Hellestveit Cecilie 2
FOTO: Lisbeth Michelsen

Syria-krigens anatomi

Cecilie Hellestveit går grundig til verks når folk skal få Syria-konflikten inn med teskei.

Vi er nok mange som dei siste åra har sett dei grusomme bileta frå krigen i Syria og tenkt: «Kvifor skjer dette?» I boka Syria. En stor krigen i en liten verden gir Cecilie Hellestveit deg svaret – i eit tempo som gjer at du nesten ikkje klarar å følge med.

Hellestveit er ein av dei fremste norske forskarane på Midtausten – dette viktige området av verda som har vore heimsøkt av konflikt i uminnelege tider. Forfattaren har merittane i orden: Ikkje berre snakkar ho flytande arabisk og hebraisk, men ho har dei siste åra vore tilknytt ei rekke prestisjetunge institusjonar som PRIO, ILPI, NUPI, i tillegg til ei doktorgrad i folkerett frå juridisk fakultet ved Universitet i Oslo. Det er med andre ord ein særs kompetent fagperson som har skrive denne viktige boka.

Ho formidlar levande og i eit ekstremt høgt tempo.

syria omslag
Ny bok: «Syria. En stor krig i en liten verden».

Eit av kapitla har Hellestveit vald å kalle Syria-krigens anatomi – det same som tittelen på denne bokmeldinga. Ho kunne like gjerne kalla boka det same. For ho går så grundig til verks i å forklare kven dei ulike gruppene internt i Syria er, kva historie dei ulike aktørane har, kven som er vener med kven, kva mål dei enkelte har med krigen og så vidare. Boka er stappfull av kunnskap og detaljar, kanskje nesten litt i overkant mykje.

Sjølv om eg sat igjen med ei kjensle av å ha forstått korleis ting heng saman i Syria, klarte eg ikkje å la vere å irritere meg over hastverksarbeidet boka ber preg av: Det er openberre skrivefeil på nesten kvar side og poenga blir gjentatt i nesten ordrett form i avsnitt etter avsnitt. Boka kunne med fordel vore mellom 50 og 100 sider kortare viss ein hadde kutta alle gjentakingane.

Eg saknar også dei små anekdotane, historiane og forteljingane vi kan knytte dei politiske hendingane til. Det blir mest ei 330 siders oppramsing av kva som har skjedd i Syria og kva som førte til at dette skjedde. Igjen, boka osar av detaljar og fakta. Det kunne med fordel vore meir raffinert.

Det er ingen tvil om at Hellestveit har vald fugleperspektivet.

For dei som har høyrt Hellestveit snakke, er jo dette ein av hennar styrkar; ho formidlar levande og i eit ekstremt høgt tempo. Boka er på sitt beste i starten, der forfattaren har tatt seg tid til å gje oss ei grundig innføring i Syrias geografi, politikk og samfunnsliv basert på ein gjennomgang av dei forskjellige syriske regionane. Her lærte eg mykje som vart nyttig i forståinga av den kronologiske oppramsinga av konflikten som følgde i resten av boka.

Det er ingen tvil om at Hellestveit har vald fugleperspektivet og at ho held seg lojalt til dette frå start til slutt. Sjølv om boka eigentleg er ei bok om Syria, hender det likevel at forfattaren aukar høgda på sitt fugleperspektiv og tar seg god tid til å forklare slike ting som «brannen i Islams hus» – desse blodige konfliktane mellom sekter i den muslimske verda – og storpolitikken i Midtausten. Sjølv om linken til Syria ikkje alltid er like tydeleg i desse sekvensane, er dette særs nyttige og lesverdige sider.

Det er også imponerande korleis forfattaren skriv om valdens herjingar i Syria.

Boka bør lesast av alle som ikkje lenger vil sitte og sjå nyheitssendingane frå Syria utan å forstå kva som skjer. Kvifor bombar regjeringshæren sivile i visse område? Kvifor er IS så opptatt av å fjerne dei koloniale grensene i Midtausten? Kvifor er Saudi-Arabia og Iran så bitre fiendar i krigen om Syria?

Det er også imponerande korleis forfattaren skriv om valdens herjingar i Syria, tilsynelatande med ein forskars profesjonelle distanse. Det skin ikkje gjennom kva som er hennar eigne preferansar blant opprørarane på bakken eller for eit framtidig Syria, utanom at ho sjølvsagt som alle oss andre ønsker ein snarast mogleg slutt på elendigheita.

nyhetsbrevet