FOTO: NRK

Til alle som feirar jul åleine eller i utradisjonelle familiefellesskap

Alt eg ynskjer meg til jul er ein politikk (og kanskje litt reklame) som ser sånne som oss.

I desember har eg sett ein del TV, og med det TV-reklame. Og der har vore mykje jul! Raude pysjar, blide nissar og julemusikk. Men det har også vore mange tradisjonelle familiar, med mor, far og barn. Og eg tar meg av og til i å tenkje, kvart år når jul og 17. mai er på trappene, at den kulturelle forståinga vår av kven det er som feirar desse høgtidene er veldig tradisjonell.

Å bu i en annleis familiehushaldning blir enklare når vi har bøker, filmar og musikk som speglar ein meir variert familie-verkelegheit.

Dette er til tross for at vi i dag lever veldig annleis enn vi gjorde for 30 år sidan. Over ein million av oss bur åleine. Og vi er no 185 000 som bur åleine med barn. Til samanlikning bur 393 731 i fleirfamiliehushaldningar. Vi som er i desse forskjellige kategoriane hos SSB lever all slags liv, og er lukkelege eller ulukkelege, rike eller fattige, men har det til felles at vi dett utanfor standard-kategoriane som politikken og kulturen ofte tar utgangspunkt i.

Livet skjer og familieformer endrar seg. Og jula kjem tilbake.

I vår storfamilie kjøper vi framleis mokkabønner og kremtoppar i gule esker, og vi har pinnekjøt på julaftan, sjølv om konstellasjonane har endra seg på fleire vis gjennom åra. Jula er ei god tid. Eg håpar at dei som er barn i min storfamilie opplever det som like fint som eg gjorde det då eg var barn.

For poenget mitt er ikkje at denne samfunnsutviklinga i retning av nye buformer har vore dårleg. Det kan vere utruleg mykje fridom i å ta sjølvstendige val, kunne endre familiekonstellasjon og forsørge seg sjølv. Det kan bety fridom frå vald eller ulukkelege relasjonar, eller berre ein betre kvardag.

For her har det vore lite politikkutvikling det siste tiåra.

Å bu i en annleis familiehushaldning blir enklare når vi har bøker, filmar og musikk som speglar ein meir variert familie-verkelegheit. I desember har det vore oppløftande å sjå korleis julekalenderen Snøfall har vist eit mangfald av familiar, og korleis konstellasjonane har endra seg frå fyrste sesong.

Winter og bibliotekaren Luna bur åleine. I Vu bur Selma åleine med Ruth. I Snøfall har foreldra til Pil gått frå kvarandre og funne seg kvar sin nye sambuar mellom sesong 1 og sesong 2. Halvsysken har kome til. Og Hjertrud har blitt saman med ei kvinne med to barn frå før.

Det viktigaste er likevel ikkje kulturuttrykka, men at politikken legg til rette for at denne typen livsendringar kan skje, utan at det blir økonomisk katastrofe for dei det gjeld. I 2024 skal partia ha grundige programprosessar. Dette er ein gylden fase i politikken, fordi det er no det er lov å tenkje nytt. NOU-ar som har blitt lagt i ein skuff kan hentast opp igjen av ivrige lokallagsmedlemer og faktisk få gehør. Politikarar er ivrige på å få attval og vinne i 2025, og då blir dei også meir opne for å utforme ny politikk.

Min spådom er at dei partia som klarer å snakke til veljarar som bur åleine, har delt omsorg for barn, har omsorg åleine, har bonusbarn eller lever på andre måtar som bryt med A4-familiemønsteret, har noko å vinne på det. For her har det vore lite politikkutvikling det siste tiåra.

Kanskje bør ein også sjå nærmare på om staten er for rigid i møte med skilsmisser.

Når det gjeld einslege forsørgarar, trengs det politikk for å forhindre fattigdom i desse familiane, fordi dei er overrepresentert på fattigdomsstatistikken. Det er symptomatisk at ekspertutvalet som såg på tiltak mot familiefattigdom slo fast at det er eit problem, men at det på tiltakssida var få spesifikke tiltak retta mot denne gruppa.

Då LO tidlegare i desember la fram statistikk som viser kor utilgjengeleg bustadmarknaden har blitt for heilt vanlege arbeidstakarar, viste dei at ein familie med ein tømrar og ein helsefagarbeidar med to barn har råd til 16 prosent av bustadane i landet. Då kan ein jo tenkje seg kor få bustadar helsefagarbeidaren har råd til, om det blir slut mellom ho og tømraren.

Kanskje bør ein også sjå nærmare på om staten er for rigid i møte med skilsmisser. No pålegg staten eit års ventetid mellom separasjon og skilsmisse. Aps stortingsrepresentant Torbjørn Vereide tok opp dette i sommar og omtalte dagens regelverket som «autoritært» og «rigid». For eksempel kan skilsmissesøknaden bli avvist dersom ein har budd for lenge saman i separasjonstida, og ein kan ikkje bu i ulik etasje i same bustad i denne perioden. Kvifor skal staten ha lov til å overstyre ei skilsmisse på eit sånt grunnlag?

Skilsmisser er kanskje ikkje eit veldig hyggeleg tema å skrive om på 1. juledag, men ingen av oss aner korleis vi vil feire jul om 10, 20 og 30 år, eller kven vi vil vere saman med då.

Vi treng å bruke dei brillene dette mangfaldet gir for å faktisk lukkast med å løyse dei politiske utfordringane vi har i dag, som å redusere fattigdom, auke foreldredeltakinga på dugnad eller få ein treffsikker bustadpolitikk.

Skilsmisser er kanskje ikkje eit veldig hyggeleg tema å skrive om på 1. juledag, men ingen av oss aner korleis vi vil feire jul om 10, 20 og 30 år, eller kven vi vil vere saman med då. Er vi heldige i 2024, får vi politikarar frå fleire parti som er opne for å lage ny politikk for det mangfaldige samfunnet vi har, og at ein kan leve gode liv, uansett busituasjon.

For dette landet bør ha ein politikk som kan gi både hus og trygg inntekt til alle, uansett om dei lever i same busituasjon som Winter, Ruth, Hjertrud eller foreldra til Pil i Snøfall.

(Teksten er også publisert i Dagsavisen.)