FOTO: Saikiran Kesari/Unsplash

Klimapolitikkens paradoks

Den same utviklinga som har bidradd til den globale oppvarminga, klimaendringane og auka talet på ekstreme naturhendingar, har samtidig gjort det lettare for samfunnet å handtere slike ekstreme hendingar.

Media fortel oss nesten kvar einaste dag at klimaendringane fører til meir ekstremvêr, flaum, tørke, stormar, ras og skogbrannar. Dette blir stort sett tatt for gitt, og FNs kontor for katastrofereduksjon melde nyleg at talet på naturkatastrofar har blitt nesten dobla dei siste 20 åra.

I ei tid da det er kriser og katastrofar som står i sentrum, og som får dei største overskriftene, har dette fått langt mindre merksemd.

Dette året har varmebølge i India og flaumkatastrofe i Pakistan skapt store overskrifter, og klimaendringane blir haldne fram som den viktigaste forklaringa. I Bistandsaktuelt nyleg gir FN-sjefen, António Guterres, klimaendringane skulda for flaumkatastrofen i Pakistan, og kallar den resultatet av ein monsun på stereoidar. Det har blitt gjort berekningar som hevda at klimaendringane har gjort varmebølger i Asia 30 gonger meir sannsynlege.[1]

Ifølgje FN skjer naturkatastrofar nå tre gonger så ofte som i 1970- 0g 1980-åra.[2] Diagrammet nedafor[3] viser ei tydeleg utvikling, men at det etter ca. 2000 likevel har skjedd ei utflating. Trass i den nemnde FN-rapporten, kan det såleis likevel vere grunn til å problematisere påstanden om at det faktisk har skjedd ei dobling i talet på naturkatastrofar dei siste 20 åra.

I eit innlegg i Nationen nyleg, viste ei rekke norske samfunnstoppar for etatar som har å gjere med mat, helse og samfunnstryggleik, til at det vi har vore vitne til dette året, er «…. ekstrem tørke og flom i en skala vi aldri har sett i moderne tid».[4]

Nå spørst det rett nok kva ein meiner med «moderne tid», men dersom vi ser tilbake på dei siste hundre åra, så ser vi ei tydeleg utvikling som heller ikkje kan diskuterast: Samtidig som det er ei utbreidd oppfatning at det er blitt fleire naturkatastrofar, har talet på omkomne i slike katastrofar gått jamt og trutt ned dei siste hundre åra, slik ein ser i diagrammet nedafor, henta fra nettstaden Our World in Data.

I ei tid da det er kriser og katastrofar som står i sentrum, og som får dei største overskriftene, har dette fått langt mindre merksemd. Dersom derimot denne utviklinga hadde fått den plassen den retteleg fortener i klimadiskusjonen, hadde kanskje fokuset flytta seg fra eit uoppnåeleg og symbolpolitisk mål om å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, til ein meir fruktbar diskusjon om vilkåra for å kombinere klimapolitikk med ein politikk for utvikling i fattige land.

Dette er sjølvsagt mange, og dei materielle øydeleggingane er også store, men samanlikna med tidlegare katastrofar i «moderne tid», er det overraskande låge tal.

Eit raskt blikk på diagrammet viser nemleg at det ikkje er tale om ein svak trend. Det er ei dramatisk utvikling fra over ein halv million døde i naturkatastrofar i gjennomsnitt per år i 1920-åra til nokre titals tusen fra 1970-åra og fram til i dag. Etter 2000 er det heller ikkje lenger klimarelaterte hendingar, som stormar, flaumar og tørke som er ansvarleg for dei største dødstala, det er jordskjelv.

I 2020 blei det registrert 15071 døde i naturkatastrofar i heile verda, ifølgje «Our World in Data». I det ekstreme året 1927 var dette talet 3,72 millionar. Meir nærliggande (men vel i moderne tid?) var det registrert 2,01 millionar døde i 1959 og 1,56 millionar i 1963. Gjennom heile 1900-talet førte hungersnød på grunn av m.a. tørke i India og Kina til milliontals døde. Så langt har verken India eller Kina opplevd hungersnød på fleire ti-år.

Det er kanskje framleis uklart kor mange som mista livet på grunn av flaumkatastrofen i Pakistan, men dei beste anslaga så langt tyder på tal i underkant av 2000.[5] Dette er sjølvsagt mange, og dei materielle øydeleggingane er også store, men samanlikna med tidlegare katastrofar i «moderne tid», er det overraskande låge tal.

Så kan ein i tillegg undre på kor mange av desse dødsfalla som kan tilskrivast klimaendringane.

