FOTO: NTB/AP Photo/Manuel Balce Ceneta, File

Ser vi ei Trumpifisering av norsk politikk?

Skandalen rundt aksjehandelen i statsministerbustaden liknar ikkje på tidlegare politiske skandalar her i landet, og Solbergs fleksible forhold til kva ho tidlegare har sagt har eit djupt alvor over seg.

Skandalar har vi hatt mange av i norsk politikk dei siste tiåra. Men dei har som regel hatt ein fast rytme – det har kome ei avsløring, presset har auka og når alvoret har blitt stort nok har den ansvarlege politikaren gått av.

I Solberg-saka har forklaringane blitt endra, sanninga blitt bøygd for å passe med Solbergs forklaringar for kvifor ting blei som dei blei.

I denne saka er det annleis. Vi har fått oppslag på oppslag om problematiske sider ved Erna Solbergs tid som statsminister, men ho sit stille i båten. Svara på spørsmåla frå pressa heng ikkje saman, men det ser ut til å prelle av. Det minner om ein viss annan tidlegare statsleiar på andre sida av Atlanterhavet som også har evna til å overleve skandalar på eit vis som ingen av oss har sett før.

Noko av det som har kjenneteikna Trumps politiske overlevingsmekanisme har vore det å etablere si eiga sanning og stadig vekk kome med usanningar for å sleppe unna problem.

I Solberg-saka har forklaringane blitt endra, sanninga blitt bøygd for å passe med Solbergs forklaringar for kvifor ting blei som dei blei. Til slut er det vanskeleg å skilje sant frå usant. Her er fire eksempel på det:

1) At aksjeportefølja var lik ved sluten ved kvart år

«Aksjeporteføljen så om lag lik ut på slutten av året hvert år», sa Erna Solberg på pressekonferansen som ei forklaring på at ho ikkje visste kor mykje Finnes hadde handla med aksjer.

Når journalistane no har sjekka viser det seg at aksjeporteføljen ikkje var lik på sluten av kvart år. Frå 2014-2015 var det for eksempel ei rekke endringar i selskap han hadde kjøpt seg opp og ned i. Hadde Solberg faktisk sjekka om lista var lik, ville ho ha sett at ho ikkje var lik. Men når journalistane konfronterer Solberg med dette, bøyer ho sanninga:

«– Så har det økt i noen av de bedriftene, og så har det vært nedsalg i noen andre bedrifter. – Det er innenfor det jeg sa. Jeg sa aldri det var helt likt, jeg sa det var samme bedriftene som vi allerede fulgte med spørsmål om vi kan komme i en inhabilitetssituasjon.»

2) At det var viktig for Solberg å legge fram ei presis liste over aksjehandlane

Som forklaring på at aksjelista kom etter valet, var ei av årsakene at lista som viste oversikt over Finnes sine aksjehandlar skulle vere riktig. Det er eit legitimt poeng.

Det er rart at Solberg og resten av Høgre ikkje vil kome med meir informasjon som kan oppklåre alt som det no er tvil rundt.

Så viste det seg at lista som kom etter valet heller ikkje var riktig. No vil ikkje Solberg legge fram ei ny liste som faktisk har rydda opp i desse feila. Ho peiker på at dette er Finnes sitt val om han vil legge det fram eller ikkje.

3) At Sindre Finnes har tent 1,8 millionar på aksjehandelen

Erna Solberg har opplyst at Finnes tente 1,8 millionar på aksjehandelen sin i dei åra ho var statsminister. Her er det ikkje lagt fram dokumentasjon for å underbygge dette talet, så det er vanskeleg å vite om ein kan stole på det. Då pressa fekk sjå skattemeldingane til Solberg og Finnes, viste det seg at Finnes si formue gjekk opp frå 6 millionar til 9,3 millionar frå 2017 til 2021. Ei utrekning VG har gjort viser at han berre har tent 250 000 på desse aksjehandlane.

Med tanke på at lista som skulle vise den fulle sanninga om aksjehandlinga hadde vesentlege feil, er det vanskeleg å vite kor mykje Sinnes har tent på si handling utan at meir dokumentasjon kjem på bordet.

4) At beløp er relevante for å vurdere habilitet

I sine intervju i fyrste fasen av denne krisa peika Solberg på at verdien av ein aksje var sentral for å vurdere habilitet. Dette har også fått støtte frå jusprofessor Eivind Smith. Men no er haldninga til dette også endra. Høgre seier no nei til å gi ut desse verdiane, og meiner ikkje lenger dette er relevant for å vurdere habilitet.

Eg blir likevel uroleg av at partiet som blei størst i kommunevalet ser ut til å ha eit såpass fleksibelt forhold til sanning.

Det er rart at Solberg og resten av Høgre ikkje vil kome med meir informasjon som kan oppklåre alt som det no er tvil rundt. Det forsterkar inntrykket av at dei har noko å skjule. Det er ikkje bra for eit tillitsbasert samfunn.

I boka Løgn. Hvorfor Trump lyver og hva det gjør med oss skriv journalist Heidi Taksdal Skjeseth:

«Hvis ingenting er sant, er alt mulig. Da blir makt til rett. Da vil propaganda erstatte offentlig debatt. Desinformasjon, løgn og undergraving av fakta truer dermed selve grunnlaget for demokratiet.»

Vi er ikkje USA. Avstanden i politisk kultur er heldigvis stor. Eg blir likevel uroleg av at partiet som blei størst i kommunevalet ser ut til å ha eit såpass fleksibelt forhold til sanning. No ser dei ut til å vere på eit punkt der dei helst ikkje vil kome med den informasjonen offentlegheita treng for å kunne vite kva som eigentleg har skjedd her. Det kan gjere djup skade på norsk politikk, og det kan setje langvarige spor i demokratiet vårt.