FOTO: SalFalko/Flickr cc

Ti minutter med strafferettsfilosofi

Det er grunn til å vere varsam for den som vil vere nytenkande i strafferetten.

Det styrka politiske engasjementet vi har sett i strafferetten dei siste tiåra, er ein god sak. Det gjev betre demokratisk forankring av strafferetten, som er ein bokstavleg tala, grunnleggande form for maktbruk i vårt samfunn og i vår rettsordning. Engasjementet utfordrar tradisjonen og leier til meir nytenking i faget.

Det siste par tiåra har vi likevel sett døme på at pendelen går for langt andre vegen. Svake og dårleg førebudde høyringsnotat om mellom anna terrorlovgjeving og skjerpa straff for fleire brotsverk, er tydelege døme på det. Strafferetten er òg eit komplekst regel- og kunnskapssystem, der det er grunn til ikkje å revoltere for mykje mot dei strukturane som ligg nedfelt i faget i handteringa av både sosiale problem og politiske konfrontasjonar.

Retten si historie er generelt ei historie om utvikling.

Det presset som ofte oppstår i den politiske dynamikken fører lett til løysingar som er fagleg sett vanskelege å forsvare – noko vår strenge narkotikalovgjeving kanskje er det tydelegaste døme på.

Vi må søke eit betre og meir balansert samspel mellom fag og politikk: Det politiske engasjementet og dei faglege strukturane bør foreinast i det vi kan kalle ei systematisk utvikling av strafferetten.

«Systematisk utvikling» kan seiast å ha to sider. På den eine sida, utvikling. Retten er ikkje eit statisk fenomen. Det er kort sagt uhaldbart å propagere for at vi skal halde oss til rettsreglane slik dei var til dømes anno 1902, eller 1978 for den del.  Den strafferettslege reguleringa av til dømes terrorisme frå dei tidene var ikkje tilpassa røyndomen i 2018.

Retten si historie er generelt ei historie om utvikling, om eit samspel mellom sosiale, verdimessige og rettslege endringar som stadig samverkar og gjensidig påverkar kvarandre. Behovet for rettsleg endring verkar det då òg vere brei semje om.

Det andre aspektet ved «systematisk utvikling» er nettopp det systematiske, at dei nye løysingane vert tilpassa det rettslege systemet som allereie eksisterer. Nytenking er eit gode, men nye reglar bør vere kompatible med dei strukturane som strafferetten bygger på – eit system av omgrep, prinsipp og reglar som det er krevjande, men essensielt å få grep om.

Endringa gjev reglar som betre passar inn i det eksisterande systemet.

Studenten som lukkast på studiet og som vert den gode juristen, viser typisk sett ikkje berre kunnskap om einskildreglar, men òg forståing for bakgrunnen for og samanhengen mellom slike reglar.

Forståinga for dette andre, systematiske aspektet av rettsutvikling er samstundes gjerne mindre intuitivt enn behovet for i seg sjølv å utvikle retten i lys av samfunnsendringar. Konfrontasjonane mellom politikk og fag i samanhengen, avspeglar gjerne det.

Fagperspektivet kan der verke konserverande, kanskje på eit frustrerande sett for den som vil vere handlekraftig. Ønsket om å kome til rette med valdtektsproblematikken har skapa politisk engasjement for ei «samtykke-lov», eit meir detaljert, fagleg perspektiv på den diskusjonen kan lett ta mykje av lufta ut av det.

nyhetsbrevet

Når faget verkar konserverande, er det likevel ikkje utan grunn: Dei strafferettslege reglane må kanskje endrast. Då er det lett å tenke at ein òg må bytte ut prinsippa bak dei eksisterande reglane. Det er likevel ei feilslutning: Rettsutvikling må snarare forståast som ein stadig fornya bruk av prinsippa i møte med nye sosiale kontekstar.

Konkret: Når det til dømes har vore grunn til å skjerpe straffene for visse brotsverk samanlikna med andre, endrar vi reglane, men ikkje det underliggande prinsippet om at straffa skal spegle alvoret i brotsverket. Det er snarare det prinsippet som gjer det velgrunna å gjere ei slik endring. Endringa gjev reglar som betre passar inn i det eksisterande systemet.

Òg god straffelovgjeving bør difor ta utgangspunkt i, fortolke og gjer bruk av dei grunnleggande prinsippa og systematikken i strafferetten. Her er nokre nærare, viktige og nært relaterte grunnar for kvifor rettsutviklaren bør vise respekt for systematikken i strafferetten.

Det første punktet er legitimitet. Strafferetten sitt system kan vi kalle «klassisk», men det har vore grunnlag for strafferetten òg i moderne tid. Systemet er særleg prega av prinsippet om at berre den som kunne og burde handla annleis skal haldast straffansvarleg, og då straffast i tråd med den skulda som er utvist (skuldprinsippet).

