Kor rik kan ein person bli før det går ut over andre?
Ein helgemorgon for ikkje lenge sidan stod eg og laga frukost med radioen på i bakgrunnen. Mens egga låg i steikepanna og kaffitraktaren suste, høyrte eg industri- og finansmannen Johan H. Andresen bli intervjua i Nitimen. Han er Noregs sjette rikaste mann, ifølgje Kapital. Etter kvart kom dei inn på korleis det er å ha mykje pengar og mange tilsette.
Andresen svarte med at han var på same lag som sine tilsette og tillitsvalte. Det var eit sympatisk svar. Men det er vanskeleg å tru på at det er sant, og at alle tilsette i hans selskap ser det på same måte.
På same måte som at vi kollektivt tillegg pengar verdi, har vi ein tendens til å gi folk verdi basert på kor mykje pengar dei har.
Sjølv om den norske modellen i arbeidslivet er prega av mykje samarbeid mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar, er det også ein relasjon med ulike interesser, ujamn maktfordeling og konflikt. Ein reinhaldar vil aldri kunne føle seg heilt likeverdig som sin sjef med milliardformue, uansett kor grei denne sjefen er. Ulikskap i både makt og pengar er grunnen til det.
Pengar er meir enn klingande mynt eller eit tal på ein konto. Har ein mykje pengar, kan ein leve eit friare liv enn den som må snu på krona og slit med å betale neste rekning. Pengar er også eit sosialt fenomen. På same måte som at vi kollektivt tillegg pengar verdi, har vi ein tendens til å gi folk verdi basert på kor mykje pengar dei har. Det følger høg status med å ha mykje pengar – og det gir låg status å ha lite. Med større økonomisk avstand mellom folk, blir det også større sosial avstand. Og denne avstanden gjer det stadig meir kjipt å vere både på botn og midten av stigen. Difor er aukande forskjellar dårleg nytt for samfunna våre.
Den globale ulikskapsveksten har sparka i gong ein debatt mellom filosofar og økonomar – burde vi setje ei grense for når nokon er for rik?
Og akkurat no ser vi fleire stadar ein forskjellsvekst på speed. I USA har no dei ti rikaste mennene auka si formue med 365 milliardar dollar på eitt år. Skulle ti amerikanske arbeidstakarar med medianinntekt jobbe for like mykje pengar, måtte dei ha haldt på i 726 000 år før dei blei like rike.
I Storbritannia aukar også forskjellane. I 1989 måtte du ha 6000 gongar så stor formue som gjennomsnittspersonen for å vere på Sunday Times si liste over samfunnets rikaste, mens du i 2025 må ha 18 000 gongar så stor formue for å få ei plass på lista.
Noreg har også aukande avstand mellom topp og botn. Her kjem kaksedagen tidlegare år for år. Denne dagen viser kor mange dagar inn i året det tar for ein toppleiar i dei 25 mest omsette selskapa på Oslo Børs å jobbe for å tene like mykje som ei norsk gjennomsnittsløn. I 2025 kom kaksedagen 22. januar, fire dagar tidlegare enn året før. Toppleiarane trong berre å jobbe 15 arbeidsdagar for å få den gjennomsnittlege årsinntekta på 676 320 kroner per tilsett.
At denne debatten kjem no, er eit uttrykk for ei verd der demokratiet forvitrar stadig fleire stadar, av ei rekke grunnar.
Den globale ulikskapsveksten har sparka i gong ein debatt mellom filosofar og økonomar – burde vi setje ei grense for når nokon er for rik?
I den nyleg utgitte boka Equality diskuterer Thomas Piketty og Michael Sandel økonomiske forskjellar, og kva vi kan gjere med dei. Sandel er her opptatt av korleis ulikskap påverkar folks sjølvbilete og identitet. Han vil ha eit samfunn med verdigheit – der alle kan ha eit verdig liv, og ein jobb med ein trygg inntekt. Då kan ikkje forskjellane bli for store.
Når små grupper drar i frå resten økonomisk, omtaler Sandel det som «an insult» – ei fornærming mot resten. Når ein person tener 50, 100 eller 200 gongar meir enn ein annan person, er ikkje forskjellen mellom dei mengda pengar. Det er makt. Den eine då kan kjøpe tida til den andre ved å bruke ein brøkdel av si inntekt. Piketty er i boka inne på å sikte mot at dei rikaste ikkje bør ha meir enn fem gongar meir enn medianen.
Vi er alle gissel for kva nokon av verdas rikaste personar har bestemt seg for i dag.
Fleire har meint liknande ting. Den nederlandske filosofen Ingrid Robeyns skreiv i fjor boka Limitarianism, der ho tar til orde for å setje eit tak på kor mykje pengar nokon kan ha. Ho meiner ekstrem rikdom svekkar demokratiet, ofte er ufortent og skadar alle – inkludert dei superrike. Difor meiner ho det av moralske grunnar bør vere eit tak på rikdom. Ho er open for å diskutere kor denne grensa skal gå, men har føreslått ei grense på 10 millionar euro – etter dette vil ikkje meir pengar kunne tilføre eigaren auka livskvalitet, meiner ho.
FNs spesialrapportør på ekstrem fattigdom og mennskerettar, Olivier de Schutters, har argumentert for det same. Han vil ha ei grense for ekstrem rikdom for å beskytte folk og demokrati.
At denne debatten kjem no, er eit uttrykk for ei verd der demokratiet forvitrar stadig fleire stadar, av ei rekke grunnar. Vi er alle gissel for kva nokon av verdas rikaste personar har bestemt seg for i dag – anten det er i Det kvite hus, på internett eller i styringa av verdas største selskap. Vi er mange som ser etter løysingar ut av dette uføret.
Det er farleg å lene oss tilbake og tenkje at forskjellsvekst går bra, så lenge dei rikaste har gode verdiar, som mange trudde om Silicon Valley-folket i starten. For plutseleg ein dag har dei andre verdiar. Og då er det dei få med pengar som har den reelle makta til å styre kva slags samfunn vi skal ha.
Kommentarer