FOTO: Emilie Holtet / NTB

Sosialpolitikkens fallitt

Velferdsstaten bør sørge for at folk slepp å stå i kø til matsentralar som er tomme for mat.

Onsdag la Fattighuset i Oslo ut ei melding på Facebook:

«I dag var en av de triste dagene i Fattighuset! Dessverre klarte vi bare å gi mat til 241 personer, og sende 400 personer hjem uten mat.»

No bør vi snu alle steinar for å sjå korleis vi kan hindre at denne situasjonen blir langvarig.

Ved sidan av statusen var eit bilete av folk med paraplyar som stod i kø i regnet forbi Grønland kyrkje. Når frivillige ikkje har nok mat å gi til folka i denne køen, er det ein svikt frå fellesskapet. Fyrst har ikkje velferdsstaten klart å hindre at folk manglar mat. Deretter har ikkje det friviljuge nok kapasitet til å hjelpe alle som treng det.

No har Fattighuset oppretta ein spleis for å få inn meir pengar til mat å dele ut.

Det er nytt at vi har så mykje synleg fattigdom i Noreg og at pågangen til matsentralar er så stor som no. Då FAFO undersøkte kven som stod i kø i fjor, fann dei ut at halvparten av dei besøkte ein matstasjon for fyrste gong i 2023.

To av tre som står i matkø går på stønader frå det offentlege, ifølgje den same undersøkinga. For alle som er glade i fellesskapet og velferdsstaten, bør det gi grunn til uro. Ein del ting har allereie blitt gjort, men det ser ut som det trengst større grep. No bør vi snu alle steinar for å sjå korleis vi kan hindre at denne situasjonen blir langvarig.

Men kvartala på Grønland med matkø viser oss at det ikkje var nok.

Det er mykje som kan hjelpe. Ein stad å starte kan vere å heve nivået på stønadene. Satsane på sosialhjelp er for låge til å leve av. Nivået er rundt 7000 kroner i månaden. Det blir mykje knekkebrød og lite svømmehall av det.

Ein forskningsrapport som såg på norsk sosialhjelpsnivå opp mot andre land, omtalte den norske ordninga som «ikkje spesielt sjenerøs». Når Røde Kors intervjua foreldre som hadde fått sosialhjelp, sa over halvparten at dei var heilt eller delvis ueinige i at det var mogleg å dekke behova til barna med desse pengane. Det er ikkje rart.

Om ein einsleg person skal kunne ha det SIFO kallar eit «akseptabelt forbruksnivå», altså den inntekta ein bør ha for å kunne delta i samfunnet utan å skilje seg for mykje ut, må sosialhjelpa opp med fleire tusen i månaden. Det hjelpte at sosialhjelpssatsane blei auka med 10 prosent frå i fjor sommar. Men kvartala på Grønland med matkø viser oss at det ikkje var nok.

Å leve i fattigdom er ikkje sunt, verken for barn eller vaksne

Det er også grunn til å følge tett korleis folk blir møtt, når dei tar kontakt med NAV. Nokre fortalte i intervju med FAFO at dei heller stilte seg i matkø enn å gå til NAV, sjølv om dei hadde veldig dårleg råd. Alle har ikkje tillit til at dei vil kunne få god hjelp, og nokre opplever søknadsprosessen om for eksempel sosialhjelp som inngripande og nedverdigande.

Dårlege erfaringar kan bli eit hinder for å spørje igjen, neste gong økonomien er i krise.

Samtidig har opningstidene gått ned ved ei rekke NAV-kontor dei siste åra, og NAV har fått kritikk frå Helsetilsynet for at dei er for lite tilgjengelege. Stortinget og regjeringa har følgt opp med å presisere at NAV-kontora skal vere tilgjengelege nok til å ta vare på folk, og kommunane har blitt oppfordra til å ha ein bemanna vakttelefon for sosialtenester. Spørsmålet er om desse tiltaka har vore nok.

Når NAV skal vurdere om nokon skal få sosialhjelp, seier regelverket at dei må gjere ei kartlegging av barnas behov. 29 av 37 NAV-kontor gjorde ikkje den kartlegginga dei skulle før vedtak om sosialhjelp blei gjort. Det viser rapportar frå statsforvaltarane, omtalt av Røde Kors i fjor.

Eg er bekymra for at vi blir eit land som venner oss til å ha matkøar som fyller gate etter gate.

For eksempel blei det ikkje tatt nok omsyn til barnas behov når dei skulle gi sosialhjelp. Nokre kontor har for eksempel hatt ein praksis med å ikkje gi støtte til meir enn tre barn, sjølv til familiar som hadde fleire enn tre barn. Det er problematisk, med tanke på at det er like dyrt å kjøpe brød og mjølk til det fjerde barnet som det fyrste.

Å leve i fattigdom er ikkje sunt, verken for barn eller vaksne. Det påfører folk stress, forsterkar helseproblem og held folk utanfor fellesskapet, ved at dei ikkje kan vere med på arenaer andre folk er. Vi veit også at langvarig fattigdom kan få negative konsekvensar for folks utdaning og tilknyting til jobb. Difor burde ambisjonen for ein velferdsstat vere å bekjempe denne fattigdommen.

Frivillige system som ikkje klarer å ta unna behovet når det offentlege ikkje strekk til, er eit uttrykk for at fellesskapet må gå lenger enn vi gjer i dag. Eg er bekymra for at vi blir eit land som venner oss til å ha matkøar som fyller gate etter gate. Då har vi ein velferdsstat som sviktar i ei av sine aller mest grunnleggande oppgåver.