrozavodsk og St. Petersburg til Kyiv, Jerevan og Irkutsk, Ust-Kamenogorsk, Samarkand og på basaren i elveleiet i Pamirfjella mellom Tadsjikistan og Afghanistan.

Den russiske litteraturen er verkeleg stor.

Josef Stalin
Josef Stalin.

Samtalene med nokre av desse folka set djupare spor enn andre. Under den storslagne 1.mai-feiringa i Moskva eit år enda me opp på plassen framfor Ljubjanka, det frykta fengselet til KGB, i dag FSB. Me kom i snakk med ein kar som såg litt sliten ut, han hadde gått heile 1. maitoget. Han fortalde korleis han og familien sleit med å få tilgang til eigedomen til hans slektningar. Dei var jødar, var blitt fråtekne eigedom i Stalin-tida og sendt i GULAG-leir. No prøvde han og andre etterkommarar å få tilbake det dei hadde krav på, men møtte stadig motgang i byråkratiet og utrivelege haldningar.

«Korleis forholder folk seg til jødar i Norge?» Spurde han brått. På det hadde eg ikkje anna svar enn eit nølande… «Som til alle andre folk, meiner eg?» Eg har framleis ikkje ord for å skildra det uttrykket han fekk i andletet då, der i rundkøyringa framfor Ljubjanka, men det gjorde djupt inntrykk på meg.

I Georgia vitja eg barndomsheimen til nettopp Stalin, i Gori sør i landet. Der stod det framleis ein stor statue av han på den sentrale plassen, og den smålåtne barndomsheimen var omkransa av eit stort museum i marmor. Sjølv om det var ok temperatur ute, var det skikkeleg kaldt inne, og guiden viste oss stolt dødsmaska til Stalin og andre gjenstandar iført ei stor pelskåpe. «Her heng ein del av dikta han skreiv og omsette,» forklarte ho. «Han var jo både prestestudent og poet. Tenk om han hadde heldt fram med å skrive, og nytta talentet sitt!», sukka ho henført. Medan eg og venninna mi veksla blikk skjønte me at guiden hadde heilt andre tankar enn det me hadde om korleis verda hadde vore dersom Stalin hadde blitt poet i staden for diktator…

Men det er nok av dei som blei forfattarar, både under terrorveldet til Stalin og tidlegare – det er talrike forfattarmuseum i Moskva, St. Petersburg, Kyiv og andre byar over heile det tidlegare riket der Krig og FredBrotsverk og StraffMestaren og Margarita og andre mestarverk blei skrivne. Eg har sjeldan blitt så opprørt som av Lonely Planet som skreiv at «det er like spanande å vitje desse leilegheitene som å sitje og sjå på nokon skrive» – men veit dei ikkje kven det er som har sitte og skreve der? Sjølvaste Fjodor Dostojevskij! Anna Akhmatova! Mikhail Bulgakov! Ein kan retteleg kjenne deira sveitte, dedikasjon og storheit i veggane, og så skal det ikkje vera spanande?

Den russiske litteraturen er verkeleg stor, og får enno større meining når ein tenker på dei omgjevnadene forfattarane levde i. Når eg no er i stand til å lesa tekstane, tenkjer eg verkeleg at timane med historie, grammatikk og omstendeleg diktanalyse på universitetet var verdt det. Ord og uttrykk frå litteraturen spelar ei sentral rolle i fleire delar av samfunnet også i dag, og knyt folk saman på tvers av dei nye grensene med ein felles fortid.

Deira siste liste over politiske fangar i dagens Russland tel rundt 50 personar.

På Troitskaja-plassen i St. Petersburg kom eg over ein enkel kampestein på låg sokkel. På dei fire sidene av sokkelen stod det høvesvis: «Til GULAG-fangar», «Til ofre for kommunistisk terror», «Til fridomskjemparar», og til slutt, det som rørte meg mest, eit vers frå Anna Akhmatovas sterke mestarverk Rekviem som eg med ein gong kjende att:

«Eg ville gjerne namngitt dei alle…».

Minnesteinen er ein 10 tonn granittkampestein henta ikkje langt frå der fangar vart masseavretta i GULAG-leiren på Solovki-øyene. Han er eit lågmælt, men sterkt monument til minne om dei mange som leid under politisk undertrykking i Sovjetunionen, slik også Akhmatovas Rekviem er det. For å seie det med fleire vers frå Rekviem, i omsetjing frå Åse-Grete Svartefoss:

Det var den tida då berre dei døde smilte 

Av glede over sin fridom

Og at Leningrad hang som eit 

Unyttig vedheng til sine fengsel.

Dessverre har steinen og diktet fått aukande aktualitet dei siste åra gjennom undertrykking av grunnleggjande menneskerettar i Russland og dei omliggande statane. Det einaste museet i Russland dedisert dei fleire millionar ofra for dei fleire tusen GULAG-leirane, Perm-36, er no blitt omgjort til eit museum for dei som arbeidde i det russiske fengselsvesenet. Organisasjonen Memorial er blant dei få som meiner historia må fram for at det ikkje skal skje igjen, og stod bak både museet i Perm og den første minnesteinen over politiske offer i Moskva. Deira siste liste over politiske fangar i dagens Russland tel rundt 50 personar.

Mykje av det eg les på russisk i dag gjer meg dessverre trist.

Dostoevskij Fjodor
Fjodor Dostojevskij!.

Ved slike minnesteinar over heile landet samlar kvart år aktivistar, pårørande og andre seg for å lesa opp namn frå lista over drepne under Stalin. Sjølv om aktivistane i Moskva denne gongen les namna på ofra samanhengande i 12 timar for niande gong, er dei enno ikkje komne halvvegs på lista. Stadig fleire tek del i desse samlingane og tek eit oppgjer med undertrykte historiske traume trass i at styresmaktene går i motsett retning. FSB har stengt arkiva sine etter at dei var opne for forskarar ein periode, og Stalin kjem tilbake i rampelyset med offentlege monument og utstillingar.

Mykje av det eg les på russisk i dag gjer meg dessverre trist og ille til mote, i propaganda, restriktive lovforslag og nedsettande slagord og utsegner. Hos meg og mange russofile med meg har fleire år med læring av russisk språk og tilhøyrande aktivitet resultert i eit slags avhengeskapande elsk-hat forhold til ei befolkning og eit land som fortener eit betre Russland enn det som er tilfelle i dag.

Men heldigvis er det russiske borgarar som framleis gjer det dei kan innanfor stadig strengare rammer. Aktivistar, forfattarar, journalistar og engasjerte borgarar skriv på sosiale media, motverkar propaganda, stiller spørsmål og nyttar språket aktivt i sin kamp for eit betre Russland. Me som har brukt fleire år av livet vårt på å forstå, skal gjere vårt for å hjelpe.

… 

I dei forferdelege ezhovsjtsjina-åra stod eg sytten månader i fengselskøene i Leningrad. Ein gong var det nokon som «kjende meg att». Då stod det ei kvinne bak meg med blå lepper, som sjølvsagt aldri hadde høyrt namnet mitt, ho vakna frå den dvaletilstanden som var karakteristisk for oss alle og spurte meg inn i øyret (på den tida kviskra vi alle):

– Kan De skildre dette?

Og eg sa:

– Det kan eg.

Då flaug noko som likna eit smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar.

(I kursiv; utdrag frå Anna Akhmatovas “Rekviem”, 1935-1940, omsett av Åse Grete Svartefoss).

 

Amagasin_mandag_hvit 3