Det er heller ikkje lenger sidan enn tilbake til 2020 at flaum over store delar av Sør-Asia kravde over 6000 liv, men samanlikna med tidlegare katastrofar er også det låge tal. India og Pakistan var tidlegare i 2022 også utsett for ei ekstrem varmebølgje med temperaturar som kunne komme opp mot 50 grader. Her går rapportane ut på at varmen kravde 90 dødsfall.[6]

Meir generelt viser tal for India at mens talet på varmebølgjer har gått opp, har samtidig talet på omkomne i varmebølgjer gått jamt ned.[7]

Så kan ein i tillegg undre på kor mange av desse dødsfalla som kan tilskrivast klimaendringane. Varmebølgjer og flaumar eg langt fra noko nytt på det asiatiske kontinentet, som vi har sett. Men vi må truleg rekne med at dei kjem oftare og blir meir dramatiske på grunn av klimaendringane. Såleis er det rekna ut at årets varmebølgje i India gjorde ekstremvarmen ei grad Celsius varmare enn den elles ville blitt.[8]

Dersom vi held oss til dei siste 40 åra, fra 1980, har talet på døde på grunn av naturkatastrofar gått ned med 85 prosent, inkludert 52 prosent for flaumar, 55 prosent for varmebølger og 87 prosent for stormar.[9]

Dette er dei som først og fremst blir ramma av tørke, flaum og andre naturkatastrofar.

Vi har altså å gjere med to historiske utviklingstrekk som kan stå fram som eit paradoks: Talet på naturkatastrofar har gått opp på grunn av klimaendringane, og klimaendringane kan hevdast å gjere mange naturkatastrofar meir dramatiske enn dei elles ville blitt. På den andre sida, og sjølv om vi problematiserer auken i talet på naturkatastrofar, har talet på omkomne i naturkatastrofar gått dramatisk ned gjennom det siste hundreåret. Dette er trass i det faktum at folketalet på jorda i den same perioden har gått opp fra under to milliardar til åtte milliardar i dag.

Forklaringa ligg først og fremst i den økonomiske utviklinga og den økonomiske veksten i verda gjennom dette hundreåret, og først og fremst dei siste 50 – 60 åra. Denne veksten har betydd utvikling av samfunnsmessig infrastruktur, teknologi og kapasitet til å handtere naturkatastrofar som gjer samfunna langt mindre sårbare enn tidlegare.

Auka levestandard, betre og meir robust infrastruktur med flaumforebygging, meir solide bygningar, meir tørkeresistente vekstar og kapasitet til å møte tørke og andre katastrofar med hjelpetiltak, er alt saman viktig for å forstå det tilsynelatande paradokset vi er vitne til. Denne utviklinga har samtidig løfta mange 100-tals millionar menneske i dei fattige delane av verda ut av ekstrem fattigdom.[10]

Dette er dei som først og fremst blir ramma av tørke, flaum og andre naturkatastrofar. Følgjeleg er det verdas fattigaste som først og fremst har tent på den globale økonomiske veksten som verda har vore gjennom dei siste 50-60 åra, og som har gjort også dei fattige delane av verda mindre sårbare for naturkatastrofar.

Verda er blitt rikare, og det er rett at rikdommen og det auka forbruket som ligg bak menneskeskapte utslepp også grip inn i naturen.

I november møttest verdas leiarar i Egypt på det 27. COP-møtet for å følgje opp den globale klimaavtalen. Her var fokuset nok ein gong på å halde den globale temperaturauken under 1,5 grader. Det målet er likevel fjernare enn nokon gong. Det andre store temaet på møtet var opprettinga av eit fond for kompensasjon til fattige land for tap og skadar på grunn av klimaendringar.

Det at møtet kom fram til semje om eit slikt fond, blir halde fram som ein viktig siger for dei fattigaste og mest utsette landa. Det er rett, sjølv om det er uklart korleis fondet vil komme til å fungere. Likevel reflekterer debatten eit noko einøygd syn på klimatilpassing. I språket til Klimakonvensjonen blir klimatilpassing definert snevert, som tilpassing av samfunnet på grunn av skader som følgje av menneskeskapte klimaendringar. Fattige land, som i liten grad har bidradd til den globale oppvarminga, skal få hjelp til å møte klimaendringane og reparere skadane.

I denne forståinga blir det ikkje skilt mellom tilpassing til klima og tilpassing til menneskeskapte klimaendringar. I klimadebatten blir økonomisk vekst gjerne halde fram som forklaringa bak klimaendringane. Det er rett, og det heng saman med at den økonomiske veksten i global forstand har vore basert på karbonbasert energi, først og fremst kol og olje. Men den økonomiske veksten har også betydd omfattande klimatilpassing, slik eg gjorde greie for ovafor.

Høgrøysta klimaaktivistar peikar på økonomisk vekst som den store klimatrusselen og forlangar reduksjon i veksten og helst nedvekst som klimatiltak.

Verda er blitt rikare, og det er rett at rikdommen og det auka forbruket som ligg bak menneskeskapte utslepp også grip inn i naturen.

Men svært mange av desse naturinngrepa verkar samtidig til at samfunnet på ein heilt anna måte enn i førindustrielle og meir tradisjonelle samfunn har skaffa seg kontroll over naturen, og dermed også kontroll med dei skadane naturen kan påføre sårbare samfunn. Det gjeld så som regulering av vassdrag, bygging av irrigasjonsanlegg, utbygging av vegsystem og andre kommunikasjonsmiddel som lettar transport av mat, og får raskare fram hjelp til samfunn som er utsette for naturkatastrofar.