Dei grunnleggande strafferettslege prinsippa er forma nettopp for at strafferetten skal respektere og sikre denne fridomen til individet.

Til grunn for dette prinsippet ligg igjen førestillinga om det frie og ansvarlege individet, det same prinsippet som heile den demokratisk rettsstatlege ordninga byggjer på – med andre ord dei same tankane som gjev vår demokratiske ordning legitimitet, og politikarane deira mandat. Respekt for skuldprinsippet er dermed essensielt for å sikre at nye løysingar i strafferetten kan foreinast med grunntankane bak strafferetten og dei rettsstatlege førestillingane som dei spring ut av.

Det andre punktet er vern om individet. Legitimiteten i første punkt avspeglar seg i eit vern om den fridomen som kvar einskild deltakar har i vår politisk-rettslege ordning. Denne fridomspremissen er altså berande for konstitusjonen vår, menneskerettane og den demokratiske rettsstaten generelt.

Dei grunnleggande strafferettslege prinsippa er forma nettopp for at strafferetten skal respektere og sikre denne fridomen til individet. Ved å avgrense straffretten til klart klanderverdige handlingar, slik skuldprinsippet tilseier, legg vi til rette for individuell handlingsfridom i så stor utstrekning som er å foreine med andre sin tilsvarande fridom.

Det tredje punktet er rettstryggleik. Grunnleggande sett er den føregåande premissen eit basalt rettstryggleikskrav. Men det strafferettslege systemet er viktig òg for å sikre rettstryggleiken på meir konkret nivå. Forma som det er ut frå omsynet til individet sin fridom, har det bygd i seg visse essensielle fordringar på straffelovgjevinga. Grunnleggande er mellom anna krav til presise straffelover og maktfordeling mellom lovgjevar, domstolar og forvaltinga.

Alle desse grunnane vert svekka når systemet vert bygd på med løysingar som ikkje passar inn i systemet.

Sentrale strukturar i faget, til dømes skiljet mellom straffutmåling og straffgjennomføring, er forma ut frå og med omsyn til slike førestillingar. Det klassiske systemet har ikkje minst vore forma av dei mange historiske erfaringane vi har med politisk misbruk av strafferetten som har ramma einskildindivid.

Det fjerde punktet er funksjonaliteten i systemet, eller om ein vil, systemtryggleiken. Prinsippa og den grunnleggande strukturen er som nemnt essensielle for innlæring i systemet. I staden for ein brei kasuistikk av ulike løysingar, er ein systematisk, prinsippforma strafferett lettare å tileigne seg og lettare òg å følgje i praksis.

Når den grunnleggande rasjonaliteten som heile systemet byggjer på, avspeglar seg i dei konkrete løysingane, får ein lettare lik rettsbruk i systemet sine både geografisk og oppgåvemessige ulike institusjonar. Dermed bidrar ein systematisk strafferett til høgare kompetanse i systemet. Det er ikkje berre eit gode for individet, som då vert handsama likt med andre, men òg for systemet som eit heile: Løysingar som ikkje er tilpassa systemet fører lett til feil i rettsbruken, noko som er prosess-skapande og fordyrande.

Alle desse grunnane vert svekka når systemet vert bygd på med løysingar som ikkje passar inn i systemet. Det kan samstundes mange nye tilskot til strafferetten som nettopp i større eller mindre grad står seg svakt med det strafferettslege systemet. Utvida forsøksansvar for terrorhandlingar, regulering av «rettsuvitenhet», forvaringsstraff, føretaksstraff og ungdomsstraff er alle døme på nyvinningar som i støyping ikkje vart godt nok tilpassa det eksisterande systemet og strukturane i det.

Slik sett er det grunn til å vere varsam for den som vil vere nytenkande i strafferetten.

Problemet med dei nemnde løysingane er ikkje nødvendigvis dei grunnleggande måla som reguleringa siktar til å nå, men snarare at dei valde løysingane ikkje er godt nok tilpassa det meir grunnleggande systemet i strafferetten og tankane det byggjer på – med påfølgande problem. Dette er det samstundes ikkje berre det politisk engasjementet som er å laste for. Bakgrunnen er òg bidrag frå juristar utdanna i ein teorifattig, pragmatisk kunnskapskontekst.

Slik sett er det grunn til å vere varsam for den som vil vere nytenkande i strafferetten. Der er sjølvsagt alltid vanskeleg å balansere lovgjevar sitt mandat til å forme retten og respekt for berande normative strukturar i denne. Forenkla kan denne omsettast i ei spenning mellom rettspositivistiske og naturrettslege synsmåtar, slik ein kan lese av til dømes i utviklinga til den tyske strafferettstenkaren Gustav Radbruch, som eg òg har skatta på i tittelen her.

Same kvar ein står her i denne diskusjonen; ut i frå erkjenningane ovanfor, har ein i strafferetten god grunn til å søke eit særleg godt samspel mellom politikk og fag.

nyhetsbrevet