FOTO: AP/NTB Scanpix

Miljøpolitikkens framtid: Fire teser og to spørsmål

I det slitne forhandlarar og desillusjonerte aktivistar vender heim frå det 25. klimatoppmøtet i Madrid, er det vanskeleg å vere optimist. Like fullt – eg trur vi akkurat no står midt i starten på snuoperasjonen.

I det slitne forhandlarar og desillusjonerte aktivistar vender heim frå det 25. klimatoppmøtet i Madrid, er det vanskeleg å vere optimist. Sjølv om fleire viktige saker fekk si løysing, mellom anna med norske bidrag, er det lite som tydar på det løftet i ambisjonsnivå og forpliktande oppfølging som trengst for å nærme oss Paris-avtalens mål om ei global oppvarming godt under 2 grader, med eit mål om nå 1.5 grader. Andre globale miljøprosessar, som forhandlingane om ein global naturavtale og arbeidet for ein plastavtale, går også for seint. Artsmangfaldet går ned i raskt tempo, plastmengda i havet stig og klimagassutsleppa er relativt flate – ikkje på veg rett ned.

Like fullt – eg trur vi akkurat no står midt i starten på snuoperasjonen. Mentalitetsendringa kjem med at dei fysiske endringane blir synlege, konsekvensane meir alvorlege, utbetalingane frå forsikringsselskapa større, bankane meir bekymra – og det menneskelege engasjement stig rett til himmels. I alle fall i det vi før kalla den vestlege verda.

Kvifor trur eg det? Magekjensle. Eg kjenner det på gikta. Og meiner det går an å lese eit bilete av endring rundt oss. Men kva skjer, og korleis spelar det ut?

Eg veit ikkje kor klimavitskapen, miljøpolitikken eller naturen sjølv beveger seg. Ingen veit det.

Det er enklare å spå om fortida enn framtida, sa ein klok historikar eg kjenner for mange år sidan. Han la så til at det er vanskeleg nok å spå om fortida. Korleis vi oppfattar historia er stendig i endring. Han hadde rett i begge delar. Eg held likefullt fast ved at det er viktig å analysere utviklingstrekk som kan hjelpe ein å forstå kva som ventar oss framtida. Eller å spå, om du vil. Men årsaka til at det er viktig er ikkje å få rett, men å vite meir om korleis ein skal manøvrere mot måla sine.

Eg veit ikkje kor klimavitskapen, miljøpolitikken eller naturen sjølv beveger seg. Ingen veit det. Men med brukbar innsikt i det faglege grunnlaget, bakgrunn frå nasjonal og internasjonal politikk, ei nyerverva innsikt i korleis næringslivet tenkjer og erfaring med kor raskt ting beveger seg i opinion og media, vågar eg meg på nokre analysar. Eller spådomar, om du vil ha reine ord for pengane.

Først, og viktigast

 

Tese 1: Økologi er det nye økonomi

Eg trur økologi vil bli like dominerande for vår måte å tenke på og organisere oss, som økonomi var i det 20. hundreåret. Den dominerande tankemåten, grunnlaget for alt.

Vi har allereie fått klimabudsjett, slik enkelte kommunar har, og prising av miljøproblem er utbreidd. Vi har fått dei første kommunane som snakkar om arealnøytralitet. Vi målar kloden sitt overforbruk av ressursar, kan vi føre rekneskap med det slik svenskane har starta med? Vil vi greie ut dei økologiske konsekvensane av alle vedtak, slik vi greiar ut dei økonomiske konsekvensane?

Som fagdisiplin spelte økonomien den avgjerande rolla for dei store samfunnsbyggande prosjekta i det 20. hundreåret. I den omfattande samfunnsplanlegginga, og i den like omfattande oppbygginga av fungerande marknadar, samt mangedobling av handelen. Det var avgjerande for ein fantastisk økonomisk framgang – og like stor miljøproblem.

