FOTO: Thomas Brun / NTB scanpix

Lærebøker som lokk over læreglede

Dropp heile kompetanselæreplanen. Den er eit byråkratisk feilspor av dimensjonar, som borneborna våre kjem til å kritisere oss for.

Dei siste dagane har det blussa opp ein debatt etter at litteraturkritikar Knut Hoem bladde gjennom norskboka til sonen og kom fram til at det var sørgjelege greier. Folk kasta seg ein etter ein i skyttargravene. At norskfaget skal bli dømt og fordømt etter eit enkelt dykk inn i ei tilfeldig lærebok, er sjølvsagt ikkje rimeleg.

Eg har ingen ambisjonar om å gå inn i den klubben av tempelvaktarar.

Læreplanen er som mange har påpeika ikkje eit gitt pensum, og faglæraren står fritt til å setje saman fagtilbodet i faget sitt med eller utan lærebøker som hjelpemiddel. Forlaga lever av å selje bøker, og skreddarsyr lærebøkene for å passe til læreplanen, og av og til treff dei, og av og til ikkje. Heile diskusjonen og utspelet til Hoem kan ein ta alvorleg eller ufarleggjere alt etter kva perspektiv ein ønsker å reindyrke.

Det er lett å avfeie faren si innvending som overflatisk og kunnskapslaus med all verdens gode planer og målsetjingar i ryggen. Om vi gjer det, gjer vi oss sjølv til ortodokse dyrkarar av status quo. Eg har ingen ambisjonar om å gå inn i den klubben av tempelvaktarar.

Eg har ikkje sett mange sånne på tjue år.

Kva med å ta perspektivet til faren på alvor, og gå inn i opplevinga han har som lesande menneske? Han er ikkje aleine. Sjølv eg, som lærar i over tjue år, med seks års studiar berre i språk og litteratur, kjenner på stor avmakt i møte med dei styringsdokumenta og skreddarsydde læreverka vi blir eksponert for.

Heile læreplanen vår er bygd opp med eit styringsspråk som ikkje er vitskap og ikkje er litteratur, men ein slags tørr mellomsjanger, som i svært varierande grad klarer å bygge bru mellom ideal og røyndom. Den føreset på mange vis ein ferdigmotivert elev som er klar for å ta ansvar for eiga læring. Eg har ikkje sett mange sånne på tjue år.

nyhetsbrevet

I 2006 fekk vi ny læreplan, medan den gamle Generelle delen frå 1993 vart med på lasset. Den var eit levedyktig styringsdokument som verken politikarar eller lærarar ville tukle med. Etter nokre år med ny læreplan fekk vi ei evaluering av Kunnskapsløftet, utført av Universitets- og Høgskulerådet.

 Pedagogikk er blitt til juridisk administrasjon av kompetansemål.

Dei stiller spørsmål ved om «(…) begrepene som brukes i læreplanene i Kunnskapsløftet er tilstrekkelig opne til å favne de kvalitative danningsaspektene som skal kjennetegne opplæringen. Det advares mot et lukket, instrumentelt begrepsapparat da dette kan føre til en ensidig vektleggelse av kunnskap som forberedelse til høyere utdanning».

Evalueringen konkluderer med at «(…) det nye planverket (K06) har en mer instrumentell tilnærming og det stilles spørsmål ved om dette kan gå på bekostning av dannelse av hele mennesket.» (Severud 2011)

Når då denne faren tar opp læreboken til sonen sin, er det styringsspråket fra K06 som skvetter ein kalddusj av sjokk, indignasjon og forbannelse i fjeset på han. Dette er ikkje forlaget si skuld aleine, dei tilpassar seg praksis for å halde pengeflyten oppe, og er eit ekkokammer for gode som dårlege påhitt.

Menneske som er aktive og kunnskapsrike medborgarar.

Det står ikkje i stil med dei forventningane han som danna menneske og bokelskande far har til faginnhaldet. Eg som fagperson er langt på veg samd med han. Pedagogikk er blitt til juridisk administrasjon av kompetansemål. Kompetansemålsspråket er blitt ein byråkratsjanger som kiler seg mellom elevar, lærarar og lærestoff med fare for å bremse på inspirerande fagleg og menneskelig interaksjon.

Forut for alle «læringssituasjoner» skal vi ha «førlesing», der eleven får avklart kva, kvifor og korleis om det som kjem. Mange lærarar har krav om at læremåla til timen skal stå på tavla. I norskfaget er dette rett og slett mirakeloppskrift for å kvele alle tilløp til litterær oppleving og oppdaging på både litteraturen og eleven sin eigne premisser.

Vi skal snakke saman med eit forvaltningsspråk som ingen av oss liker, men som vi har fått vite er bra for oss. Det er ikkje utfordringar avgrensa til norskfaget dette. Det er førebels ikkje dokumentert at ein kompetansemålsplan gjer meir eller betre læring enn ein rein pensumplan. Likevel køyrer vi på.

Eg hadde gitt sonen hans ei norskundervisning som det svinga av.

Eg stiller meg på denne faren si side. Dropp heile kompetanselæreplanen. Den er ikkje til hjelp for å realisere dei måla vi har i Generell del av læreplanen. Eit byråkratisk feilspor av dimensjonar, som borneborna våre kjem til å kritisere oss for.

Eg hadde klart meg lenge med formålsparagrafen og den Generelle del av læreplanen. Desse har som formål å skape heile menneske som både har det bra og gjer det bra. Menneske som er aktive og kunnskapsrike medborgarar. Menneske som set pris på mangfoldet og arbeider for eit «Vi», som strekker seg ut over eigne landegrenser. Menneske som kan orientere seg i eigen og andre sin kulturarv og leve seg inn i andre si skjebne.

Menneske som kan gje frå seg eigne goder for å hjelpe andre. Menneske som har innsikt og utsikt. Menneske som kjenner tradisjonen, men som er nysgjerrige og opne for nye løysingar. Menneske som elsker å lese og rekne og utforske ny kunnskap med hender, føtter, hjerne og hjerte, og som tek vare på evna til å undre seg med inn i vaksenlivet.

Diverre ville det vore svært lite politisk korrekt.

Eg skal garantere at eg hadde gitt sonen hans ei norskundervisning som det svinga av, som ville tatt vare på og utvikla den gleda og nærleiken vi kan oppleve når vi spruter med språkvatn, sjonglerer med ballbokstaver, leiker oss med spenstig setningsbygging og koser oss med krummelurer av ordklenodium.

Med verdslitteraturen og lokale heltar hadde vi søkt etter svar på dei tusen spørsmål ein ungdom kan stille seg om livet. Vi hadde reist i tid og rom frå Børli til Gilgamesj og tilbake igjen, med universet, oss sjølv og historia bokstavelig talt i eigne hender.

Diverre ville det vore svært lite politisk korrekt. Ein kunne til og med risikere at han plukka opp ei bok etter fullført skulegang og enda opp som eit danna menneske.

nyhetsbrevet