Quiz: Anarki i Storbritannia

Denne veka tar quizen turen til Storbritannia.

  1. Kva heiter Liverpool sin supportar-sang, hvis tittel også kunne fungert som eit slagord for arbeidarrørsla?
  2. Kva heiter dagens leiar for det britiske Arbeidarpartiet?
  3. Kva heitte den britiske statsministaren som invaderte Irak i 2003 saman med USA og den amerikanske presidenten George W. Bush?
  4. I kva britisk by ligg filosofen og sosialisten Karl Marx gravlagd?
  5. Kva heiter den britiske filmen om ein 11 år gamal gut som veks opp i eit gruvesamfunn i Nord-England og til får plass ved Den kongelige ballettskolen i London?
  6. Kva heiter den britiske fascistleiaren som mellom anna vart nedkjempa gjennom gateslagsmål med venstresida og fagrørsla?
  7. Kva heitte det banebrytande punkebandet som på søttitalet ønska seg “Anarki i Storbritannia”?
  8. Kor mange prosent av britiske arbeidstakarar er fagorganiserte? Svaralternativ: 13%, 23% eller 34%.
  9. Kven skreiv boka om den foreldrelause fattigguten Oliver Twist som vart oppdratt i eit britisk “workhouse”?
  10. Kva industri jobba dei britiske arbeidarane som vart berømte for sine streikar retta mot den konservative regjeringa til Margaret Thatcher i 1984 og 1985?

Fasiten finn du her.