Når Are Søberg gong på gong gir inntrykk av at vi kan kutte masse i skatt utan konsekvensar for vanlege folk, fører han folk bak lyset.
Tirsdag 2. janui blei eg, og fleire andre, utfordra på Facebook av Are Søberg, kjent for sine følgjarar på Facebook som Sløseriombudsmannen, om kvifor det å kutte 30 milliardar i statsbudsjettet må bety kutt i velferd.
Bakteppet er at fleire av oss har skrive om at det er vanskeleg å sjå føre seg at det er mogleg å fjerne eller kutte stort i formuesskatten utan at det gir dårlegare velferdstenester. Sjølv brukte eg eksempelet med at kutt i denne skatten vil gi færre sjukepleiarar som eksempel på sannsynlege konsekvensar.
Det er ikkje sant.
Det burde ikkje være kontroversielt. Klart er det vanskelegare å finne pengar til å tilsette nye sjukepleiarar om du først må bruke mange titals milliardar på å skattekutt. Offentlege framskrivingar tilseier at vi vil trenge fleire fagfolk innan helse og omsorg framover. Korleis skal vi få nok folk i helsetenestene, om vi ikkje er viljuge til å bruke pengar på velferdsstaten?
Søberg meiner det finst ei lang rekke eksempel på andre tiltak det går an å kutte frå statsbudsjettet, utan at det gjer vondt. Han har for eksempel vist til kraftutbygging i Finnmark. Som min kollega Morgan Alangeh har vore inne på – dette er ei utbygging som blir finansiert over nettleia i nord, ikkje over statsbudsjettet. Så ein kan godt kutte dette tiltaket, med dei konsekvensane det har, men det gir ikkje meir handlingsrom over statsbudsjettet.
Det er fleire eksemplar på slike feil i Søberg sine eksempel. Sist i går viste han til eit lån Noreg skal gi til Brasil for å satse på bevaring av regnskog. Det er framleis uklårt om dette vil bli gjennomført, og tala er ikkje klare i revidert, så vi veit ikkje kor mykje ein kan spare på å kutte dette tiltaket, men det har vore snakk om eit lån på 3 milliardar i året. Søberg presenterer det som at dette utgjer 30 milliardar i året, og det er lett å då tenkje at eit kutt i dette tiltaket åleine kan vere nok til å kutte i formuesskatten. Det er ikkje sant.
Intensjonen bak å finne dårleg offentleg pengebruk er god.
Regnskogbevaring er eit av dei mest effektive klimatiltaka vi har. Skal vi kutte utslepp, er altså dette veldig lur pengebruk. Om Søberg meiner vi heller burde bruke pengar på andre tiltak for klimakutt, så får han gjerne måtte mene det. Om han er imot å redusere utslepp generelt, er det også en ærleg sak. For kva han meiner vi heller burde gjere med klimaet seier han lite om. Så er eg personleg veldig usikker på kor lur den lånemekanismen regjeringa her legg opp til er lur, men det er ei anna sak.
Hovudpoenget her er at Søberg igjen og igjen gir inntrykk av at vi kastar milliardar i året på tullete tiltak. Ettergår ein reknestykka, er det ofte snakk om mindre pengar, fordelt over fleire år. Og kostnadane ved ikkje å gjennomføre tiltaka han er imot, seier han ingenting om.
Intensjonen bak å finne dårleg offentleg pengebruk er god. Vi har ikkje råd til å bruke pengar på tull. Skattepengane våre må gå til det som gjer liva våre og samfunnet vårt betre – og personleg er eg også overbevist om at vi bør gi ei krone av kvar hundrelapp vi tener på å gjere verda rundt oss betre. Men pengane må til viktige tiltak, som eit fleirtal kan stille seg bak.
Når Søberg gong på gong gir inntrykk av at vi kan kutte masse i skatt utan konsekvensar for vanlege folk, fører han folk bak lyset.
Det som er paradokset i Søbergs prosjekt er at han framstår som han er på vanlege folks side.
Men det betyr ikkje at det ikkje er mogleg å bruke pengane betre enn i dag. Sjølv ville eg nok heller ha peika på andre kutt enn pengar til regnskog. Dei siste åra har vi for eksempel vent oss til ein vegstandard på motorvegar som er langt dyrare enn tidlegare praksis. Å gå ned litt i breidde, men halde seg til fagleg tilrådd standard, vil spare oss for mange milliardar i året.
Det som er paradokset i Søbergs prosjekt er at han framstår som han er på vanlege folks side – at vi skal få mest mogleg igjen for skattepengane våre. Men når han sjølv snakkar om skattereduksjon, viser han gjennomgåande til kutt i formuesskatten som det han vil gjennomføre.
Det er eit skattekutt som vi vanlege folk vil sjå lite til, men som vil få dei mest priviligerte til å fortsetje formuesveksten sin i høgare fart enn resten av oss. Det er grunn til å spørje om kutt i regnskogspengar, som gir meir farlege klimaendringar, flyktningar og flomskadar på hus og samfunn, for at dei rikaste kan kjøpe nok eit privatfly er det som vil gi oss eit betre samfunn på sikt.

Kommentarer