Erna Solberg er raus med dei mektige og hard mot dei med minst.
Når ein spør det norske folk om kven vi liker best i staten, viser det seg at vi liker Skatteetaten langt betre enn NAV. Sånn har det vore i mange år. Ein skulle kanskje tru at det var meir populært å vere den som gir pengar til oss enn den som tar pengar frå oss, men sånn er det altså ikkje.
Kanskje er noko av forklaringa at velferdsstaten har harde kantar. For sjølv om vi har rause velferdsordningar, er ikkje alle stønadene særleg høge. Og dei kan kome med ei rekke krav. Skal du for eksempel ha sosialhjelp, må du oppfylle ei rekke vilkår. Det er ofte gode grunnar til å ha vilkår for økonomisk utbetalingar, men kontrollregimet bør stå i stil med krava som møter resten av samfunnet.
Her er det ein vilje til fleksibilitet og å tøye reglane som ein ikkje finn i møte med nokre av dei mest sårbare i samfunnet.
Og avstanden er stor til Erna Solbergs haldning til konsekvensar av eigne regelbrot, enten ho har brote koronareglane på Geilo eller ikkje hatt kontroll over Sindre sin aksjehandel.
Ho ber om unnskyldning, samtidig som ho (på skrivande tidspunkt) planlegg for å fortsatt ha ein aksjehandlande ektemann på SMK frå 2025, ved at ho eller Høgre skal betale for ein barnevakt som kan passe på Sinnes sine aksjekjøp mens ho på ny skal bli statsminister. Her er det ein vilje til fleksibilitet og å tøye reglane som ein ikkje finn i møte med nokre av dei mest sårbare i samfunnet.
Andre leser også: Noen er likere enn andre i Høyre.
På Facebook-sida til AAP-aksjonen kryr det av innlegg og spørsmål frå folk som prøver å navigere i NAV-jungelen og finne ut kva dei har rett på. Der ser ikkje møta med NAV om økonomisk nødhjelp ut som noko kaffiselskap. Ein person som søkte om nødhjelp til å dekke straumrekninga ein månad fekk tilbake eit brev som sa at han i så fall måtte sende inn skattemelding, kontoutskrift, dokumentasjon på kommunale avgifter, inntekter, innbuforsikring, lån og samværsavtale, før han måtte stille i eit møte med NAV for å snakke om alt dette. Det er ikkje rart at mange vel å stille seg i matkø hos friviljuge organisasjonar i staden for å utsetje seg sjølv for det.
Vi har hatt ein politisk kultur i Noreg dei siste tiåra der det i fleire parti har vore populært å vere hard mot grupper i vanskelege situasjonar.
Hårda bud er det også for folk som mottek bustønad. Dei må balansere på ei stram line med stålkontroll over eigne inntekter og utgifter. I desse tilfella er ikkje «Det skal lønne seg å jobbe» eit slagord å tru på. For tener ein litt for mykje kan det ha ein veldig høg pris. Det merka for eksempel familien med fem barn på Tøyen, som vinteren 2021 fekk politiet på døra og blei tvangsflytta bort frå den kommunale leilegheita, fordi dei hadde tent 15 000 kroner for mykje året før. Det var minusgrader, pandemi, barna var midt i heimeskuleundervisning og dei rakk knapt å pakke med seg det viktigaste før dei måtte dra.
Les også: Skal det ikke lønne seg å jobbe?
Det er eit politisk ansvar at velferdsstaten vår er sånn. Vi har hatt ein politisk kultur i Noreg dei siste tiåra der det i fleire parti har vore populært å vere hard mot grupper i vanskelege situasjonar. Mens Einar Gerhardsen peika på store trygdebudsjett som det han var mest stolt av å ha fått til som statsminister på 1960-talet, snakka Bjarne Håkon Hansson i 2005 om at sosialklientar måtte opp om morgonen. Det skapte stor debatt då, men det ga også eit etterlate inntrykk av at folk som mottar stønader er late og må møtast med strengare reglar.
Arbeidsminister Robert Eriksson fulgte etter då han var arbeids- og sosialminister i Erna Solbergs fyrste regjeringsperiode. Han ville også at sosialhjelpsmottakarar skulle opp om morgonen, sa han. Han lova å vere «nådeløs mot dem som nekter å skrive under på en velferdskontrakt».
Eriksson varsla også ein hard kamp mot retten til å ta med seg stønader til andre land. Så hardt blei dette trøkket at det viste seg at mange blei feilaktig fengsla og dømt for trygdesvindel. Ei av dei var Marianne Evensen, som har fortalt i Aftenposten om at ho sona 61 døgn i fengsel på feilaktig grunnlag. Då erstatninga kom fekk ho stusselege 70 000 kroner.
Vi har altså ulike standardar for ulike folk her i landet.
I Solberg-regjeringa blei denne skandalen i starten møtt med stort alvor og eit løfte om at no skal alle korta på bordet. Men så skulle visst ikkje alt på bordet likevel. Framleis er det ein vesentleg rapport om NAV-skandalen som ikkje er offentleggjort frå Erna Solbergs regjeringsperiode.
Vi har altså ulike standardar for ulike folk her i landet.
Hadde Erna Solberg vore avhengig av bustønad, kunne ho ha blitt kasta ut av bustaden sin om ho ikkje hadde oversikt over eiga inntekt.
Hadde ho vore asylsøkar, med ein ektemann som ikkje har fortalt sanninga, hadde ho vore i alvorleg trøbbel. Barn som har vakse opp i Noreg og fått vener og lært språket her har blitt kasta ut av landet fordi foreldra deira ikkje har sagt sanninga i eit enkelt intervju.
I 2015 skulle ei 33 år gamal kvinne bli kasta ut av landet etter ho hadde budd her i 14 år. Årsaka var at ho ga feil namn og fødselsdato då ho kom til Noreg som flyktning frå Rwanda. Ho fortalte ikkje sanninga fordi ho var flyktning i eit ukjent land og redd for kva som ville skje om nokon fann ut kven ho var. Erna Solbergs blei spurd av Vårt Land om kva hennar kommentar til denne saka var. Svaret hennar var enkelt:
-Slutt å lyv. Det synes jeg er et utrolig viktig budskap.
Teksten ble også publisert i Dagsavisen 2. oktober 2023.
Kommentarer