Det som skapar endring, er at det brått vekker eit enormt engasjement og blir ei dominerande politisk sak.

Det er nett dette som er i ferd med å snu utfordringsbiletet så fundamentalt. Naturen er det mest grunnleggande for menneskeleg aktivitet. Vi er avhengig av den for mat, reint vatn, medisinar, klede og energi – ja alt. Vår tids største utfordring er ei fundamental omlegging av økonomien i berekraftig retning. Som økonomien går miljøspørsmål inn i alle avgjerder. Klimapolitikk er avhengig av endring i alle sektorarar, slik budsjettdisiplin krevst i alle sektorar. Samstundes endrar miljøproblema spelereglane, det er ei ny ramme for alt.

Dette har vitskapen visst ei stund. Det som skapar endring, er at det brått vekker eit enormt engasjement og blir ei dominerande politisk sak.

 

Tese 2: Plante-basert er det nye lavkarbo

Bak den dominerande posisjonen klima og miljø tek for folk flest, ligg også mi neste tese: Det vil trenge inn i dagleglivet for fullt. Vi ser allereie tendensane til det: Mange menneske unngår eingongsplast i til dømes plastposar, og 100.000 menneske rydda plast på strendene våre i vår. Forbod mot miljøgifter som fluor vert utløyst av konkrete historier om skadane det kan føre til. Bilen, så sentral i dagleglivet for mange, er allereie blitt ei stor miljøsak. Vegvala i energipolitikken har vist seg å angå mange rundt om i landet

Eg trur arealbruk står for tur, og det betyr at mat- og landbrukspolitikk vil bli heilt sentral. I den norske klimapolitikken kan ein lett få inntrykk av at klima = energi. Det er feil. Energi er viktigast, men utslepp frå bruk av areal er nest viktigast. Kanskje så mykje som 1/3 av klimaløysinga ligg i å ta vare på meir natur. Alle FNs klimapanel sine scenarier for å kome under to graders oppvarming inneheld ei omfattande omlegging av matsystema, ikkje berre energibruken. For å redusere tap av naturmangfald er det den viktigaste løysinga. Ein million artar står i fare  for å bli utrydda.

Det blir sikkert fleire vegetarianarar, men viktigast er at vi alle blir fleksitarianarar.

Vi menneske bur på om lag 1% av verdas landareal, men vi har teke i bruk over 70% til landbruk og infrastruktur. Gjennom det har vi også starta utrydding av artar i eit hittil ukjent tempo, og bygd ned viktige karbonlager i skog og jord. Industrialisert landbruk, og produkt som storfe, soya og palmeolje er den viktigaste drivaren. Det siste året har dette fått kraftig auka merksemd med FNs klimapanel sin spesialrapport om landområde og FNs naturpanel sin hovudrapport. Det har også sett maten i sentrum for miljødebatten.

For mat er den store drivaren. Kjøtt, særleg storfekjøtt, men også soya (som vert brukt til for) og andre landbruksprodukt. Kosthald, handel, distribusjon og produksjon – alt heng saman i eit stort system som har avgjerande tyding for kloden. Og for helsa vår. Det blir sikkert fleire vegetarianarar, men viktigast er at vi alle blir fleksitarianarar – at vi må tilpasse kosthaldet på mange ulike vis til det naturen tåler.

Mat rører ved kultur, tradisjon og identitet. Det kan bli konfliktfylt. Men korleis vil det spele ut?

