FOTO: Lene Wetteland

Går imot den europeiske trenden

Eg har følgt Armenia i over ti år, men det siste valet i Armenia har verkeleg overraska meg.

Robert Revazjan  vandrar kvilelaust rundt i hovudkvarteret for valobservasjonen i Den armenske Helsingforskomités lokale. Han sjekkar hotline-telefonen for tredje gong på like mange minutt. Den er fulladd og lyden er på, det er bare ingen som ringer for å spørje han om råd. Ingen valobservatørar, ingen veljarar, ingen journalistar.

– ­Dette er det kjedelegaste valet eg nokon gong har vore med å observere, seier han. Før han legg til med eit stort smil: Det er heilt fantastisk!

Stemninga er god, men uvant, for dei mange lokale valobservatørane i Jerevan under valet på hovudstadens nye ordførar og byråd denne søndagen. Etter omfattande folkelege, fredelege protestar som kasta statsministeren av Armenia i april, og deretter ordføraren i Jerevan få veker seinare, er det utlyst nyval på byråd og ordførar. Spenninga er stor på om dette vil føre til ny uro, eller om Armenia verkeleg har endra seg.

Vanlegvis ringer telefonane konstant. Då ringer observatørane som er ute i vallokala for å få vegleiing eller umiddelbar fysisk hjelp på staden, vanlege folk melder frå om problem, og presse for å få kommentarar til alle brota som observatørane dokumenterer. Telefonane bruker å gå så varm at dei ikkje har tid til å oppdatere sosiale media fortløpande med alt som skjer, eller ete. Slik var det sist under byrådsvalet for litt over eit år sidan. Men slik er det ikkje no.

I år går alt roleg for seg. Observatørane ser folk kome til vallokalet på eiga hand, utan å bli vakta over av menn med namnelister og talande blikk. Dei dokumenterer nokre tekniske utfordringar og familiemedlemmer som vil hjelpe kvarandre, men berre enkelttilfelle og usystematisk. Det som skaper mest reaksjonar er at statsministerens parti, som har den mest populære kandidaten, bringer store mengder pizza til vallokala i anonyme, kvite esker. Er det for å påverke valstyre og veljarar? Eller bare for å få litt mat i folk som bruker heile dagen på vallokalet?

Dei uavhengige journalistane i Epress klager også smilande over ein alt for roleg arbeidsdag. Dei er vane med å trenge seg veg mellom menn som intimiderer veljarane, kjempe med kritiske og nedlatande valstyremedlemmer for å få lov til å utføre oppgåva si, og prøve å få veljarar til å ytre seg på kamera. No har dei tid til å ete lunsj og reflektere over spørsmålet som blir meir og meir openbart: Har Armenia verkeleg endra seg så mye berre sidan revolusjonen i april? Dagens val er geografisk avgrensa til hovudstaden, men er ein viktig indikator på kva for retning armenarane og den politiske eliten har tatt på nasjonalt nivå.

Ein tidlegare president vender tilbake

Leiaren Nikol Pasjinjan blei etter revolusjonen vald inn som ny statsminister av parlamentet. Partiet har ikkje fleirtal, men andre parti har bytta side, medlemmer av den førre statsministeren sitt parti har gått av, og det er gjort endringar i sentrale stillingar mellom anna i politiet. Ein omfattande prosess er satt i gang mot korrupsjon, og fleire arbeidsgrupper med representantar frå sivilsamfunn er sett i gang med ulike reformar, mellom anna med å lage ny vallov. Støtta til statsministeren er framleis stor, og hans portrett og slagord på skyggeluer og t-skjorter var like populære hos gatehandlarane som flagget på nasjonaldagen 21. september.

Nikol Pasjinian under demonstrasjon i Jerevan i april i år. FOTO: Yerevantsi/Wiki cc

Samstundes er det skuldingar om at det ikkje går fort nok, at korrupsjonssakene kun er retta mot politiske motstandarar, og at det ikkje er så mange kvinner som lova i den nye regjeringa og statsapparatet elles. Eit nyleg valdeleg åtak på ni LHBTI-personar blei ikkje fordømt av statsministeren, han refererte ikkje ein gong til at det nye Armenia er for alle under sin tale under markeringa av 100 dagar som statsminister. Religiøse og seksuelle minoritetar blir mest brikker i det politiske spelet mellom den nye regjeringa med sine støttespelarar, og tidlegare president Robert Kotsjarjan som har dukka opp att og polarisert diskusjonen. Skuldingane går på at den nye regjeringa og sivilsamfunnet er truslar mot armenarane sine tradisjonelle verdiar med sine reformar, og regjeringa blir pressa til å motbevise dette. For sivilsamfunnet er det vanskeleg å kome med konstruktiv kritikk av den nye regjeringa når alternativet er ein velståande tidlegare president med slike skuldingar og det som mest sannsynleg er Kreml i ryggen.

