FOTO: AP/NTB Scanpix

Tysk Tea Party trugar Merkel

Ho som var Merkels handplukka etterfølgjar gir opp. Det er eit nederlag for Merkel. Snart vil Europa merke konsekvensane.

Sist veke vart Tyskland treft av eit politisk jordskjelv. Episenteret var i delstaten Thüringen, langt unna landets politiske sentrum. For første gong var det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland (AfD) med på å velje ein delstatspresident. Det var eit tabubrot i tysk politikk. Denne veka nådde etterverknadene av jordskjelvet i Thüringen til Berlin. Det førte til ei partileiarkrise i det største regjeringspartiet CDU. Og krisa er på ingen måte over.

Men først, kva var det som skjedde i Berlin denne veka? Annegret Kramp-Karrenbauer,  kjent som AKK, var kanslar Angela Merkels favoritt til å bli partileiar i CDU. Karrenbauer er då også ein politikar etter Merkels smak, sakleg, sentrumsorientert og utan store ord og fakter.

I skrivande stund fyller diskusjonen om kven som skal overta makta i CDU og korleis det skal skje tyske medier. Det som er sikkert er at partileiarens avgang er eit politisk nederlag for Angela Merkel.

Den korte historia om kvifor Karrenbauer måtte gå, er at ho ikkje har klart å bli ein person tyskarane ser for seg som ein framtidig regjeringssjef.

CDU er Tysklands største parti. Med  400 000 medlemer er CDU også det einaste folkepartiet i tysk politikk. Det er dermed svært sannsynleg at den nye CDU-leiaren også blir Tysklands neste kanslar. Merkel har sett sitt tydelege politiske preg både på EU og G7. Verda vil merke det når Tyskland skiftar kanslar.

Den korte historia om kvifor Karrenbauer måtte gå, er at ho ikkje har klart å bli ein person tyskarane ser for seg som ein framtidig regjeringssjef. Melanie Amman, som er politikkredaktør i Der Spiegel oppsummerer det slik «igjen og igjen såg det ut til at rolla som verdas potensielt mektigaste kvinne var eit nummer for stort for henne».

Karrenbauers problem er ikkje berre at det er vanskeleg å markere seg i skuggen av Angela Merkel. Det handlar sjølvsagt også om politikk.

Angela Merkel var ein ekstraordinært populær kanslar heilt fram til flyktningkrisa i 2015. Merkel har alltid vore ein utradisjonell CDU-politikar. Ikkje berre fordi ho er lutheransk kristen i eit katolsk-dominert parti, kvinne i ein manntung bransje og aust-tyskar i eit samfunn der vest-tyskarar er i klart fleirtal. Merkel har alltid søkt mot det politiske sentrum. Kursen var lenge ei vinnaroppskrift for CDU. I Merkels glansdagar fekk CDU 41,5 prosent av stemmene.

Etter at det høgrepopulistiske partiet AfD vart ein maktfaktor i tysk politikk, har Merkel ført ei hard linje mot partiet. Ikkje berre avviser ho all form for samarbeid. Avskyen stikk visstnok så djupt at ho stort sett unngår seie namnet på partiet.

Merkel kalla valet i Thüringen «utilgjeveleg».

No er Merkel-æraen i tysk politikk snart over. Tyske aviser har for lengst døypt det som skal skje til Merkeldämmerung, eit ordspel på Wagneroperaen Götterdämmerung. Det norske tittelen på operaen er elles det skjebnetunge Ragnarok. Merkeldämmerung viser seg no å ha omtrent like mange akter som ein Wagneropera.

Første akt var då AKK vart vald som partileiar hausten 2018. Bakgrunnen for partileiarskiftet var at CDU gjorde det svakt i fleire delstatsval. Samstundes inntok høgrepopulistane i AfD delstatsparlament etter delstatsparlament. Mange av veljarane kom frå CDU. Ved Forbundsdagsvalet i 2017 tapte CDU ein million veljarar til AfD.

Andre akt i Merkeldämmerung vart utløyst i Thüringen. Det starta då delstatsparlamentet i Thüringen valde den liberale politikaren Thomas Kemmerich som ministerpresident, med stemmene CDU og AfD. Røystinga var brot med det som til no har vore ein heilt klar regel i tysk politikk: ingen skal sikre fleirtal ved å stemme saman med AfD, ingen politikar skal styre på AfDs nåde.

Merkel kalla valet i Thüringen «utilgjeveleg». Annegret Kramp-Karrenbauer reiste til Thüringens hovudstad Erfurt med krav om at lokalpartiet skulle gå inn for nyval. CDU i Thüringen nekta å lytte Karrenbauers råd.

I fjor samanlikna ho Werteunion med tea party-rørsla i det republikanske partiet i USA.