Flytrafikken blir gjerne halden fram som ein klimaversting, men moderne flytrafikk er avgjerande for å få fram rask og effektiv hjelp til katastrofeområde. Like eins er det faktum at vi i dag lever i ei verd som på grunn av den økonomiske veksten dei siste ti-åra har skapt rikdom også har auka global økonomisk kapasitet til å setje inn internasjonal hjelpeinnsats for å dempe alt fra svoltkatastrofar til tørke- og flaumkatastrofar.

Men dette er eit perspektiv som er totalt fråverande på COP-møta.

Vi står med andre ord overfor eit interessant paradoks: Den same utviklinga som har bidradd til den globale oppvarminga, klimaendringane og som kan ha auka talet på ekstreme naturhendingar, har samtidig gjort det lettare for samfunnet å handtere slike ekstreme hendingar.

Høgrøysta klimaaktivistar peikar på økonomisk vekst som den store klimatrusselen og forlangar reduksjon i veksten og helst nedvekst som klimatiltak. Dei er ikkje i stand til å sjå at det er den økonomiske veksten dei siste ti-åra som har betydd mest for å beskytte samfunna mot naturens ustyrlege krefter og øydeleggingar. Krav om utsleppskutt som hindrar fattige land i å skape vekst og utvikling overser at økonomisk vekst er eit vilkår for klimatilpassing, først og fremst i fattige land.

På kort sikt vil dette framleis krevje auka bruk av karbonbasert energi, mellom anna kol. Det viktigaste rike land kan gjere, er å intensivere utviklinga av utsleppsfri energi, først og fremst nye former for kjernekraft, i eit omfang og til ein pris som på sikt vil fase ut kol og olje, utan å undergrave velferd og økonomisk utvikling, og i alle fall ikkje i dei fattigare delar av verda.

Dette har da også blitt lagt merke til av fattige land.

Men dette er eit perspektiv som er totalt fråverande på COP-møta. Det er tvert om interessant å vere vitne til korleis den tyske miljøministeren i sluttapellen sin til COP-møtet i Egypt beklaga seg over at ikkje landa hadde komme fram til meir bindande krav om utsleppsreduksjonar. Samtidig ser Tyskland seg «nøydd til» å rive delar av ein vindpark for å få utvide ei brunkolgruve, etter som energikrisa truar den tyske økonomien.

Dette har da også blitt lagt merke til av fattige land. Såleis har Ugandas president Yoweri Museveni peika på dobbeltmoralen i at Uganda har blitt kritisert for å ville utvikle sine oljeressursarar for å skape økonomisk utvikling, samtidig som Tyskland riv vindturbinar for å utvinne kol og redde sin økonomi.[11]

Den amerikanske statsvitaren og klimaforskaren Roger Pielke Jr. har formulert det han har kalla klimapolitikkens jarnlov: «Når politikk fokusert på økonomisk vekst kjem i konflikt med politikk fokusert på utsleppsreduksjonar, vil økonomisk vekst vinne kvar einaste gong».[12]

Dersom klimaaktivistar og politikarar hadde tatt inn over seg alvoret i denne klimapolitikkens jarnlov, ville COP-møta for lengst begynt å leite etter måtar å møte klimaproblemet på som ikkje truar den økonomiske veksten verken i den rike eller den fattige verda. Nøkkelen vil då måtte vere energiomstilling: utvikling av store mengder  utsleppsfri energi som kan erstatte kol og andre karbonbaserte energiformer, og til prisar som kan konkurrere med olje og kol.

 

Kilder: 

[1] https://www.nature.com/articles/d41586-022-01444-1

[2] https://news.un.org/en/story/2021/03/1087702

[3] https://www.visionofhumanity.org/global-number-of-natural-disasters-increases-ten-times/

[4] Nationen 15.11.2022.

[5] https://cms.ndma.gov.pk/storage/app/public/situation-reports/November2022/N2n1eEarMt6q6Rb8ZYwn.pdf

[6] https://www.cbsnews.com/amp/news/india-heat-wave-pakistan-climate-change-snapshot/#app

[7] https://economictimes.indiatimes.com/news/india/heatwaves-increasing-in-india-but-related-deaths-fall/articleshow/93320761.cms

[8] https://foreignpolicy.com/2022/11/06/climate-cop27-emissions-adaptation-development-energy-africa-developing-countries-global-south/

[9] https://foreignpolicy.com/2022/11/06/climate-cop27-emissions-adaptation-development-energy-africa-developing-countries-global-south/

[10] Hans Rosling, Ola Rosling, og Anna Rosling Rönnlund, Factfulness: ten reasons we’re wrong about the world–and why things are better than you think, First edition (New York: Flatiron Books, 2018).

[11] https://www.nrk.no/urix/uganda-angriper-vesten-for-dobbeltmoral-1.16178544

[12] Roger A Pielke, The Climate Fix What Scientists and Politicians Won’t Tell You about Global Warming (New York: Basic Books, 2010), s. 46,