Ei felles fortid er ein veg til ei felles framtid. Difor er kunnskapsministarens initiativ for meir norsk historie og kultur i skolen akkurat det vi treng no.
Kvar gong eg skal sjå film med døtrene mine, startar det med forhandlingar, forslag og motforslag. Grunnen er at dei har sett så mykje frå før. Når eg spør om kor dei har sett det, er svaret veldig ofte på AKS, eller på skolen, som del av musikkundervisninga, norsktimen, som eit forsøk på å lære om fortida, eller ei belønning for god oppførsel.
Mengda i seg sjølv er så stor at eg stussar. Og det dei ser er ofte amerikansk og tilpassa massemarknaden.
Difor tenkte eg at det er akkurat dette vi treng, akkurat no, då eg såg utdanningsminister Kari Nessa Nordtuns utspel om meir fellesskap, meir norsk kultur og historie inn i skulen.
Sjølve ideen om ein kulturell kanon har tradisjonelt stått sterkare i borgarlege parti enn på venstresida.
I eit intervju med Vårt Land snakka ho om ein læreplan som isolert sett har gode mål – barna skal lære lesing, skriving, rekning, utvikle digitale ferdigheter og lære framandspråk. Problemet er at dette kunne ha vore mål for kven som helst, kor som helst, når som helst. Og det er ikkje nok.
Samfunnet vårt har sjølvsagt bruk for framtidige skattebetalarar, flittige arbeidstakarar og for innovatørar. Men vi treng meir enn det.
Den gongen eg gjekk på skulen vart det sagt at målet var å gjere oss til «gagns menneske». Eg syntes alltid det var litt vanskeleg å få tak på akkurat kva det var, men eg oppfatta at det hadde å gjere med at vi var del av ein fellesskap, som var eldre enn oss sjølv, og knytt til staden vi var på og til staten vi var borgarar av.
Innanfor denne måten å tenkje på, står tanken om ein kulturell kanon, tekstar alle burde lese og kjenne til, sterkt. Klassekampen har alt sett i gang ein artikkelserie om ein kanon for norskfaget, og typisk for vår tid, handlar det ikkje berre om kven og kva som burde lesast, men at barna, og lærarane deira, les for lite.
Når ho seier norsk kultur, er det ingen grunn til å tru at intensjonen er å utdefinere nokon.
Sjølve ideen om ein kulturell kanon har tradisjonelt stått sterkare i borgarlege parti enn på venstresida. Den kommande tyske kanslaren, kristendemokraten Friedrich Merz, var tidleg i sin politiske karriere ein ihuga talsmann for ein tysk leitkultur.
Dette handlar om at ein også i eit moderne innvandringsland som Tyskland, skal tysk historie, og den historisk tyske kulturen, slik som verka til Goethe, poesien til Friedrich Schiller og eventyra frå samlingane til brørne Grimm, ha ei særstilling.
Ideen leitkultur er sidan blitt resirkulert og omtolka av ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD), som ved valet i slutten av februar fekk historisk høg oppslutnad. I hendene til AfD blir tanken om ein tysk kanon til ein våpen.
Den tyske kulturen blir noko eksklusivt, som viser at nokon høyrer til og andre ikkje. Og det er jo sjølvsagt djupt urettvist overfor kunstnarar som verka i ei tid då det ikkje fanst nokon samla sterk tysk stat, og som ikkje skreiv, eller samla inn folkeeventyr, for å utdefinerte andre.
Men sett i ettertid har eg stor forståing for at dette var obligatorisk lesnad.
Det er nettopp difor initiativet til Nessa Nordtun er så bra. Når ho seier norsk kultur, er det ingen grunn til å tru at intensjonen er å utdefinere nokon. Og grunnen til at vi skal gi kulturen og historia plass, er ikkje at vi treng underhaldning.
Om vi skal forstå kvifor vi er der vi er i dag, treng vi også å vite kven som har vore her før oss og korleis dei tenkte.
VGs Shazia Majid har skrive om kor sterkt inntrykk det gjorde på henne å lese om Camilla Collett. Majid voks opp med familie med ein kultur prega av ein patriarkalsk struktur, der kvinners plass og kvinners moglegheiter hadde mykje til felles med det som vart skildra i Colletts Amtmandens døtre.
For henne vart det ein knagg, eit punkt å identifisere seg med i norsk fortid.
For eigen del kan eg seie at mitt møte med Collett i skoledagane ikkje gav meg lyst til å lese vidare. Eg likte ikkje det gammaldagse språket og heller ikkje den kvelande kjensla av stilleståande salongar og håplause framtidsutsikter som skildringane skapte.
Eg skal begynne med å setje opp ein filmkanon for heimen.
Men sett i ettertid har eg stor forståing for at dette var obligatorisk lesnad.
Akkurat det synest eg er eit viktig prinsipp når vi diskuterer kva alle burde kjenne til. Det er ikkje alt som kjenst like relevant for alle, og heller ikkje alt som er like tilgjengeleg for alle. Slik er det også med andregradslikningar og kommareglar. Men det er viktig likevel.
Vi bør snakke om kva vil med kulturen i skolen. Eg håpar Nessa Nordtun gjer mest mogleg ut av ideane sine og ikkje lar seg avspise med ei liste over lesestoff. Eg håpar at ho også inkluderer musikk, song og biletkunst i fellesskapen.
Og eg håpar ho tar eit steg vidare. Ho burde seie at kulturkompetanse er ein grunnleggande ferdigheit som er like viktig som alle dei andre ferdigheitene skulen skal fremje. I vår tid treng vi kultur og historie for å reflektere over kven vi er, skape idear og sjå samanhenger. Og desse evinnelege listene er sjølvsagt ein god start.
Eg skal begynne med å setje opp ein filmkanon for heimen.
Kommentarer