 

Tese 3: Det blir langt meir polarisert og konfliktfylt

Når mat, som bil, vindkraft og ulv blir ei stor miljøsak, kan det fort auke polariseringa. Dessverre, eller heldigvis. Dessverre fordi polarisering og kulturkamp er det siste vi treng. Heldigvis, fordi det er for viktig til å drukne i kvelande semje. Kvifor vil det gje ei så sterk konflikt:

  • Eg var inne på det første, fordi det endrar vanar og tradisjonar, det blir identitet. Identitet kan vere knytt til ein næringsveg (som gardsdrift eller sauehald), ein jaktkultur, det lokale turterrenget, julematen – og store abstrakte konsept som religion eller nasjon. Det har alle ingrediensar for å bli del av eit narrativ om korleis eliten av ekspertar grip inn i folks liv, eller i våre tradisjonelle fellesskap.
  • Men også fordi klima er eit økonomisk og sosialt spørsmål, på to vis:

1) Mange av dei mest effektive tiltaka i miljøpolitikken kan verke usosialt. Prising av karbon er ålment akseptert som det mest effektive verkemiddelet mot klimagassutslepp. Sidan utslepp er så inkorporert i heile økonomien, betyr det også at mange daglegdagse aktivitetar vert avgiftsbelagt. Vi blir alle ramma, og fordelingseffekten kan vere dårleg.

2) Samstundes vil effekten av klimapolitikk, skiftet frå fossil energi og arealkrevjande landbruk, ramme breie grupper arbeidstakarar. I Noreg vil det først og fremst gjelde tilsette i og rundt oljenæringa. Sjølv om Noreg er eit land som er godt førebudd for omstilling, vil det krevje mykje og vere sosialt utfordrande.

 

Spørsmål 1: Kan klimaengasjement binde oss saman i ei ny internasjonalisme?

Klimakrisa er kanskje den einaste genuint globale saka som finst. Sjølv om vi er avhengig av kva som skjer i verda rundt oss, kan vi i alle andre spørsmål gjere ein del sjølv for å påverke vår eigen situasjon. Er skule eller helsevesenet for dårleg? Vi kan gjere noko med det, sjølv om andre land ikkje gjer det. Er vi bekymra for eit militært angrep? Det hjelper å styrke forsvaret, sjølv om vi må ha hjelp av andre. Til og med handelen kan vi styrke gjennom avtalar med enkeltland, sjølv om det globale handelssystemet ikkje fungerer.

Klimaet er derimot 100% globalt. Klimapolitikk hjelper BERRE dersom mange nok land, selskap og lokalsamfunn også stiller opp. Det har aldri eksistert eit tema som i så stor grad bind oss saman, på tvers av landegrenser. Men også på tvers av kultur og religion, eller klasseskilje; “There are no jobs on a dead planet”, som leiaren av det internasjonale LO Sharon Burrows har sagt.

Der vi står i dag, i desember 2019, er det lite som tydar på at vi skal sjå ein renessanse for internasjonalt samarbeid og brorskap. Men så var det lite som tyda på det motsette ved inngangen til 2010-talet.

Verdiendringa frå min generasjon til dei som er ungdom i dag er enorm.

Klimaet i internasjonal politikk kan endre seg raskt, og eg trur kombinasjonen av det store alvoret i klimatrusselen, dei konkrete og stadig meir synlege konsekvensane og det faktum at det krev samarbeid meir enn noko anna spørsmål, kan endre det. Etter at EU blei splitta av flyktningkrise, er det no ein European Green Deal som skal styrke fellesskapet og binde landa saman igjen. Der Europa og Kina er splitta om teknologi, tryggleik og menneskerettar, er samarbeidet om miljø og klima langt sterkare og betre.

Det er samstundes slåande kor sterkt generasjonsskiljet er i klimapolitikken, både heime og ute. Verdiendringa frå min generasjon til dei som er ungdom i dag er enorm. Skulestreikar kunne mobilisere millionar i ei titals land, og unge ser annleis på mange av dei sentrale klimapolitiske sakene. Kan det vere at vi ser starten av ei omfattande verdiendring mellom generasjonane? Og kan det bli ein pådrivar for ein ny internasjonalisme?

Om vi tek dette heim til Noreg, så kan også klima bli den dominerande ramma for norsk politikk det neste tiåret. I så fall er det eit felles nasjonalt prosjekt som peikar seg ut.

