EU er verken på sotteseng eller ein kapitalistisk konspirasjon. Men er det nok futt i Brussel til at skeptiske nordmenn snart blir med? Sten Inge Jørgensen gjer eit heltemodig forsøk på å få liv i debatten.
Sten Inge Jørgensen si nye bok «Vi som elsker Europa» er det siste tilskotet i kategorien «norske menn skriv om kor dumt det er at Noreg ikkje er med i EU».
Det har dei siste åra kome ganske mange bøker i denne sjangeren. Eg nemner Mot Europa av Pål Frisvold, Europaveien av Kjetil Wiedswang, Det norske paradoks av Erik Oddvar Eriksen (red.) og Europeere av Simen Ekern.
Her gjer Jørgensen ein viktig jobb med å gå gjennom den store mengda initiativ som dei fleste aldri har høyrt om.
I og for seg er dette ein av mine personlege favorittsjangrar. Men som engasjert EU-tilhengar er det neppe meg desse herrane treng å overtyde. Spørsmålet er difor: Vil Jørgensen si nye bok nå fleire enn kyrkjelyden?
Etter å ha lese meg gjennom 266 sider med Jørgensen sine skildringar av status for EU-samarbeidet er svaret i beste fall «kanskje».
1994 er over
For å starte med det positive:
Boka krev svært få, om nokon forkunnskapar om EU-samarbeidet sine strukturar og spissfindigheiter. Jørgensen unngår å strande djupt nede i spaghettien av Europaparlament, Kommisjon, råd med og utan stor R, uavhengige byrå, arbeidsgrupper og akronym for alle moglege samarbeidsorgan som etter kvart utgjer Den europeiske union.
I staden har Jørgensen tatt for seg konkrete politiske utfordringar, og skriv om korleis EU forsøker å løyse desse. Brexit, flyktningkisa, euro-krisa, klimakampen, felles forsvarssamarbeid m.m. Alt dette blir godt skildra, og lesaren sit igjen med ei god forståing for kva EU gjer for å takle desse utfordringane, og eventuelt kor det buttar for å få gjort meir (som regel hos nasjonalstatar som ikkje vil gi frå seg suverenitet) .
På den negative sida kan nok boka framstå i overkant mykje som eit hyllingsskrift til EU-prosjektet.
Kort sagt er boka ein nyttig gjennomgang av alt som har skjedd i EU-samarbeidet dei siste åra, og kva som framleis står høgt på agendaen i Brussel. Dette trengs av to grunnar. Den eine er at mange nordmenn framleis sit med eit slags bilete av at EU er det EU var i 1994, og ikkje har fått med seg dei enorme endringane som har skjedd sidan den gong.
Den andre grunnen er at overskriftene i avisene som regel handlar om massive kriser som EU må løyse her og no, til dømes flyktningkrisa i 2015 eller gjeldskrisa i Sør-Europa. Det kan skape eit inntrykk av at det ikkje skjer noko anna i EU-samarbeidet, og at slike spørsmål må finne si løysing før ein kan gå vidare. Men slik er det ikkje.
Akkurat som her heime jobbar både embetsverk og politikarar jamt og trutt med å løyse store og små spørsmål, uavhengig av kva som skapar dei største overskriftene. Her gjer Jørgensen ein viktig jobb med å gå gjennom den store mengda initiativ som dei fleste aldri har høyrt om, til dømes for å sikre personvernet på Internett eller stoppe utslepp av miljøgifter, der EU-systemet rullar og går. Og påverkar kvardagen vår meir enn dei fleste er klar over. Stort sett til det betre.
Lite nytt
På den negative sida kan nok boka framstå i overkant mykje som eit hyllingsskrift til EU-prosjektet. Dette kjem kanskje ikkje som noko sjokk for ein lesar som har kjøpt ei bok med tittelen «Vi som elsker Europa». Men dersom målet er å overbevise skeptikarar her heime, ville nok forfattaren tent på å får fram nokre fleire nyansar.
