Fantasien finst framleis i barna våre. Det same gjer gleda ved å høyre gode forteljingar og å skape sine eigne.
Nyleg opplevde eg noko magisk. Som arrangør av litteraturfestivalen Ord i Grenseland i Fredrikstad såg eg 170 barn i alderen 9 til 12 år, med stjerner i auga, under et møte med barnebokforfattar Bjørn Tore Grøtte.
Vanlegvis ville eg, av fleire grunnar, passa meg for å bruke ei klisjénemning som magisk, men det var det det var, ei magisk stund.
Kva skapte magien? Showet til Grøtte var kjempebra. Det var fartsfylt og morosamt, det trefte barna der dei var, dei lo og jubla, og var stille i lengre periodar. Då Grøtte var ferdig, kom det fleire titals hender i veret. Barna ville høyre meir om hovudkarakteren, om temaet, om forfattaren, om alt mogleg.

Etterpå var autografkøa lang, og Grøtte delte villig ut signaturar, og til og med nokre klemmar. «Erling er også forfattar», sa han plutseleg, og massen snudde seg mot meg.
Eg er også forfattar, sa ei av jentene.
«Kva har du skrive?», ropte ein pjokk. «Kan du skrive ei bok om hestar?», spurte ei jente. «Det veit eg ikkje» sa eg, «men eg kan vise dykk noko hemmeleg». Så nytta eg høvet til å vise fram den heilt nye skissa til omslag til barneboka mi som kjem på nyåret. «Den vil eg lese!», utbraut ei med det same.
Og så skjedde det aller mest magiske! «Eg er også forfattar», sa ei av jentene, «vil du sjå boka mi?».
Frå sekken tok ho fram ei sjølvlaga skrivebok, med eit omslag ho hadde teikna sjølv, og side på side med handskriven tekst. Ei fantastisk forteljing, som den unge jenta fortalde meg med stor innleving.
Eg blei gåande å tenke på dette møtet gjennom resten av festivalen. Møte med store forfattarar som Tore Renberg, Linn UIlmann og Erlend Loe gjer alltid inntrykk. Det var likevel møtet med den vesle forfattaren frå Fredrikstad, og alle hennar jamaldringar, som rørte meg aller mest.
Det finst håp i massevis, vi må berre vekke magien.
Barn og unge bryr seg ikkje om bøker lenger, blir det sagt. Ein stor andel kan knapt lese. Dei er amøbar, om ein skal tru finsk ekspertise. KI og mobilar har teke over. Alt håp er ute.
Men lat oss setje dystopien litt på pause. 170 ungar, med ulike bakgrunnar, leseferdigheiter og litteraturinteresse, tek ikkje feil. Det finst håp i massevis, vi må berre vekke magien.
Vi må gi barna gode opplevingar med bøkene, heilt frå start. Foreldra, dei verkelege amøbane, om ein skal legge seg på finsk nivå, må få nasen opp frå i-phonen og hente fram boka. Lese for barna, frå første dag!
Det er faktisk det finaste ein kan gjere. Sjølv den søtaste katte-reel kan ikkje konkurrere. Lesinga bør vere ein like naturleg del av foreldregjerninga som mating og hygieneopplæring.
På kontrollar på helsestasjonen burde helsesjukepleiaren snakke like mykje med foreldra om lesing, som vekt og mål og vaksinar. For lesinga er ein vaksine.
Ein vaksine mot dei kreftene som tener på at vi ikkje les, på at vi sovnar, at hjernane dovnar. Hitler brende bøkene han ikkje likte. I autoritære land blir forfattarar og journalistar forfølgde. Sjølv i land vi har sett som våre næraste allierte, blir bøker sensurerte og meininga av ord blir snudd i ein slags moderne nytale.
Lesinga bør vere ein del av det naturlege beredskapslageret vårt, saman med ved, vatn og havregryn.
Biblioteket burde vere naudetat.
Mi oppleving frå klasserommet, som eg trur mange av lærarkollegaane mine deler, er at ordforrådet til dei unge jamt blir svekt. Engelsken herjar, og ChatGPT tilbyr ei lettvint løysing når ein ikkje finn orda. Men det enkle er faktisk ikkje alltid det beste. Vi har inga tid å miste: Gi barna bøker før KI tek dei!
Politikarane bør søke hjelp hos dei verkelege magikarane rundt oss. Bibliotekarane og skulebibliotekarane. Biblioteket burde vere naudetat. Dei må styrkast, og sleppe å frykte for stadige kutt. Dei er beredskapssenter, med så mange samfunnsnyttige funksjonar at ein knapt veit kor ein skal begynne.
Skulane må fyllast med ekte bøker. Lærarane må få tid til lesing. Tid til å lese heile bøker. Til å lese med og lese for, til samtale og undring, og tillit til å få velje sjølv kva dei tenker elevane vil ha glede av å lese.
Leselyst kan vere ein smittsam diagnose.
Eg har reist ein del med Den kulturelle skulesekken i år. Sjølv i den skumle ungdomsskulen opplever eg at det skjer noko med elevane når eg les. Etter siste dag på ein lang turné på Innlandet, skulle eg skunde meg til bilen for å rekke gjennom Oslo før fredagskøa, men blei stoppa av ein kar på fjorten som stod aleine i gangen. «Eg har aldri lese ei bok», sa han, «men kor kan eg få tak i denne?» Eit stort kompliment, og ei styrking av håpet.

Vi vaksne må også lese. Vi kan ikkje vente at barn og unge les, om vi ikkje gjer det. Dei må sjå oss meir med bok i handa enn mobilen. Leselyst kan vere ein smittsam diagnose.
Men du; ikkje kast ut PlayStation-en til arvingen, sjølv om finske tante Sofie sa det. Den er eit fint tillegg. Kva var ein oppvekst på 90-talet utan den grå Nintendo-boksen? Ein skapar ikkje leseglede gjennom tvang.
Det magiske eg opplevde under Ord i Grenseland gav meg håp. Fantasien finst framleis i barna våre, det same gjer gleda ved å høyre gode forteljingar og å skape sine eigne. Vi må berre hindre dei apokalyptiske tech-gigantane i å ta fantasien og gleda frå dei.
Slik kan vi skape framtidige samfunnsborgarar, som ikkje er amøbar, men gode, fleircella leseorganismar.


Kommentarer