FOTO: Nayeli Dalton / Unsplash

Me er ikkje gode nok til å vise at alle er like mykje verdt

Samfunnet er framleis diverre slik at ein oppretthaldar eit skilje mellom menneske – eit «oss» og «dei andre».

Eit døme på dette skjljet er forslaget om lågare løn til graderte uføre enn vanlege lønsmottakarar. FriFagbevegelse har omtala forslaget frå eit ekspertutval om at dei som går på gradert uførestønad skal få mindre i løn enn andre arbeidstakarar. Ifylgje SSB sine tal frå 2020 er det 27 868 som har ei uføregrad på 0-50 prosent og 33 984 med ei uføregrad på 51-99 prosent. Ei gjennomsnittsinntekt etter skatt for alle uføre ligg ifylgje SSB på 285 200 kroner. Desse tala er og frå 2019.

Mange av oss lev med det presset frå samfunnet om å jobba, om å «stå i det», ta det du får.

Ein ser den same uretten i idrett, der parautøvarar mottek ostar i premie, eller vert bortgøymd og gjeve premiar av lågare verdi i bordtennis.

Ein ser det i kommentarfelta under artiklar der personar utan nedsett funksjonsevne har funne kjærleiken med personar med nedsett funksjonsevne. Nokre gonger har media måtte stengje kommentarfelta. Det må ei lang samfunnsendring over tid til for få det til å snu.

Av og til skuldar eg på meg sjølv at det er ikkje rart at det er slik. Eg har nedsett funksjonsevne sjølv. Av og til tenkjer eg om eg berre hadde prøvd litt hardare for å jobba. Om eg hadde pressa meg. Men diverre det funkar ikkje slik. Eg har ein form som svingar. Ein sommarkropp og ein tverr vinterkropp. Mange av oss lev med det presset frå samfunnet om å jobba, om å «stå i det», ta det du får.

For dei er eg berre «mamma», men for deg er eg «ho pleietrengande i rullestol».

Men det betyr ikkje at det er rett. «Yt etter evne og få etter behov» er nok ei av dei finaste linjene eg veit. Dei fleste vil vera aktive borgarar og bidra i samfunnet. Då må samfunnet behandla alle likt. Mine barn har ei vintermamma som er litt sliten og orker mindre og ei sommarmamma som klarar meir og er meir ute. For dei er eg berre «mamma», men for deg er eg «ho pleietrengande i rullestol». Eg likar aller best å berre skli inn i mengden. Gå på konsert, vera mamma, og kjenne vårsola i ansiktet.

Dei fysiske barrierane i samfunnet er håndfaste. Trappa, dørstokken. Men dei usynlege barrierane er fråveret av skodespelarar i rullestol, og i arbeidslivet. Dei strukturelle haldningane som er grodd inn i samfunnet. Der må kvar og ein gjera ein innsats. Idretten og staten må gå framføre og visa veg. Menneskerettane til folk med nedsett funksjonsevne må inn i norsk lov. Me må gje alle lik rett til jobb og utdanning. Sikkerheitsnettet må vera der om du treng det, og du må få den hjelpa du har krav på.