FOTO: Gorm Kallestad / NTB

Snart valdag i 356 politiske laboratorium

Kommunar over heile landet, frå Vardø til Vennesla, fungerer som teststadar for korleis framtidas velferdsstat skal sjå ut.

Stadig vekk når eg syklar for å hente på skulen sender eg ein indre takk til dei som jobba fram gratis SFO i byen min. Takka vere framsynte lokalpolitikarar er SFO (også kalla AKS) no ein stad der alle elevane i Oslo har eit tilbod og kan leike, få i seg mat og utfalde seg etter skuletimane er ferdige.

Skulen er altså ikkje berre ein stad der ein sit ved pulten og lærer forskjellen på d og b. Det er også der alle kan vere med og spele fotball til sveitta renn, danse fritt på fredagsdisco og få ut noko av den fysiske energien som er samla opp gjennom ein skuledag.

Ved at nokon innfører ei ny ordning i ein kommune, kan fleire kommunar bli inspirerte og følgje etter.

Dagane startar og sluttar no med fri leik. Eg kan ikkje tenkje meg noko anna enn at dette må bety mykje for samhald og trivsel i klasseromma her i byen. Og vi har klare tal på at offentleg finansiering  har betydd masse for deltakinga. På Furuset gjekk deltakinga på SFO frå litt over 30 til nesten 100 prosent etter at politikarane prioriterte å gjere tilbodet gratis. Det er ei god ramme for læringa som skal skje gjennom sjølve skuledagen.

No er gratis halvdagsplass på SFO på veg til å bli ein nasjonal reform. Hadde du sendt ei spørjeundersøking til stortingsrepresentantane som satt på Stortinget for ti år sidan, trur eg veldig få av dei hadde svart at dei trudde dette var ein reform det var realistisk å få til.

For politisk debattkultur er av og til litt pussig. Det kan vere sterke konsensusar om kva som er mogleg og ikkje, eller kva som er det finansielle handlingsrommet. Politikarar som føreslår noko heilt nytt kan bli latterleggjort eller oversett. Og så kan det plutseleg endre seg. Ved at nokon innfører ei ny ordning i ein kommune, kan fleire kommunar bli inspirerte og følgje etter. Og plutseleg er det nasjonal politikk som politikarane konkurrerer om å ha eigarskap til. I denne valkampen er det fleire partileiarar som snakkar varmt om SFO-reforma. Sånn var det ikkje for ti år sidan.

Eit av regjeringas viktigaste prosjekt innanfor arbeidslivspolitikken bygger på erfaringar frå Skien.

Eit sentralt bakteppe her er lokalvalkampen i 2015. Då stilte Oslo SV til val på gratis SFO, og dei fekk gjennomslag i den politiske plattforma til byrådet. Dei starta i nokre av bydelane som trengte det mest, før dei fekk på plass eit tilbod over heile byen.

SFO er ikkje den einaste nasjonale reforma som kjem frå lokale initiativ. Eit av regjeringas viktigaste prosjekt innanfor arbeidslivspolitikken bygger på erfaringar frå Skien. I 2014 samla ei rekke aktørar frå arbeidstakarorganisasjonar og næringsliv seg for å legge ein felles plan for å hindre arbeidslivskriminalitet i byggebransjen. Det førte til at kommunestyret vedtok ein plan med krav som måtte på plass når kommunen skulle handle byggetenester. Dei kalte den Skiensmodellen, og den viste seg å vere effektiv i møte med svart arbeid.

Modellen inspirerte fylkeskommunen, som laga Telemarksmodellen over same lest. Så kom Oslomodellen, versjon 1 og 2. Og no jobbar regjeringa med å lage sin nasjonale Norgesmodell, basert på gode lokale praksisar over heile landet.

På klima er det er store lokale variasjonar i handlekraft.

I Fredrikstad valte kommunestyret å ta nye grep for å auke valdeltakinga. Der tilsette kommunen demokratiguidar som fortalte folk korleis dei kunne stemme. Valdeltakinga gjekk opp, og fleire kommunar gjer no det same. Kanskje vil vi få demokratiguidar til stortingsval også ein gong.

På klima er det er store lokale variasjonar i handlekraft. Oslos arbeid med klimabudsjett og utsleppskutt har leia an for at vi no får ei grøn bok til kvart statsbudsjett, der regjeringa rapporterer på om dei er i rute til å nå klimamåla.

Høgrepartia har også sine lokale prioriterte prosjekt. At dei vil senke formuesskatten nasjonalt er inga nyheit, men i Bø kommune i Nordland har dei senka den kommunale satsen og fått fleire rike innbyggarar i retur. Dei fekk ei vekst i inntektsskatten på 113 prosent.

Sande fulgte etter og vedtok i november 2022 å følge etter Bø med lågare. Om fleire vil følgje på haustens kommuneval er ikkje usannsynleg. I så fall vil det bety mindre inntekter til norske kommunar som kan brukast på velferd.

Uansett utfall bør dei nasjonale politikarane, og dei nasjonale media, følgje med på den lokale politikkutviklinga i dei ulike kommunane.

Den 11. september vil nokre av fleirtala som står bak denne politikken få ny støtte, andre vil bli bytta ut. Etter kvart får vi vite om Stavangers prøveprosjekt med gratis skulemat på ein rekke skular og gratis kollektivtrafikk vil forsetje. I Bergen vil vi få svar på om sosialhjelpssatsane vil fortsetje vegen opp mot SIFO-nivå, eller om dei går ned igjen til nasjonalt nivå. I Rauma får vi sjå om dei vidarefører tilbodet om gratis symjing for fyrsteklassingar. Vikens prøveprosjekt med innført gratis bind og tampongar på fleire skular kan bli utvida, eller lagt på hylla.

Uansett utfall bør dei nasjonale politikarane, og dei nasjonale media, følgje med på den lokale politikkutviklinga i dei ulike kommunane. Dei kan gi nye svar på kva vi bør gjere nasjonalt også. SFO-reforma er eit av fleire eksempel på det. For oss som ynskjer oss gode velferdstenester finansiert i fellesskap, eit rettferdig arbeidsliv og offensiv innsats for klima er håpet at vi kan sjå fleire lokale initiativ på desse områda.

 

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 4. september 2023.