Quiz: 1. mai-spesial

Kor mykje kan du om norsk fagrørsle og dens historie?

  1. I politikken snakkar ein ofte om “trepartssamarbeidet” som driv med sentraliserte forhandlingar av løn og arbeidsvilkår. Kven er dei tre partane?
  2. Kva er det største forbundet i LO?
  3. Kor mange medlemmar har LO?
  4. Kor mange prosent av norske arbeidstakarar er fagorganiserte? Svaralternativ: 36%, 43% eller 50%.
  5. Kva heiter den andre hovudorganisasjonen som organiserer arbeidarar frå heile arbeidslivet?
  6. Kva vart stifta først av LO og Arbeiderpartiet?
  7. Kva heitte den bergenske LO-leiaren som sat frå 1945 til 1965 og nyleg fekk ein biografi utgitt om sitt liv? Biografien vart skriven av Inger Bjørnhaug og gitt ut av Res Publica forlag?
  8. Kva type politisk gruppering kasta ei bombe inn i eit 1. mai-tog i Oslo i 1978?
  9. Kva år blei 1. mai stifta internasjonalt?
  10. Kva regjering gjorde 1. mai til flaggdag i Noreg?

Fasiten finn du her.