Utøya
FOTO: Ap/Sara Johannessen

Poesien etter 22. juli

Det hende noko i den norske poesien etter 22. juli 2011, skriv Leif Høghaug og Anne Marit Godal. I august kjem dei to redaktørane med diktantologien “Alt skal bli forandra. Snart. 100 norske dikt om fellesskap og kamp”.

Allereie i august i 2011 skriv Frode Grytten:

det kjem eit nytt 22. juli, det må jo det

ferja skal frakte fleire bankande hjarte over

telta skal bli slått opp på grønt gras

morgonsola skal kysse øya vaken

hei, hei, på tide å stå opp og endre verda.

Dette ser vi: Etter 22. juli kjem dei, poetane, og dei er ikkje lenger samfunnstause. Frode Grytten sjølv er mellom dei tydelegaste av røystene. Som i diktet «Til orientering» (2016), som startar med å gripe rakt inn i ei dagsaktuell asylsak:

Vi kjem til å ta klokka di

og pengane dine

vi kjem til å ta gifteringen din

og smykket du har rundt halsen.

Utøya. Foto: Stian Bromark.

I eit intervju med Klassekampen 29. januar 2016 seier Grytten dette om kva rolle poesien kan spele i politisk debatt:

Poesi er i seg selv politisk fordi poesien forsøker å skildre verden i et språk som ikke er maktas språk. Vi lever i skumle tider, og vi trenger andre måter å se hverandre på enn det politikere, byråkretar og massemedia tilbyr oss.

Og dikt kan «åpne opp, få oss til å se ting på nytt og finne verden opp på ny. Vi kan også sklitakle motstanderen på uventet vis».

Grytten er ikkje åleine om å tenkje dette.

Etter 2011 har mange tatt ordet i den dagsaktuelle politikken gjennom dikt. Utviklinga frå redigerte medium til digital eigenpublisering gjer det slagkraftig å dele dikt. Det korte diktformatet passar sosiale medium og ei «tidsånd» med lite lesetid.

Det som blir delt kan delast vidare av alle som vil. Slik får sosiale medium ein funksjon som liknar tonesetting: Teksten kan spreie seg som eld dersom graset det blir tend i er tørt.

Utøya. Foto: Stian Bromark.

På dette viset har til dømes både Nils-Øivind Haagensen og Stig Holmås dei siste åra synt poetisk kraft i dagsaktuell debatt. Berre i månadene vi arbeidde med antologien “Alt skal bli forandra. Snart”, blei politiske dikt publiserte av våre beste poetar, og delt til tusenvis på Facebook. Slik har det seg at vi i ein historisk antologi har funne og publiserer dikt som er upubliserte i bok til no.

Eit døme

«I dag er vi alle AUF-ere», sa Frp-leiar Siv Jensen då nasjonen Norge hadde vakna opp til nyhende om det fascistiske massemordet. Den eine etter den andre representanten for høgresida i norsk politikk hengde seg på, og det blei etablert ei førestilling om at den utilgjevelege ugjerninga på Utøya var eit åtak på alle.

Men det er her «Facebook-diktet» til Stig Holmås, «Det var ikke et angrep på alle», trer fram som eit sanningsvitne:

Det var ikke et angrep på rasister.

Det var ikke et angrep på fascister.

Det var ikke et angrep på de mørkeblå.

Det var ikke et angrep på de brune.

Utøya. Foto: Stian Bromark.

Nei, ikkje eit angrep på alle; «det var et angrep på Arbeidernes Ungdomsfylking». Og vi tar her òg me dei to siste linene i diktet:

Det var ikke et angrep på de som går hatets vei,

men på de som gikk hånd i hånd på kjærlighetsstien.

Klassekampen om og i språket er ikkje ein kamp diktarar ein gong i ei fjern tid fann på, men ein kamp som no – nett i dag – held fram i den massemediale verda. Det er gjennom språket det blir definert kva vi meiner og trur er sant. Idet politisk kjempande menneske lèt seg overbevise om at språkarbeidet ikkje er politikk, då tapar dei.

Utøya. Foto: Stian Bromark.

Det er på tide å seie det igjen

Norske poetar etter 2011 skriv ikkje berre om inkludering og solidaritet. Dei skriv om fattigdom, arbeid, naturvern og likestilling. Les ein unge kvinnelege poetar kunne ein nok forstått at reservasjonsretten var ei tapt sak og spådd MeToo lenge før det small på Twitter.

Dikta i denne antologien gjer synleg korleis kvinnekampen heilt frå starten av blir driven fram av arbeidarrørsla.

Vi ser dei klare linene i kampen mot moralismen om kva kvinner skal og ikkje skal – heilt frå «de kristne mænd» hos Helene Ugland i 1900, som «hvisler den kjendte lyd / af røster, som truer og ber, / som raaber paa kvindelig ære og dyd», og fram til 2015 når Kjersti Wøien Håland skildrar mannen som ikkje har lua trekt ned, medan kvinna som har hatt ubeskytta sex skjuler ærendet sitt bak feil hylle på det døgnopne apoteket.

Utøya. Foto: Stian Bromark.

Kva skal vi kalle det som hender no, etter 2011? Kan vi våge å tru at dette er ein reell statistikk? Eller kanskje var spora der alltid, om vi såg godt nok etter? Sjølvsagt er det slik at ein ser betre når ein leitar. Å stille spørsmålet er det samme som å svare på det.

Det er ei handling i å spørje etter arbeidardiktinga. Det er ei handling som er eit svar: Det finst ein samfunnskamp, ein klassekamp. Det finst dikt om denne kampen. Det er på tide å seie det igjen.

Det tyder at denne antologien ikkje er eit musealt utstillingsprosjekt. I staden yter han sin skjerv i eit stadig pågåande frigjeringsprosjekt.

(Dette er eit utdrag fra antologien “Alt skal bli forandra. Snart. 100 norske dikt om fellesskap og kamp”, som kjem på forlaget Res Publica august 2018). 

Res Publica og Agenda Magasin tilhøyrer same selskap. Les meir her