FOTO: Marika Lüders / Flickr CC

Ikkje bygg i Oslomarka!

Det blir dyrare og dyrare for folk flest å bu i Oslo. Det er ikke markas skyld, men innretninga på bustadmarknaden.  

Oslo har blitt ein veldig dyr by å bu i. Hovudstaden veks og prisane går i taket. Fleire vil bu i Oslo.  

Min kollega Henrik Dypvik Myklebust skreiv nyleg eit innlegg om dette og føreslo det som kan verke som ei enkel løysing – å bygge i marka. Diverre er det vanskeleg å gå med på premissa for, og argumentasjonen i, innlegget. Dette innlegget har ikkje plass til å svare ut alle, men her er svar til nokre av hans poeng: 

 

Kompakte byar er betre byar å leve i 

Byar som gradvis eser ut, utan ein plan for korleis den kan vakse smart, blir fort bilbaserte og dårlege å bu i. Markagrensa får oss til å lage kompakt by, der effektiv kollektivtransport er mogleg å planlegge. Leilegheiter er meir energieffektive enn hus fordi dei deler gulv, veggar og tak med andre. Og i tillegg bruker dei mindre areal. Det er ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom kor stort areal ein bruker i ein by og kor lett det er å få råd til bustad der.

Areala innafor markagrensa er ofte ikkje tett på kollektivknutepunkt, derimot må mykje av transporten basere seg på bilkøyring.

Byplanleggingsforskaren Alain Bertraud har laga eit berømt eksempel på korleis ein kan velje byspreiing eller konsentrasjon. Dei konsentrerte byane reduserer transportkostnadene sine fordi dei legg til rette for gange, sykkel og kollektivtransport. I 1990 hadde den spanske byen Barcelona og den amerikanske byen Atlanta begge om lag same innbyggartal på 2,5 millionar innbyggarar. Men Atlanta hadde eit utbygd område på 4280 km2, mot Barcelonas 162 km2. Det gjorde Barcelona til ein by der langt fleire av transportetappane kan bli tatt ved kollektivtransport, sykling eller gåing.  

 

Pendlaravstand er viktig, men den blir ikkje nødvendigvis kortare frå ein bustad i marka.   

Mange av jobbane ligg i byen. Det skal kunne vere enkelt å kome seg til jobb, og då er pendlaravstand viktig. Toget frå Lillestrøm til Oslo tar 13 minutt. Til samanlikning bruker ein 36 minutt for å kome seg frå Sørkedalen til byen. Areala innafor markagrensa er ofte ikkje tett på kollektivknutepunkt, derimot må mykje av transporten basere seg på bilkøyring. Det gir ein upraktisk by.  

 

Det er ikkje berre å ta litt av marka, med argumentet at det er så mykje av den  

I miljøkrisene si tid bør ikkje menneska bli lurt til å tru at areal er ein uendeleg ressurs. At ein bygger ned naturen bit for bit har vore historia om korleis menneska har redusert naturmangfaldet på jorda dramatisk. Og også Oslomarka har verdifull våtmark, skog og myr. Særleg gamalskogen av gamle gran- og furutre er verdifull, men også verdifulle område av løvskog.

Ein bygger ned bit for bit og mistar blikket for heilskapen.

Både i møte med klimaendringane og redusert biologisk mangfald er naturvern viktig. Å berre «ta litt» er klassisk for ideologien som rår når natur blir bygd ned i massivt omfang. Ein bygger ned bit for bit og mistar blikket for heilskapen. Difor må me tenkje annleis og seie at ei grense er ei grense, vern er vern.  

Derimot kan me heller seie at Oslomarka er verdifull nettopp fordi ho er stor – det er eit stort stykke natur som me har klart å ta vare på. Det ville vore veldig dumt å slutte med det no, når behovet for å ta vare på naturen er større enn nokon gong.  

 

Bustadane i Oslo er ikkje dyre fordi det er mangel på tomter  

Det er mangel på bustadar, men er det mangel på areal som ville egne seg for utbygging? Nei. Det er byggeklare tomter som står på vent fordi de i dag ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamme. Det er ikkje minst på grunn av ei kraftig auke i byggekostnader. Det problemet vil ikkje forsvinne ved å grave fram fleire tomter i marka.  

 

Marka er ein tumleplass for fellesskapet 

Marka speler også ei viktig rolle i dyrtida me står i no. Marka er gratis, med hundrevis av kilometer med skiløyper, turstier, fiskevann og teltplasser som står opne døgnet rundt, for alle. Og den er tilgjengeleg med kollektivtrafikk, sykkel eller gåing. Det gjer byen betre.  

Då markalova kom, viste regjeringa til at 1,2 millionar menneske har marka som sitt nærmaste største turområde, og at 75 prosent av desse bruker marka jamleg.

Ein politikk for en rettferdig by bør difor bygge på å halde på marka som grønt, tilgjengeleg turområde for alle.   

Forsking på folkehelse viser at naturområda rundt oss betyr mykje for helsa vår. Men den viser også at friluftsliv har ei spesiell rolle i å utjamne sosiale helseforskjellar. Me veit at dei med høgast utdaning og høgast inntekt er meir fysisk aktive enn andre, men friluftsliv skil seg ut ved at det er mye jamnare fordelt i alle sosiale sjikt. Ein politikk for en rettferdig by bør difor bygge på å halde på marka som grønt, tilgjengeleg turområde for alle.   

Dei aukande sosiale forskjellane i hovudstaden må møtast med andre tiltak, tiltak som vil virke betre. Myklebust har rett i at det blir dyrare og dyrare for folk flest å bu i Oslo. Mellom 2003 og 2019 var bustadprisveksten tre gongar så stor som lønnsveksten i Oslo. Det er ikke markas skyld. Det er innretninga på bustadmarknaden.  

Me har ein bustadpolitikk som gjer at det lønner seg for alle som er på innsida, men som er vanskeleg å kome inn i. Fleire luftige kvartal i vakker stil der marka ligg no, som Myklebust føreslår, vil ikkje bøte på det. Rådgivarar i Tankesmien Agenda har tidlegare føreslått endra bustadskatt, innføring av ein tredje boligsektor og nytenking rundt utbygging i pressområde som moglege grep. Eg har langt meir tru på det enn å gjøre marka om til utbyggingsfelt for bustadar.