Men følgjer du godt med i norske og utanlandske aviser, har du truleg lest det meste før.
Litt for ofte blir det at EU «tar tak» og faktisk gjer noko for å regulere ein bransje, framstilt som noko positivt i seg sjølv. Personleg har eg til dømes ei rekke motforestillingar mot det som blir gjort for å regulere Internett, pålegge TV-stasjonar innhaldskrav og opne for breibandsavgifter for å subsidiere ulike europeiske filmprosjekt.
Det ville vore fint å fått presentert også nokre av dei mange motforestillingane som trass alt eksisterer mot mange av EU sine initiativ (og uavhengig av synet på EU som prosjekt).
Det kan nok også gjerast gjeldande at for den som følgjer godt med på europeisk politikk, er det svært lite – om noko – nytt å lære av boka. Jørgensen gir oss eit solid innblikk i dei viktige diskusjonane som foregår rundt handelspolitikk, Brexit, flyktning-fordeling og den autoritære vendinga i land som Ungarn og Polen. Men følgjer du godt med i norske og utanlandske aviser, har du truleg lest det meste før.
Får du gjennomslag for kravet ditt i EU, kan du fort ha fått gjennomslag i heile verda.
Boka sin viktigaste misjon er etter mi vurdering todelt. For det første er den eit solid kampskrift for eit progressivt og aktivt EU, ja, eit EU som kan appellere til venstresida. For det andre tar boka eit oppgjer med ulike dommedagsprofetar som i årevis har fått lov til å skape eit inntrykk av eit EU som er i ferd med å gå til grunne.
Globale, europeiske standardar
Når det gjeld det første, kan faktisk boka bli viktig for den heimlege europadebatten. Til skilnad frå nesten alle andre land, er det nemleg venstresida i Noreg som har vore mest på barrikadane mot både EU-medlemskap og mot enkeltdirektiv. Dette er ganske forunderleg, all den tid EU er kanskje verdas viktigaste aktør for å løyse store utfordringar som mange på venstresida med rette er opptekne av:
Å kutte klimagassutslepp, å sikra faglege rettar på tvers av grenser, å skattlegge internasjonale selskap, ja, kort og godt å styre marknadsøkonomien på ein måte som gjer at ein også tar andre omsyn enn profittmaksimering. I boka vil folk på venstresida finne mange gode argument for både viktigheita av arbeidet EU gjer, og ikkje minst potensialet for framtidig kollektiv handling.
Den andre viktige misjonen eg tenkjer boka har, er å slå tilbake inntrykket av eit EU i oppløysing.
Særleg er boka god når det gjeld å vise fram EU sin «soft power» som verdast største marknad, og dermed standardsettar. Som Jørgensen skriv: «Når EU-fløyten spiller opp til en ny standard, velger fabrikker over hele verden å innrette seg. EU-markedet er så stort, og kostnadene ved å kjøre flere parallelle produksjonsløp basert på ulike standarder så omfattende, at de ofte velger å legge seg på EUs nivå. Hele verden nyter altså godt av dette».
Det er med andre ord ikkje berre i Europa det får betydning når EU set personvernkrav til digitale tenester, miljøkrav til bilar osb. Får du gjennomslag for kravet ditt i EU, kan du fort ha fått gjennomslag i heile verda. I denne styringsoptimismen på EUs vegner minnar boka til Jørgensen kanskje mest om amerikanske T.R. Reid si bok «The United States of Europe» frå 2005, som også fokuserte på EU si rolle som global maktspelar og standard-settar.
Når du legg til dei mange verktøya konkurransekommisær Margrethe Vestager tar i bruk for å tvinge multinasjonale selskap til å betale skatt og sikre rettferdig konkurranse, framstår EU på mange måtar som ein styringsoptimist sin våte draum. Noko som for øvrig er eit av dei viktigaste argumenta EU-motstandarar på høgresida tar i bruk. Eller som Margaret Thatcher skal ha sagt: «Eg avskaffa ikkje sosialismen her i Storbritannia berre for å få den gjeninnført av Brussel».