 

Spørsmål 2: Kan vi unngå ei varig norsk oljekrise?

Alle veit det skal skje. Eg snakkar om den store omstillinga frå ein oljeøkonomi til ein nullutslepps-økonomi. Den er «the talk of the town» i dei kretsane eg vankar, men den er definitivt ikkje the walk of the town. Førebels førebur vi oss ikkje på ordentleg. Tempoet i leiteboring stig, sjølv om vi finn mindre. Det gunstige skatteregimet for sektoren synes å stå sterkt, og den sterke oljenæringa har stor innverknad.

Mindre merksemd får det at Noregs eksportandel, altså vår del av total global eksport, har gått kraftig ned, og langt meir ned enn andre skandinaviske land. Oljeavhengigheita vart ei sovepute. I dag bidrar norsk gass til å erstatte kol i europeiske land, til dømes vår største gassmarknad Storbritannia. Men med EUs ambisiøse klimaplanar er det ikkje rom for mykje gass etter 2035. Og gjennomsnittleg tid frå vi gjer eit funn på norsk sokkel til det er sett i produksjon, er oppe i 16 år. Med andre ord risikerer vi no å leite etter gass som ikkje har ein marknad i framtida, fordi resten av Europa vil vidare til fornybar energi.

Langsiktigheit og endring er ikkje det enklaste i politikken for tida.

Kan vi endre det? Ja, det kan vi – på vårt beste. Og Noreg er ofte på vårt beste. Av alle oljeavhengige land i verda er truleg Noreg det som har best føresetnadar for ei stor omstilling.

Kan vi kome til å bli treft av ei slik krise likevel? Ja. Dersom klimapolitikken lukkast internasjonalt, og energiomstillinga blir rask, kan eit oljeprisfall kome raskt. Inntektene frå olje og gass er framleis viktige i budsjettet. Det krevst langsiktig tenking å kome vidare, og det krev omfattande endring. Langsiktigheit og endring er ikkje det enklaste i politikken for tida.

Dette er bakgrunnen for at WWF, saman med Civita og Norsk Klimastiftelse, har lansert ein klimaomstillings-kommisjon. Vi har bede to tidlegare statsrådar, saman med eit utval på 13 andre kloke menneske, sjå på akkurat dette: Gitt ein vellukka global klimapolitikk og rask energiomstilling, korleis kan Noreg omstille vår økonomi?

Det er eg ikkje sikker på. Men det neste er eg ganske trygg på.

 

Tese 4: Miljø blir dominerande. Truleg det mest dominerande.

Miljø var den neste viktigaste saka for veljarar i EU-valet, og den nye kommisjonen har det som ei kjerneoppgåve. Det var viktigaste sak i det danske valet, og Danmark har eit klimamål på 70% kutt til 2030. Målingane viser no at klima er blitt viktigaste sak også i Noreg. Det var ubetydeleg i valet i 2001, og har så stige til å bli dominerande som nest viktigaste sak ved stortingsvalet 2017. Og viktigast i år. Det vil gå i bølgjer, ting er ikkje rettlinja, men eg er sikker på at klima og miljø blir dominerande i norsk og internasjonal politikk dei neste tiåra.

Eg trur det blir fantastiske år for pådrivarpartia. Eg seier partia i fleirtal, for det er rom for mange miljøparti, nett slik det var meir enn eit «økonomi-parti» eller skuleparti. Eg trur det blir umogeleg å gjere det skikkeleg bra over tid for dei store partia, utan å ha ein god og gjennomarbeida miljøpolitikk, slik dei alltid har hatt ein gjennomarbeida økonomisk politikk.

Det kan godt vere at miljøpolitikk blir ei ny konfliktlinje, i tillegg til økonomi. Kanskje seier vi ein dag «It’s the climate, stupid» for å forklåre ein valsiger, slik «it’s the economy, stupid», forklarte Bill Clinton sin siger i 1992.