FOTO: Michael Garnett / Flickr cc

Prosessen

Er det blitt slik at media set premiss for politikken? spør Bård Vegar Solhjell etter å ha lest Henrik Thune si bok “Øyeblikkets triumf”.

«Viss det står to politikere på en scene, og den ene sier «Jeg har en løsning på krigen i Midtøsten» mens den andre ramler ned fra scenen – hvem av dem tror du blir hovedoppslaget på kveldsnyhetene?»

Du veit korleis det er med førsteinntrykk. Dei vert skapt på sekund, men kan likefullt bli varige fordommar. Mitt første inntrykk av Henrik Thunes «Øyeblikets Triumf» var elendig. Den syntes å vere full av ting eg foraktar. Diffus mediekritikk, diffus kritikk av «politikarane» (som om vi er ei folkegruppe) og ikkje minst nostalgi. Den innleier med ein sekvens der forfattaren mimrar om 80-talet, for så å antyde at demokratiet fungerte betre før.

Media er i ferd med å bli det viktigaste i politikken.

Men så feil kan ein ta. For «Øyeblikkets triumf» har noko som er heilt uvanleg for ei lita, norsk sakprosa-bok med mjukt omslag; Noko viktig å fortelje. Ein original og vesentleg idé, rett og slett.

Ideen er denne: Media er i ferd med å bli det viktigaste i politikken. Politikarane bruker store delar av si tid på å handtere medier. Medier set dagsorden for den politiske debatten, hos seg sjølv men også i Stortinget. Dei som arbeider nærast politikarar er ikkje fagfolk eller ekspertar, men medierådgjevarar. Og korleis ei sak vil sjå ut i mediebiletet påverkar avgjerder som blir teke om den.

Henrik Thune gjer ein sterkt mediekritisk tale – nesten eit oppgjer – som Tony Blair heldt to veker før han gjekk av i 2007 til sitt startpunkt. «Det aller meste av jobben som politiker i dag, og da mener jeg alt annet enn noen ytterst sjeldne beslutninger av det aller største slaget, handler om å håndtere nyhetsmediene» hevdar Blair. Og vidare: «Jeg tror den nåværende tilstanden undergraver samfunnet og våre politiske institusjoner». Såpass.

At det er Tony Blair som seier dette, er nesten komisk.

«Look who’s talking» tenkjer kanskje du. At det er Tony Blair som seier dette, er nesten komisk. Den europeiske politikaren som i størst grad skuldar sin suksess på stram medieregi, er no mediekritikar. Men kanskje difor er han også den beste til å forstå?

tony blair
Tony Blair, mediakritiker. FOTO: Center for American Progress.

Thune dreg ut på ei reise blant politikarar og mediefolk i Oslo, for å undersøke om det er slik i Noreg også. Og på denne reisa blir det meir og meir truverdig, for kvar side som går, at teorien er viktig. Alle forstår straks kva han snakkar om. Journalistar, redaktørar og politikarar fortel ulike historier om kven som har makt, og korleis samspelet mellom politikar og journalist fungerer. Men at medielogikken dominerer og at politikken er medietilpassa, legg alle til grunn implisitt.

Thune oppsummerer sin teori i spissformuleringa «Politikkens viktigste virkelighet er ikke lenger verden, men de digitale medienes logikk (og det er slik politikere vinner valg)»

Politikarar har (tru det eller ei) verdiar og idear.

Alle politikarar veit at det å vinne val er viktig, og at ønsket vårt om å vinne påverkar politikken – i stor eller liten grad. I statsvitskapen (eg er, til liks med Thune, statsvitar) fins det eit stort teorifelt som legg til grunn at politikarar sin åtferd er bygd på ønsket om å vinne val; Thunes nyvinning er å introdusere medieloggikken som ein eigen forklaringsfaktor, som påverkar politikarar sin åtferd.

Politikarar har (tru det eller ei) verdiar og idear, som vi arbeider for. I tillegg er vi opptekne av å vinne val. Kanskje fordi vi vil ha posisjonar og makt, men også fordi det gir høve til å sette ideane ut i livet. Vi er vant til tenke på media som nett det; medium  – for informasjon og kritisk blikk mellom politikk og veljar. Er det blitt slik at mediet i seg sjølv er blitt ein avgjerande faktor, som set premiss for politikken?

Thune meiner det. Ikkje fordi mediefolk er så mektige, eller har ein agenda, men på grunn av korleis digitale medier pauselaust gjennomborar samfunnet.

Korleis skjer det? På dette punktet syns eg Thune utdjupar for lite, og skil for lite eksplisitt mellom ulike måtar medielogikken påverkar politikken på.

Du har mediehandtering. Det er ingen tvil om at meir av politikarane si tid går med til å respondere på spørsmål frå media, og at det konsumerer tid – særleg i dei tilfella då ei sak vert totalt dominerande i mediebiletet. Og sjølv om eg veit om politikarar som lar dagens mediebilete styre livet, er ikkje det norma, trur eg. Mediehandtering stel tid, men endrar ikkje politikkens innhald.

Så har du medieregi. Inga politisk sak vert lagt fram i dag utan at det vart arbeidd systematisk med korleis den skal presenterast. Her kan det i større grad vere at innhaldet blir påverka, ja kanskje blir poliske grep tekne heilt eller delvis fordi dei skal ha ein funksjon i offentleg debatt.

Det eg trur er mest typisk er at medienes rolle, og presentasjon av politiske saker der, sklir saumlaust inn i den politiske prosessen og blir ein del av avgjerdene, av det politiske arbeidet. Så står dei der desse tre. Innhaldet, meiningsmålingane og mediene – og blir ein integrert del av det politiske handverket.

Dersom det er rett, er boka til Thune viktig fordi den dreg det fram og sett ord på det. Den er langt frå perfekt. Intervjua framstår overflatiske, analysen av parti og tenketankar trur eg bommar. Det treng jo heller ikkje berre vere negativt om vi politikarar vektlegg presentasjon av sakene våre noko meir, og media får ei meir dominerande rolle.

Til politisk interesserte, og mine kollegar i politikken, kan eg tilrå boka.

Thune har også lite å melde om kva vi kan gjere med situasjonen han skildrar, bortsett frå at politikarar kan bry seg mindre om media og meir om sine eigne prosjekt. Det ville vere fint, men kanskje er det meir konstruktivt å diskutere samspel, og korleis dei store spørsmåla kan forenklast og formidlast av både politikar og journalist?

Uansett. Kva gjer det vel om ei bok ikkje er perfekt, så lenge den er viktig? Og Thune si bok er viktig. Den treng utdjuping, og empirisk analyse. La oss håpe at statsvitskapen og medievitskapen kan bidra med det (for alt eg veit fins det allereie). Til politisk interesserte, og mine kollegar i politikken, kan eg tilrå boka. Den er også lettlest, for den som måtte frykte tungt, akademisk stoff.