Stor framgang på kort tid

– Eg stemte ikkje på Pasjinjan sin kandidat, seier drosjesjåføren mens han ser på meg i spegelen i staden for på den travle jerevantrafikken. Han held fram:

– Eg stemte på Zaruhi Postandjan. Men det gjer ingenting, seier han. Ettersom valet var fritt og rettferdig og mine medborgarar stemte på Pasjinjan sin mann er det heilt greitt.

For meg, som har følgt val i Armenia i ti år, er dette nesten utruleg å høyre. Armenia har vore eit fattig land med stor arbeidsløyse, stor utvandring, mykje korrupsjon og så godt som ingen tillit til statlege institusjonar. Veljarar selde stemma si fordi dei trengte pengane og fordi stemma deira uansett ikkje hadde noko å seie. Brått, i løpet av få månader etter revolusjonen, er det bare enkeltvise meldingar om forsøk på stemmekjøping, og ikkje minst tillit til at valresultatet er reelt.

Alt i alt er både valgjennomføringa, fråværet av stemmekjøp, valdeltakinga og den auka tilliten til systemet massive steg i riktig retning på kort tid

I det som i dei aller fleste tydingane av ordet var eit fritt og demokratisk val, fekk kandidaten frå statsminister Pasjinjans parti, Hajk Marutjunjan, over 80 prosent av stemmene. Under førre val i Jerevan var oppmøtet offisielt på 41 prosent, no auka til 43,6 prosent. Det kan virke lite samanlikna med til dømes Norge, men i eit land der stemmen din ikkje talde for så lite som sju månader sidan, og folk både med og utan stemmerett blei bussa til vallokala av dei ulike partia er dette ei auke som er verd å merke seg. I tillegg er nok ikkje det offisielle talet på 848343 stemmeberettiga i Jerevan reelt – med tanke på emigrasjon – og prosenten blir dimed enno høgare.

Alt i alt er både valgjennomføringa, fråværet av stemmekjøp, valdeltakinga og den auka tilliten til systemet massive steg i riktig retning på kort tid. No er det bare om å gjere at den nye regjeringa, no flankert av eit overveldande fleirtal i bystyret i hovudstaden, er medviten ansvaret sitt og gjer seg tilliten verdig – også for dei som ikkje stemte på dei.

Nytt ansvar

Sivilsamfunn og media har også ei viktig rolle for å bruke den nyvunne fridomen til å halde makthavarane ansvarleg. Konstruktiv kritikk er blitt vanskelegare både grunna polariseringa som det tidlegare regimet byggjer opp under, men også fordi store delar av sivilsamfunnet no brått er i maktposisjonar der dei må balansere fleire omsyn. Men sivilsamfunnet er klar over utfordringane. Innsatsen under søndagens val er ein bra indikator på at dei tar oppgåva si alvorleg og ikkje automatisk går ut i frå at alt er bra med den nye regjeringa.

Til sist ligg det også eit stort ansvar på at armenarane tek ansvar sjølve. Skal Armenia bli eit demokrati må den kjensla som fekk folk opp av godstolen og ut i gatene under protestane og streikane i april halde fram som aktiv deltaking i fleire samfunnsprosessar.

– Det norske stortingsvalet eg observerte i 2013 viste at val handlar om kultur meir enn lovheimlar. Ettersom valdagen nærma seg her i Jerevan blei eg meir og meir spent på kva veljarane ville gjera, fortalde Vardine Grigoryan frå Helsinki Citizens’ Assembly Vanadzor, ansvarleg for 230 observatørar og fleire koordinatorar, då det heile var over natt til måndag.

– Håpet me hadde for dette valet var ikkje berre avhengig av den politiske viljen som absolutt var der. Det låg på ein kvar borgar til å motstå alle freistingane som fram til no ikkje hadde virka som noko særleg kriminelt. Og dei gjorde det!, fortel ho.

Arbeidet er langt frå over, men søndagens val var i alle fall ein riktig god start og ei god vitamininnsprøyting både for armenarane og for oss som har følgt landet tett i fleire år.

– Dette er første gong i Armenia eg ikkje har ein depresjon etter valet. For første gong uttrykte folket stemmen sin høgt og tydeleg, smilar Vardine, og gjer seg klar til å halde fram arbeidet med ny vallovreform fram mot parlamentsvalet som skal finne stad om få månader.