Alive and kicking
Den andre viktige misjonen eg tenkjer boka har, er å slå tilbake inntrykket av eit EU i oppløysing. For kvar einaste krise EU-samarbeidet har vore gjennom, er det nok av stemmer – ikkje minst i Noreg- som har snakka som at enden snart er nær. Berre for å sjå at samarbeidet i staden blir forsterka.
Det viktigaste vi manglar er stemmeretten. Den argumenterer Jørgensen godt for at vi burde skaffe oss.
Denne trenden kan sjå ut til å gjenta seg med den pågåande Brexit-prosessen. Denne øvinga i nasjonal sjølvskading som vart starta av David Cameron av parti-interne omsyn, er utan tvil alvorleg for EU. Men det er definitivt ingen tvil om at den er langt meir alvorleg for britane sjølv.
Løfta om å ta tilbake suverenitet og pengar har i staden blitt til kriseplanar for å sikre nok medisin og mat i tilfelle ein hard Brexit. Noko som diverre blir meir og meir sannsynleg. Underleg nok viste det seg at det er vanskeleg å sikre seg alle fordelane med eit klubbmedlemskap utan å betale medlemsavgift eller følgje reglane. Kven skulle trudd.
I det øvrige EU er tilliten til unionen på veg oppover. Det går godt i økonomien, arbeidsløysa er på veg ned og Brexit ser faktisk ut til å gjere at resten av Europa sluttar rekkene. Kanskje fordi ein har fått synleggjort kva som faktisk står på spel når ein leflar med tankar om utmelding. Og dette ser ut til å ha fått tradisjonelt EU-skeptiske krefter til å legge den krassaste motstanden i skuffa – det vere seg Marine Le Pen i Frankrike eller Jonas Sjöstedt i Sverige.
I desse dagar markerer vi dessutan dei ti åra som har gått sidan Lehman Brothers gjekk konkurs, og drog med seg både USA og Europa i ein alvorleg resesjon. Verst gjekk det utover dei landa som i minst grad hadde balanse i sine offentlege budsjett, og på eit tidspunkt var euroen alvorleg truga som fellesvaluta.
Som Jørgensen skriv er det med andre ord berre 3-4 av Europarådets 47 medlemmar som ikkje har EU som gravitasjonspunkt.
Ti år etter kjem det meiningsmålingar som viser at berre 20 prosent av innbyggjarane i eurolanda er motstandarar av valutasamarbeidet – det beste talet sidan 2004. I tillegg svarar no for første gong eit fleirtal av EU-borgarane «ja» på spørsmålet om dei føler at si stemme tel i EU. Og 67 prosent svarar at landet deira tener på å vere medlem – det høgaste talet sidan 1983.
Uansett kor mykje enkelte måtte ønske det, ser det ikkje ut til at EU har tenkt å forsvinne. Kvifor? Fordi borgarane er gjennomgåande positive til prosjektet.
Er Europa større enn EU?
Så kan ein alltids innvende, slik motstandarane her heime gjer flittig, at Europa er større enn EU. Det er sant. Av dei 47 medlemslanda i Europarådet er det «berre» 28 som er medlem i EU. Men kva er eigentleg status for resten? Vel, fire av dei øvrige landa er medlem i EUs tollunion. Seks står på trappene til EU-medlemskap. Seks er medlemmar i EUs såkalla austlege partnarskap. Og sist, men ikkje minst har vi dei fire landa som er knytt til EU gjennom EFTA. Herunder Noreg.
Som Jørgensen skriv er det med andre ord berre 3-4 av Europarådets 47 medlemmar som ikkje har EU som gravitasjonspunkt. Noreg er, med våre djupe integrasjon gjennom EØS-samarbeidet, definitivt ikkje blant dei. Vi er med i det meste som kan krype og gå av EU-prosjekt. Det viktigaste vi manglar er stemmeretten. Den argumenterer Jørgensen godt for at vi burde skaffe oss. Og det er det ikkje vanskeleg å vere einig med han i.
Kommentarer