FOTO: ANB/Christian Jepsen, Flyktninghjelpen

Fifty shades of krig

Å sjå den syriske borgarkrigen gjennom augene til dei tilsette ved ein sementfabrikk i Nord-Syria, gir djup innsikt i krigens herjingar, nyansar og gråtonar.

Tenk deg at du kan ta ein vevsprøve av ei pågåande storpolitisk hending, ei humanitær katastrofe og ein blodig krig. Du får ikkje heile biletet, alle svar eller alle sidene av saka. Du får eit djupt og grundig portrett frå ein liten del av det som skjer. Verksemda på ein sementfabrikk i Nord-Syria frå hausten 2011 til hausten 2013, for å vere heilt konkret.

Det er til dei grader meir interessant og relevant enn ein kunne håpe på. Slik er opplevinga etter å ha lese Jacob Wærness si bok Risikosjef i Syria. På jobb mellom regime, opprørere og IS. La meg forklare kvifor.

Men eg tok feil.

risikosjef%2bi%2bsyria-1Det siste året har det kome mange bøker på norsk om herjingane i den syriske borgarkrigen. Åsne Seierstad si bok, To søstre, om dei to søstrene som reiste til Syria for å bidra til framveksten til IS, er eitt eksempel. Året før kom boka Inn i tomheten frå den syriske forfattaren Samar Yazbek på norsk. Også boka Flukten fra Syria av Dagblad-journalisten Linn Kongsli Hillestad og Mah-Rukh Ali si bok Trusselen fra IS.

I denne bokfloraen representerer Risikosjef i Syria av den tidlegare PST-tilsette Jacob Wærness eit forfriskande annleis perspektiv. Der dei andre bøkene fokuserer på flyktningane, på dei humanitære lidingane og på IS’ grusomme terrorvelde, har Wærness eit heilt sjølvstendig og originalt perspektiv. Det handlar om korleis ein kan drive ein stor sementfabrikk i eit samfunn som gradvis sklir ut i ein opprivande borgarkrig.

På kvar sin måte bidreg desse bøkene med sine perspektiv på den syriske borgarkrigen – og nettopp det slo meg då eg las den sistnemde boka; kva rolle perspektivet speler i desse forteljingane og beretningane. Kvar tue står du på, kva utsiktspunkt har du til det som skjer? Det avgjer i stor grad kva historie du vil presentere til lesarane.

Krigen er ikkje svart eller kvit. I alle fall ikkje i Syria.

I starten av boka vart eg litt frustrert over kor lite forfattaren reflekterte over dei humanitære sidene av krigen i Syria, med flyktningstraumane, matmangelen, drapa, torturen og terroren. Samfunnet som forsvann. Eg tenkte at det ikkje gjekk an å skrive ei bok om den syriske borgarkrigen utan å ha fokuset retta mot desse tinga. Men eg tok feil.

Etter å ha lese Risikosjef i Syria er eg overtydd om at denne boka trengs, akkurat slik den er. Jacob Wærness er mannen som tidlegare arbeidde med kontraterror i PST, men som søkte seg til nye utfordringar og fekk jobb i det franske sementselskapet Lafarge. Han fekk ansvar for å sørge for tryggleiken ved selskapet sitt store fabrikk i Nord-Syria, i etterkant av at den arabiske våren hadde nådd Syria.

nyhetsbrevet

Vi får følge Wærness på hans reise dit, med alle praktiske og kulturelle utfordringar. Han skriv sakleg, nøkternt og detaljert om korleis han navigerte i det som i større og større grad utvikla seg til å bli ein borgarkrig. Men på kva tidspunkt blir ein borgarkrig ein borgarkrig? Når sluttar samfunnet å fungere? Når er det tid for å pakke sakene sine og reise heim? Dette er spørsmål som gnagar på Wærness gjennom forteljinga hans.

På kva tidspunkt gjer ein seg skuldig i krigsforbrytingar ved å indirekte bidra til terrorgruppene sin krigsøkonomi?

Jacob Wærness. Foto: Sarah Basyouny.
Jacob Wærness. Foto: Sarah Basyouny.

Krigen er ikkje svart eller kvit. I alle fall ikkje i Syria. Dette kjem veldig godt fram i Wærness si bok. Etter å ha lese den sit ein igjen med ei sterkare forståing av kor vanskeleg det er å få auge på dei gode og dei vonde i den syriske borgarkrigen. At krigen innheld så mange grupper, alliansar og dermed nyansar.

Tidlegare i haust vart boka til Wærness aktuell ved at det vart avslørt at sementselskapet Lafarge hadde betalt pengar til IS. I motsetnad til mange av dei andre bøkene om Syria, handlar ikkje Wærness si bok så mykje om den frykta terrorgruppa, trass i at den er nemnt i undertittelen på boka. Likevel dveler forfattaren lenge ved krigens reglar og raude linjer.

Forfattaren sit på erfaringar, vitneskildringar og perspektiv som ingen eller få andre nordmenn kan skilte med.

Når er det ikkje lenger forsvarleg å drive ein sementfabrikk i ei krigssone? På kva tidspunkt gjer ein seg skuldig i krigsforbrytingar ved å indirekte bidra til terrorgruppene sin krigsøkonomi? Kva med alle dei tilsette som mistar levebrødet sitt den dagen fabrikken stenger portane sine?

Trass mi positive oppleving ved å lese boka, sakna eg likevel meir språkleg variasjon og meir dramaturgi. Samstundes bidrog mangelen på dette til at forfattaren fekk meir truverd til rolla si som fagmann som berre fortalde si historie så enkelt og rett fram som råd. Det er ingen enkle svar i boka til Wærness, og det er noko av det som gjer den til ei bok som er verd å lese.

Forfattaren sit på erfaringar, vitneskildringar og perspektiv som ingen eller få andre nordmenn kan skilte med.

nyhetsbrevet