Mange av toppane i CDU  i Thüringen er medlem av ei ultrakonservativ gruppering i CDU som kallar seg Werteunion (verdiunionen). Det gir konflikten eit klart politisk aspekt. Konflikten handlar sjølvsagt også om Karrenbauers posisjon i partiet. Den viste at ho er ein leiar som ikkje blir lytta til av sine eigne.

Karrenbauer og dei som stør henne, kjem no med harde utfall mot Werteunion. Ein «hjelpetropp for AfD» er ein av karakteristikkane som har falt. Enkelte tar til orde for å kaste Werteunion ut av partiet.

Valdramaet i Thüringen er ikkje Karrenbauers første konflikt med Werteunion. I fjor samanlikna ho Werteunion med tea party-rørsla i det republikanske partiet i USA. Karrenbauer retta eit spesielt hardt skyts mot Hans Georg Maaßen, som er ein sentral person i Werteunion.

Maaßen, var tidlegare sjef for det det tyske PST (Bundesamt für Verfassungsschutz). Han mista jobben etter at han protesterte mot Angela Merkels framstilling av dei framandfiendtlege opptøyane i Chemnitz hausten 2018. I fjor haust var det ingen i CDU-toppen som støtta Karrenbauers utfall mot Werteunion.

Ein grunn til det er truleg at utspelet kom like før det skulle vere val i tre aust-tyske delstatar. Maaßen var aktiv i valkampen. I mange aust-tyske CDU-lag er han meir populær enn Merkel og Karrenbauer.  Maaßens støttespelarar påpeikar at han trekte veljarar som elles ville ha gått til høgrepopulistane. Werteunion konkurrerer med AfD etter same motto som Franz Josef Strauss, ein av etterkrigstidas mest markante politikarar i CDUs bayerske søsterparti CSU: ”Til høgre for oss skal ikkje vere anna enn veggen”.  

Der Flügel står på det tyske PST si liste over organisasjonar som blir granska som høgreekstreme.

At sist vekes drama utspelte seg i akkurat Thüringen, gjer saka ekstra komplisert. Mange minna om at det var akkurat 90 år sidan Hitlers NSDAP kom i regjering første gong. Det skjedde også i Thüringen.

Sjefen for AfD i Thüringen heiter Björn Höcke. Höcke er ein leiarfigur i Der Flügel, den mest ytterleggåande fraksjonen innanfor AfD. Der Flügel står på det tyske PST si liste over organisasjonar som blir granska som høgreekstreme. Höcke er kjent utanfor Tysklands grenser med utsegner av typen «det tyske folket lengtar etter ein historisk skikkelse som kan lege såra, overvinne splittinga og gjenetablere orden».

Höcke er omstridd, også i eige parti. Så omstridd, faktisk, at han aldri har prøvd å bli vald inn i partileiinga. AfD gjekk kraftig fram ved valet i Thüringen. Det styrka Höckes posisjon i partiet. Kaoset sist veke har styrka Höckes fløy enno meir. Dei siste dagane har fleire av Höckes argaste kritikarar i AfD gratulert han offentleg.

Karrenbauers avgang kan utløyse regjeringskrise i Tyskland.

I spekulasjonane om kven som kjem etter Merkel, er det tre namn som går att. Alle kandidatane varslar at deira veg vil føre partiet vekk frå Merkels sentrumskurs.

Jens Spahn er yngste kandidat. Han er 40 og helseminister i dagens regjering. Han har tidvis markert seg som kritisk til Merkel, særleg i då det storma rundt flyktningspørsmålet. No prøvar han å framstille seg som den som best kan samle eit splitta parti.

Armin Laschet er nestleiar i partiet og ministerpresident i Nordrhein Westfalen, Tysklands mest folkerike delstat. Han høyrer til i CDUs sentrumsfløy, men har markert seg med kritikk av Merkels i migrasjons- og justispolitikk. Dette er også dei sakene Werteunion er mest opptatt av.

Friedrich Merz er Merkels gamle rival. Han gjorde comeback i politikken i 2018. Då tapte han leiarkampen mot Karrenbauer med knapp margin. Merz er ingen sentrumskandidat, han er klart konservativ. Han er også kjent som ein glitrande retorikar. Merz problem er at han er meir populær på grasrota i partiet enn blant det tillitsmannsjiktet som skal velje han.

Den lange skuggen frå Merkel er ein grunnane til at Karrenbauer ikkje klarte seg som partileiar. Difor stiller mange no spørsmål ved om Merkel verkeleg kan vere kanslar fram til 2021, slik ho sjølv har sagt at ho vil. Karrenbauers avgang kan dermed utløyse tredje akt i Merkeldämmerung.

Og dramatikken sluttar ikkje der: SPD, CDUs koalisjonspartnar i regjering, seier at dei ikkje vil sitte i regjering med CDU om ikkje Merkel er kanslar. Dermed kan Karrenbauers avgang utløyse regjeringskrise i Tyskland.